Ingen ende på striden
Kristin Fridtun
Studentmållaget i Nidaros
Om senn kjem endå eit svar til Alex Hansen frå Studentmållaget i Nidaros. Me skal svara som best me kan på spørsmåla han kom med i Under Dusken nr. 12/2008 om kvifor Mållova krev at eksamensoppgåvene skal liggja føre på båe målformer, og om den paragrafen gagnar nynorsken. Me legg ned stridsøksa. Me understrekar at me er eit studentmållag som ser saka frå synsstaden åt studentane.
I Noreg har me to jamstelte språk, og kvar mann har rett til å skriva sitt eige mål. Studentmållaget meiner at eit eksamenssett som berre finst på bokmål ikkje berre undergrev språket nynorsk, det diskriminerer i tillegg studentar som har nynorsk som hovudmål. Dette handlar om kva slags signal NTNU sender ut til studentane. Å ikkje ta standpunkt i målsaka eller å sjå bort ifrå henne er det same som å stø ei nedbryting av målet. Nynorsk er eit fullt levande norsk språk, og det bør det norske, statlege universitetet NTNU spegla.
Eksamensoppgåvene er dei einaste tekstene staten kan vera trygge på at studentane les medan dei studerer. Dimed er det rimeleg at Mållova femner språkbruken i nettopp desse tekstene. Lova er laga for å tryggja norsk språk, både bokmål og nynorsk. Det er heilt irrelevant kva ho eller han som lagar oppgåvesettet meiner om nynorsk personleg. Det er ikkje slik at ein kan velja bort dei lovene ein ikkje er samd i eller ser poenget med, og berre fylgja dei ein sjølv er nøgd med. Hansen synest det er urett at det vert stilt andre krav til han enn til studentane. Han må koma i hug at han som professor ikkje opptrer som privatperson, men er målsmann for NTNU. Mållova gagnar nynorsk. Ho gjev trygd for bruken av språket, og språkbrukarane fær noko handfast å stø seg til.
På eksamen er det faget, og ikkje språkforma, som er hovudsaka. Nettopp difor skal studentar få oppgåvene på si eiga målform. Her vert det ord mot ord, for Hansen nyttar same argumentet mot nynorsk som me nyttar for. Me meiner NTNU bør leggja alt til rette slik at studentane kan konsentrera seg om fagkunnskap på eksamen, ikkje språk. Språket er berre reiskapen, ikkje hovudemnet.
Nynorskbrukarar forstår bokmål godt, men dét er ikkje poenget. Poenget er at eit språk som ikkje finst utanfor ein privat sfære går ei dyster framtid i møte. Somme vil då seia at det ikkje er liv laga for nynorsken. Men når vart det greitt at den sterkaste støtt vinn? Vil me ha eit fleirtalsdiktatur? Innføra engelsk i alle fag? Er ein tent med å støtt ta lettaste vegen? Så lenge det finst studentar som ynskjer å nytta nynorsk i faglege samanhengar er nynorsk eit leveført universitetsspråk.
Studentmållaget veit at tilsette ved NTNU stundom lagar eksamenssett berre på nynorsk. Me synest denne praksisen er like uakseptabel som hin.