
«Nokon andre kan svare»
Pinleg stillheit og einvegskommunikasjon preger forelesningane ved NTNU. Her burde me lære av UC Berkeley.
Første semester som utvekslingsstudent ved University of California, Berkeley, starta med ei orientering på campus. Universitetsområdet er digert, med massive bygningar, flotte bibliotek og parkområde, samt kjente landemerke som Saether Tower, Saether Gate og ikkje minst Sproul Plaza. «Her pleier studentane å protestere», kommenterte guiden. «Berkeley er kjent for å ha ei politisk aktiv studentmasse og mange demonstrasjonar. Du kan anten sjå på, bli med, eller velje å gå ein annan plass». Eg følte meg som ein turist på safari. Protest verka som ein sport på lik linje med amerikansk fotball, og det heile verka både litt skremmande og innbydande.
Universitetsbyane Trondheim og Berkeley har mykje til felles. Dei er omlag like store og ber preg av ei stor studentmasse. Likevel er UC Berkeley ein stor kontrast til NTNU. Berkeley er ein del av storuniversitetet University of California og er ranka som ein av dei beste utdanningsinstitusjonane i verda. Studentar frå heile verda konkurrerer om studieplass her. Som student i statsvitskap ved NTNU er det likevel enkelt å få utvekslingsplass i eitt eller to semester. Avtalen mellom dei to universiteta er veletablert, og ein får støtte til skulepengar frå Lånekassen. Eg kjenner meg heldig som får smake på eit internasjonalt og svært fagleg relevant akademisk miljø, og med dagens politiske klima i USA er det særleg interessant.
På Sproul Plaza er det alltid nokon med ropert og banner. Dei første dagane passerte eg ei gruppe aktivistar i bur som protesterte mot dyremishandling, studentar i solidaritet med papirlause mindreårige råka av Daca, samt ein kar kledd i ymse plast som kjempa stille mot forsøpling av havet. Nokre opprør er sjølvsagt større enn andre. Tidleg i haust blei ein av dei største demonstrasjonane Berkeley har sett på lenge, held i sentrum. Parolen var «Berkeley Stands United Against Hate». Folkemassen besto av folk i alle aldrar som haldt appellar, ropte, sang og diskuterte. For ein fersk statsvitskapsstudent var dette draumen. Folket som tek til ordet i gatene, engasjement, debatt, frustrasjon og action. Litt meir spenstig enn fjorårets underskriftskampanje for studentpris på nattbuss. Litt meir liv og røre enn på Trondheim Torg. Litt større oppmøte enn under eit gjennomsnittleg Samfundsmøte.
Det er ikkje berre i gatene at studentane ved UC Berkeley hever stemmen. Også i klasserommet er dynamikken ulik den eg har erfart som student i Trondheim. Under ei gjesteforelesing ved NTNU i fjor vår, stilte forelesar salen spørsmålet: «Kva er EU?» Etter ein porsjon pinleg stillheit, våga ein modig student å rekke opp handa. Anten låg klassa veldig dårleg an til eksamen, eller så satt 200 studentar innan samfunnsvitskap, inkludert meg sjølv, stille og tenkte at dette spørsmålet er ikkje retta til meg.
Eg undrar over kvifor det er så vanskeleg å dra i gang diskusjonar i forelesingssalen på NTNU, når eg observerer at dette er sjølve essensen i tilsvarande fag ved UC Berkeley. Dette skuldast truleg både forelesar og student, og sjølvsagt litt kultur. Erfaringa mi med samfunnsvitskap i Trondheim, har vore at undervisning stort sett er einvegskommunikasjon. Forelesar har ofte dårleg tid, utan forventning om at studentane skal bidra med spørsmål undervegs i forelesinga. Ved UC Berkeley blir det kravd at studentane kjem førebudde og klare til å ta del i ein fagleg diskusjon frå dei kjem inn til timen. Dette gjer noko med både motivasjonen og utbyte med undervisninga.
Til forskjell frå den litt forsiktige norske studenten, vil Berkeley-studenten vise kunnskap. Ho blir drilla i å tenke kritisk og svare for meiningane sine. Eg opplever at samtalar med medstudentar i haust har handla om mykje meir enn det som går føre seg i studentbobla. Politikk, samfunnsdebatt og meiningsutveksling høyrer ikkje berre forelesingssalen eller nachspielet til, men er ein del av kvardagen min som student. Det er låg terskel for å prøve ut store spørsmål, og det er kulturelt akseptert å heve stemmen både i timen og i det offentlege rom. Dette er erfaringar eg meiner er overførbare til studentlivet i Noreg, men det krev at både studentar og forelesarar vel å gi plass til diskusjon og kritisk refleksjon. Trondheim kunne hatt godt av litt Berkeley.