Debatt 

Druknande studenterklang

Trondheim har ein levande studentkultur. Skal me la den bli drukna av generisk festmusikk?

Publisert Sist oppdatert

I Trondheim eksisterer det eit stort spenn av studentorchester, kor og spelemannslag. Når UKEtoget kjem, og dei skal få visa seg fram, er det likevel nokon som kvir seg. Kvifor det? Tanken på å bli overdøyvd av den same gjentakande spelelista som dundrar frå ei vilkårleg studentforeining sin høgtalar, står sterkt i minne.

UKEtoget laurdag 7. oktober blir ei storslått anledning for å visa fram mangfaldet av studentkultur i mange ulike former. I nyare tid har dessverre høgtalarar på hjul eller som ryggsekk tatt over mykje av lydbiletet ved anledningar som dette. I staden for song, spel og sprell frå livlege studenter som vil visa fram stolte studentertradisjonar og studentersongar, får me dundrande bass og songar som høyrer meir heime på eit vorspiel enn i eit studenttog.

Det er ikkje sånn at det er mangel på musikalske innslag i Trondheim by, snarare tvert imot. Linjeforeiningane, Studentersamfundet og UKA huser alle musikalske innslag i alle former og fasongar. Det er difor ikkje grunn til å frykta at breidda av trøndersk studentkultur ikkje skal bli tilstrekkeleg representert, eller at det skal vera tomrom i det musikalske lydbiletet undervegs i UKEtoget.

I artikkelen til Under Dusken om UKEtoget under UKA-21 blir det skrive om kampen mellom konkurrerande høgtalarar. I tillegg kjem dei med sitatet «Det er unektelig russestemning.» Er det ikkje på tide å bevega seg vekk frå russestemninga og inn i studentverda? Kanskje du, musikkglade student, skal legga frå deg songane du kom til byen med og endeleg læra deg mangfaldet av studentersongar som Nu Klinger, Himmelseng eller songen til linjeforeininga di?

La det særeigne og det studenterske ta over Trondheim! Difor er mi sterke oppfordring til alle dokker som skal gå i UKEtoget: La høgtalaren ligga heima, og nyt lyden av glade studentar og studentmusikk!

LES OGSÅ:  Praksisordning plasserer studenter i økonomisk spenning

Skriv til oss:

Ønsker du å ytre deg i Under Dusken?

Send ditt innlegg til debatt@studentmediene.no

Retningslinjer for debattinnlegg finner du her.

Powered by Labrador CMS