
– La tankane vere
Med ei ny studie ønskjer Psykologisk Institutt ved NTNU å finne ein betre kur for psykologiens forkjøling.
1 av 3 i Noregs befolking blir i løpet av livet ramma av depresjon, og depresjon er per i dag det mest kostbare helseproblemet i landet. Tall frå WHO viser at lidinga i 2020 vil koste meir enn kreft og hjartelidingar til saman.
– Denne studien vil skaffe oss meir empiri om metakognitiv terapi som behandlingsform. Vårt mål er å kunne tilby deprimerte ei betre og meir effektiv behandling, seier førsteamanuensis Roger Hagen og professor Odin Hjemdal ved Psykologisk Institutt.
Psykiatriens forkjøling
Psykologisk Institutt ved NTNU blir blant dei første i verda til å gjennomføre eit større prosjekt der dei prøver ut metakognitiv terapi (MCT) som behandlingsform for depresjon. Småskalastudier frå MCT-Institute viser at metakognitiv terapi er ein meir effektiv behandlingsform enn den meir tradisjonelle kognitiv atferdsterapi (CBT) ved lidingar som bekymringsangst, sosial angst og OCD. No ønskjer psykologar ved NTNU å prove same tendensar ved depresjon.
– Problemet med depresjon er at dei depressive episodane ofte vender tilbake om ein først har vore deprimert ein gong. På lang sikt vert berre 2 av 10 betre med hjelp av CBT, då altfor mange opplev tilbakefall etter endt behandling. Forskinga som er gjort på MCT til no viser betre prognosar med raskare betring og mindre tilbakefall, seier Hagen.
Helsedirektoratet ønskjer at ein behandlar depresjon med terapi framfor antidepressiver. Likevel viser det seg at berre 5 prosent av landets deprimerte får psykologbehandling, medan heile 95 prosent blir behandla med antidepressiver. Effekta av antidepressiver viser seg å vere tilnærma lik placeboeffekten, det betyr at dei eigentleg ikkje har stor verknad på pasienten.
– Det er betydleg rom for å gjere ting betre. Å finne ei behandlingsform som gir stabile resultat og redusert tilbakefall er avgjerande for at depresjon skal bli eit mindre omfattande problem, seier Hjemdal.
– Skru ned tenketanken
MCT er ei videreutvikling av CBT. Medan CBT sitt hovedfokus ligg på å endre innhaldet i dei depressive tankane til meir konstruktive tankar legg MCT vekt på sjølve grubleprosessen til den deprimerte.
– Det er ikkje korleis ein har det som er viktig, men korleis ein tar det. MCT fokuserer på å la tankane vere, la dei få gli forbi utan å gi dei så mykje plass. Med andre ord å skru ned aktiviteten i tenketanken, seier Hagen.
Ifølge Hjemdal er det vanleg at ein ubevisst grublar mykje og at dei negative tankane nærmast vert automatisert.
– Dei fleste mennesker ser på tenking som ein positiv eigenskap, men det er ofte dei ukontrollerbare tankane som er grunnlaget for depresjon. Med MCT lærer ein strategiar for å få kotroll over desse tankane, seier han.
Treng deltakarar
Hagen og Hjemdal meiner feilbehandling er eit stort problem innan psykiatrien.
– Mange pasientar opplev ei for dårleg utreiing når dei oppsøker psykologar. Dette kan føre til feildiagnostiseringar som kan ha fatale konsekvensar, seier dei.
I studien som skal bli gjenomført ved NTNU vil deltakarane gjennomgå ei grundig utreiing før dei eventuelt får vidare behandling. Behandlingsdelen starta opp i januar 2013 og vil vare fram til våren 2014, noko avhengig av tilstrøyminga av friviljuge. Hagen og Hjemdal understreker at dei framleis har behov for deltakarar.
– Depresjon er eit problem som er vanleg også blant studentar. Difor ønskjer vi gjerne at folk som er interesserte i å delta i studien tek kontakt med oss, seier dei.