FRITAK: Adminstrerande direktør i Sit Morten Wolden takkar kommunen for å stemme gjennom det nye regelverket.

Skattefritak for studentboligar: – Berre «happy»

Nytt regelverk gjev skattelette for studentboligar. Dette kan bety millionar til verksemdar som Sit når regelverket trer i kraft 1. januar 2026.

Publisert Sist oppdatert

Sjølv med eksamensperioden i fullt kjør, så fresar den byråkratiske maskinen i veg. Den 20. november hadde Trondheim byråd eit møte om å endre eigedomsregelverket som gjer det enklare for verksemder som Sit å få fritak frå eigedomsskatt. 

Administrerande direktør i Studentskipnaden i Trondheim (Sit), Morten Wolden, fortel at det er gjeve tydelege politiske signal om at dei vil få eit slikt fritak for 2026. Han er glad for at endringa tek i kraft.

– Eg er berre «happy». Dette er noko me har arbeida med å få til i mange år, fortel Wolden.

Wolden fortel at Trondheim har vore ein av dei einaste studiebyane i Noreg som har hatt eigedomsskatt på studentboligar dei siste åra.

– No når også Trondheim har fått regelverket endra, er det vel nesten kunn Ålesund der studentboligar ikkje har fritak, seier Wolden.

Heldigvis for våre søstrer og brør i vest, arbeider også Studentskipnaden med Ålesund kommune for å få endra regelverket der.

Wolden seier at Sit reknar med å spare 5,5 millionar kronar i året på endringa av regelverket.

– Dette er pengar som kan gå til eit breitt spektrum av studenttenestar, som idrett, rådgiving og aktivitetar.

Dette inneberer inntil vidare ikkje å redusere bukostnadene for noverande Sit leietakarar.

– Dei som har fått ein Sit bustad har allereie trokke eit vinnarlodd, så me prioritetar å bruke pengar der det trengs, seier Wolden.

LES OGSÅ:  Rotter i Sit-bod på Moholt

Leiar av Velferdstinget Vilja Sofie Nystad har opplevd at det hare vore ei politisk vilje for å få stemt gjennom regelverket.

LYKKELEG: Leiar av Velferdstinget Vilja Sofie Nystad meiner «første i første» 2026 vert ein dag som skal feirast.

– Me i velferdstinget har hatt god kontakt med kommunen og har opplevd at dei tilrettelegg for at me skal få moglegheit til å ytre våre sakar, fortel Nystad.

Både ho og Wolden einige om at ein av grunnane til at det har teke lang tid er eit stramt kommunalt budsjett.

Ho fortel at denne endringa hovudsakeleg kjem til å hjelpe ideelle verksemder, som Sit og Singsaker studenterheim. Dette betyr at private aktørar ikkje kjem til tene meir etter endringa trer i kraft.

– Det har vore mykje omstridt diskusjon rundt skattepolitikk, spesielt rundt denne valperioden, men dette er verkeleg positivt. Dette er pengar som går til studentane, seier Nystad.

Velferdstinget og Sit har inntil vidare ikkje budsjettert for skattefritaket. Dette gjer at dei kjem til å ha meir pengar til å gje til studentar som søkar om midlar for engasjement og sosiale aktivitetar.

Dette betyr at når eksamensperioden er ferdig og det vert gøy å vera student att, kjem 2026 til å verte året for å finne noko tull og tøys å søke stønad til, som for eksempel hoppeslott til Realfagsbygget eller deodorant til Pirum.

LES OGSÅ:  Derfor sa de ja til NTNU, men nei til Trondheim

Powered by Labrador CMS