Far til ErnieBud Grace byrja som atomfysikar, men enda opp med å teikne brødristarar og pirayaer.Då Bud Grace var på Studentersamfundet før jul, viste han lysbilete frå bryllupsreisa si foran ein fullsatt Storsal. Etter showet kunne kven som helst få sjå det slimete gebisset til bestemor Grace mot eit gebyr på fem kroner. På heimesida si har han lagt ut livshistoria si med bileter av sjimpansane sine, systera si og andre familiemedlemer. Men han tykkjer ikkje det er noko rart i å brette ut slekta på denne måten. - Det er då berre moro, smiler han. Teikneserien hans om den snille og litt einfaldige DeSoto-frelste Ernie går i 200 aviser i USA. Men amerikanarane har reagert på mange av dei sprø historiane han har teikna, og han har ofte opplevd å bli sensurert. - Uansett kva eg gjer, fornærmar eg alltid nokon. - Likar du å fornærme folk? - Nei, eg vert alltid overraska når folk tek seg nær av seriane mine. I Noreg har Ernie-hefta eit opplag på 42 000, omtrent ein tredjedel av Donald. Saman med Sverige er Noreg det einaste landet der Ernie har eige seriehefte, og på heimesidene til Bud Grace ligg massevis av lesarbrev frå norske fans. - Det ser ikkje ut til at nordmenn blir fornærma av det du skriv? - Nei, eg tykkjer nordmenn har ein betre sans for humor enn dei fleste amerikanerar. I USA må du kanskje ha ein litt skiten humor for å slå an.
Vil underhalde Før Bud Grace kom til Trondheim, var han ute på ein turné med tettpakka program. Han hadde mellom anna vore på Island og i Baltikum før han kom til Skandinavia. Før me fekk intervjue han, måtte me vente i tre kvarter slik at fansen kunne få signerte teikningar av Grace. Alle som krevde ein del av Ernie og Grace, fekk det dei ville ha. Signerte brødristarar og personlege teikningar var mest populært. - Du reiser mykje rundt og bruker tid på tilhengjarane dine. Blir du ikkje sliten og lei? - Nei, det er ein del av jobben min. Det er dette eg arbeider med. Grace ser likevel noko trøytt ut der han sit i ein djup lenestol inne på Studentersamfundets bibliotek. I tillegg er han blitt forkjøla i løpet av opphaldet i Noreg. - Kva forhald har du til jobben din? Er dette berre noko du gjer for å tene pengar? - Eg elskar dette. Det er klart eg vil tene pengar óg, men eg er verkeleg glad i jobben min, seier Grace. Han hevdar han ikkje har noko bodskap å kome med. - Eg gjer dette for å underhalde. Folk skal ha det moro. Det er jobben min. Ein kan undra seg over korleis ein mann kan sitje inne med så mykje vill fantasi, men det har han kan hende blitt spurd om før? - Det verste spørsmålet eg får, er kvar eg tek historiane frå. Eg anar verkeleg ikkje; dei berre dukkar opp, sukkar han litt oppgitt. Frå fysikk til teikneserie - Du har ikkje alltid vore teikneserieforfattar. Kva skjedde? - Opprinneleg var eg fysikar. Men då eg var ferdig utdanna, var det veldig lite jobb å få for naturvitarar. Romprogrammet til USA trengte folk, så eg vart med der. Det var langt mellom dei gode jobbane på den tida, og ofte var eg utan fast arbeid. Det er mykje usikkerheit rundt det å ikkje ha inntekt, men det har aldri plaga meg. Så det var ikkje så stor overgong til det å bli teikneserieforfattar. Men eg gifta meg i alle fall før eg skifta jobb. - Korleis hadde du det som student? Eg meinar; her er mange som er aktive på Studentersamfundet eller gjer andre ting på fritida. - Det er kjempefint. Eg var ikkje så mykje aktiv på fritida, og hadde mest matematiske fag. Når du tek slike fag møter du ikkje så mange jenter. Vi hadde ikkje så stort sosialt liv, jentene ville ikkje gå ut med deg om du hadde det, påstår Grace. - Men du traff vel nokre jenter? - Eg vart då gift til slutt. Men du veit; jentene går ikkje for dei morosame typane; dei går for dei sexy. Det er vel på same måten som med menn, dei likar helst blonde og pene jenter. Sjølv er eg meir begeistra for gjennomsnittsdama, ho som ser heilt normal ut. - Kvifor er alle personane i Ernie så stygge? - Ha ha, men dei er då ikkje stygge alle saman? Nokre av jentene er pene. Eg måtte gjere Doris pen. Viss ikkje; kom eg i trøbbel. Og Effie er då fin; i alle fall er ho det for meg. Men resten av dei er vel ganske stygge. Du veit, eg teikna alle mannfolka ganske fæle, så når damene kom, teikna eg dei på same måten. Eg mista Chicago Tribune (amerikansk avis) etter den første Arnold Bean-historia; det var utgjevaren av avisa som kasta meg ut. Han var temmeleg fortørna. Det var den historia der Ernie seier at «ho er ikkje så veldig pen, men ho har ei flott personlegheit. Ho kan slikke nasen med tunga si.» Hata Felicia - Er du like glad i alle karakterane dine? - Nei, eg hata då eg teikna Felicia. Eg fekk beskjed om å lage ein positiv kvinneleg karakter, så eg fann opp ei og kalla ho Felicia Lopez. Ei avis i Arizona fekk ni telefonar frå lesarar som heitte Felicia Lopez og klaga over at vi brukte namnet deira til denne karakteren, seier Grace og ler godt. - Problemet med karakterane er at dei alle har ei viss personlegheit; du kan ikkje køyre same vitsane på alle. Slik som med brødristar-vitsane, fortel han og snakkar om Ernie som er lidenskapleg samlar av brødristarar. - Korleis oppstår karakterane dine? Har du nokon kontroll over utviklinga deira? - Sid og Arnold er dei eg likar best av karakterane mine. I byrjinga ville eg at Ernie skulle vere omtrent som Arnold, men dei lot meg ikkje få lov til det. Sid skulle eigentleg vere ein kamerat av Ernie, ikkje onkelen hans. Seinare kom Arnold inn i biletet. Fyrste gongen var det som «blind date» for Doris. Eg hadde bruk for ein karakter av hans type, så eg behaldt han. Han gjer den typen ting eg eigentleg hadde tenkt at Ernie skulle gjere. Når du fyrst har ein karakter kan du ikkje forandre personlegdomen hans. Viss du treng noko nytt, må du dikte opp ein ny karakter. Mat i staden for sex - Kor mykje av historiane finn du opp heilt på eigen hand? - Ein del diktar eg, men du veit, eg brukar mykje av erfaringane mine og sjølvopplevde ting óg. Ta for eksempel Effie sitt forhald til Sid. Far min døydde då eg var liten, og mor mi brukte å ha alle desse kjærestane sine på besøk. Dei kom ofte innom og åt middag hos oss. Og alle kjenner vel ein som Sid, som går rundt og utnyttar folk. Her skyt teiknaren vår inn: - Eg tykkjer du beveger deg nett som figurane i «Ernie»? - Ja, det stemmer nok. He he, kona mi mobbar meg for det heile tida. Det er kan hende vanleg at serieteiknarar gjer det. Ofte når eg teiknar vrir eg liksom hovudet og lagar dei same grimasene som figurane mine. |