SIGNERER AVTALE: Rektor ved NTNU Anne Borg og direktør i NHO Ole Erik Almlid inngår nytt samarbeid.

Fornya samarbeidsavtale mellom NHO og NTNU:
– Skal hjelpa bedriftene å kopla seg tettare på akademia

20. november signerte NTNU og NHO ein ny samarbeidsavtale for dei neste to åra.

Publisert Sist oppdatert

Talsperson frå NHO, Rebekka Borsch, seier at dei ynskjer å leggja til rette for at fleire studentar skal kunna få tettare kontakt med næringslivet.

– Det er viktig for å sikra at utdanninga er relevant for arbeidslivet dei går i møte, samtidig som det kan gi bedriftene verdifull kompetanse.

Ho seier at målet er å skapa eit godt samspel mellom NTNU og bedrifter, engasjera fleire bedrifter inn i NTNU sine forskningsprosjekt og få fleire studentar inn i næringslivet under og etter studium.

– Noko av meininga med slike langsiktige samarbeid er å få til samspel på fleire nivå. Studentar kan få skriva oppgåver, ha sommarjobb eller praksisplass i bedriftene. Bedriftene på si side kan bidraga med undervisning i form av bistillingar eller gjesteførelesarar, seier Borsch.

Dessutan meiner ho at det kan utløysa felles forskningsprosjekt som studentar på alle studienivå kan vera med på.

Fyrst og fremst for tekniske fag

Borsch seier at det fyrst og fremst er etterspurnad etter kompetanse innan tekniske fag.

– Dette er fag som er heilt naudsynte for å gjennomføra det grøne og digitale skiftet. Men me veit at der trengst ulik kompetanse i ulike delar av næringslivet.

Ho trur at samarbeid mellom akademia og næringsliv vil verta stadig viktigare i framtida for å sikra konkurransekrafta deira.

I dag meiner ho at kontakten mellom næringsliv og akademia legg godt til rette for samarbeid på enkeltprosjekt, men at det ikkje er like enkelt å etablera dei langsiktige avtalane.

– I eit kunnskapssamfunn med stadig høgare omstillingstakt, er eit tett samspel mellom læring og anvending heilt avgjerande. Avtalen skal hjelpa bedriftene å kopla seg tettare på akademia og sikra relevans i utdanning og forskning, seier Borsch.

Glad for å ha fornya avtalen

Rektor ved NTNU, Anne Borg, seier i ei pressemelding frå NHO at universitetet opplever aukande etterspurnad frå næringslivet etter kompetent personell og ny teknologi.

– NHO med sine mange medlemsbedrifter er ein viktig næringslivsaktør, og me ved NTNU er veldig nøgde med å ha NHO som samarbeidspartnar, seier Borg i pressemeldinga.

Ho er glad for å ha fornya samarbeidsavtalen og håpar på eit styrka samarbeid dei neste åra.

LES OGSÅ:  International students scammed – were sold tickets to fake parties

Powered by Labrador CMS