Kronikk

av cand. philol. Jardar Eggesbø Abrahamsen

«Me dregst no med eit samarbeidspålegg
som er meir til skade enn til bate eller
nytte for dei humanistiske fagmiljøa.»



Samarbeid med slagside

Kronikken i UD 9 er skrevet av cand. philol. Jardar Eggesbø Abrahamsen. Han er ansatt ved Lingvistisk Institutt ved HF-fakultetet og er nå aktuell med pamfletten Dødsmesse over Universitetet i Trondheim.

I mars 1995 vedtok Stortinget at Universitetet i Trondheim ikkje skulle finnast lenger. I staden skulle me få Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet med teknologi i høgsetet.

Dei humanistiske og samfunnsvitskaplege faga skulle få lov til å eksistera, men då skulle alle fagmiljøa på universitetet samarbeida «under institusjonens hovedprofil», dvs. teknologi og naturvitskap.

Dette kom òg til uttrykk i innstillinga frå Underdal-utvalet, som hadde fått i oppdrag å finna ut kva hastverksvedtaket i Stortinget hadde gått ut på. Innstillinga skisserer to samarbeidsaksar: teknologi skal samarbeida med naturvitskap, og saman skal dei vera samarbeidspartnaren til «spesielt humaniora, samfunnsfag og utøvende kunstfag».

Skilnader mellom humaniora og teknologi

Ein språkforskar ved Universitetet i Oslo vart ein gong spurd om det er viktig å forska på språk. Han svara at sjølvsagt er det viktig å forska på korleis det viktigaste kommunikasjonsmiddelet til mennesket fungerer. Om me lyfter svaret hans opp til eit meir generelt plan, kan me seia det slik: Mennesket har ein eigenverdi. Då har det òg ein eigenverdi å finna ut kva det vil seia å vera menneske.

Teknologisk forsking vil i praksis ha eit sterkt nyttepreg som humaniora ikkje kan ha. Ny teknologi kan gjeva økonomisk vinst, noko som sjølvsagt er interessant t.d. for næringslivet. Teknologisk grunnforsking vil då ofte ha som funksjon å rydda veg for bruksforsking.

Humaniora kan ikkje skilja like skarpt her. Ein kan forska på korleis språk er oppbygde, eller kva slags prosessar som verkar i ein skjønnlitterær tekst. Men når ein har kome fram til eit resultat, vil det resultatet aldri vera ein endeleg konklusjon, berre eit utgangspunkt for ny forsking og ny innsikt. Næringslivet er heller ikkje spesielt interessert i diktanalyse eller kvifor mjølka «går ut» på datoen og avisa «går inn», medan guten «går ut med» ei opplysning som «går ut på» at han «går ut med» ei jente.

Samarbeid

Det er likevel mogeleg å samarbeida over faggrensene. Til dømes kan språkforskarar hjelpa til med syntetisk tale og automatisk talegjenkjenning, og teknologar kan hjelpa til med å analysera språklydar. Både teknologihistorie og språkteknologi finst som forskingsfelt.

Eit slikt direkte fagleg samarbeid er likevel sjeldan relevant. Til dømes vil ein ha liten nytte av kjemi eller marin teknikk når ein analyserer eit dikt eller forskar på kvifor det er umogeleg å spørja: «Du har ikkje ein diskett, har du ikkje?»

Ved dette universitetet har humanistane no eit stortingspålegg om å samarbeida med teknologane på teknologien og næringslivet sine premissar. Då stortingsrepresentant Marit Nybakk (Ap) heldt ein tale på Dragvoll 25.8.1995, legitimerte ho humaniora med den nytteverdien det har for den norske handelsbalansen. Ho la spesiell vekt på kor viktig det er å kjenna til språk og kultur i Japan og Kina for å tryggja eksporten. Ved NTNU skal då humaniora vera til nytte for teknologi og næringsliv, ikkje motsett.

I tillegg seier Stortinget (Innst. O. nr. 40 (1994-95)) at ein kan knyta fagtilbod til NTNU berre i den grad dei «kan bidra til å videreutvikle og berike» den teknisk-naturvitskaplege hovudprofilen.

Samarbeid utan næring

Fagfolk klarer nok å samarbeida med relevante fagmiljø også utan eit stortingsvedtak som ikkje bryr seg om slik relevans. Men då er det ein føresetnad at samarbeidet skjer på samarbeidet sine premissar, og ikkje med eit førehandsdefinert mål om at teknologien skal ha hovudrolla.

0 Den allmenne humanistiske forskinga vil snøgt kunna få dårlegare kår, og samarbeidet vil dermed stå i meir næringsfattig jord. Me er òg pålagde ein «NTNU-identitet» som skal ha rang føre den faglege sjølvberginga (NOU 1995:25 s. 44 og 61). Det overdrivne pålegget om samarbeid med slagside kan då ironisk nok føra til at samarbeid vert verdilaust. Og der slagsida vert stor nok, søkk båten.

Innholdsfortegnelse