Kunstnar Håvard Løvnes og gallerivakt i TKF Oda Pareliussen Austnes introduserer den nye utstillinga på Bifrons.

Vinnaren av Portrettmesterskapet stiller ut i lokala til Bifrons

11. januar opna Håvard Løvnes utstillinga Mens vi venter. Trondheim Kunstforening har venta på han sidan i vår.

Publisert Sist oppdatert



Fram til 10. mars kan du sjå utstillinga Mens vi venter i første etasje hjå Trondheim Kunstforening (TKF), i restaurantlokala til Bifrons. Løvnes vann nyleg Portrettmesterskapet på NRK med eit portrett av Linn Skåber, og har blitt kjent for sine ærlege og personlege motiv. Løvnes er sjølv til stades på opninga denne torsdagskvelden.

INSPIRERANDE MOTIV: Portretta har mange ulike motiv som inspirerar kunstnaren.

Utstillinga på TKF inneheld både portrett og framstillingar av augneblinksbilete som motiv. Han målar ofte folk han kjenner eller folk frå hans eigen omgangskrets, men også tilfeldige folk. Løvnes fortel at han blir inspirert av folk som interesserer ham, og finnar stadig nye inspirasjonskjelder: 

– Seinast i dag, på bussen, fortel han til forsamlinga som har møtt opp til utstillingsopning i restaurantlokala, der 15 måleri no prydar veggane.

Løvnes nemner at vedkomande, som også har dukka opp på opninga, har sagt seg viljug til å bli portrettert. Måleria blir utvikla i tett samarbeid med dei som står modell for ham, og han gjengir dei ofte i sine eigne miljø. Mange av måleria verkar kvardagslege.

Etter ein kort presentasjon får forsamlinga høve til å gå rundt å kikke uforstyrra på måleria hans. Med titlar som «Vors», «Nach i Gammelstua», «Julefest» og «Scene fra et partytelt» er det grunn til å anta at den gjengse student vil kunne kjenne seg igjen i nokre av motiva. Utstillinga inneheld også «Et nummer som handlet om en sau men alt jeg sitter igjen med er hvor elegant hun var», der tittelen i seg sjølv er nok til å vekke nysgjerrigheita.

PORTRETT: Løvnes trekk fram «Rune» som ein særleg favoritt i utstillinga.

Løvnes trekk fram «Rune» som sin favoritt. 

– Han i stolen, med sigg mellom fingrane, seier han og peikar mot eit mindre lerret.

Måleriet viser ein mann i ein svart lenestol. På eit bord framfor ham ligg det pizza, antibac og øl. Løvnes fortel at denne ungkaren ikkje var redd for å bruke ytringsfridommen.

– Han var uredd, og sa alt han meinte. Sjølv om eg ikkje alltid var einig i det han sa, står det ein respekt i å vere seg sjølv, fortel han. 

Fleire av portretta er av menneske som tør å vere seg sjølv. 

Mens vi venter

FANGAR AUGNEBLINK: Utstillinga inkluderar både portrett og augneblinksbilete.

På spørsmål om kva me ventar på, svarar Løvnes kryptisk: 

– Me ventar jau på å døy.

Rundt oss går forsamlinga rundt og kikkar forsamlinga på utstillinga hans, og jabbar glade, medan kunstnaren lar orda henge litt i lufta. Han legg til: 

 – Og mens me ventar, forsøker me å fylle livet med meining, seier han og forklarar at det ikkje er meininga å verke dyster.

Trondheim Kunstforening spøker kring tittelen på utstillinga då dei har venta på Løvnes sidan våren 2023. Utstillinga blei utsatt på grunn av ombygging i første etasje. No er dei glade for å endeleg kunne ynskje velkomne.

Du finn utstillinga gratis i Bifron sine lokale frå 11. januar til 10. mars. 

Powered by Labrador CMS