TO VAL: På Samfundsmøtet laurdag 3. februar skulle Storsalen røyste over to forslag om å høvesvis unngå samarbeid med våpenprodusentar og oljeseskap.

Storsalen sa nei til våpen, men ja til olje

I går kveld skulle Samfundet ta standpunkt om kva moralske krav ein bør stille til sponsorar. Dette vart utfallet av vala.

Publisert Sist oppdatert

På gårsdagens samfundsmøte var temaet «Studentfrivillighet til salgs» og to interne meiningsytringar skulle røystast over. Den første foreslo at Samfundet og UKA skulle unngå samarbeid med våpenselskap og den andre at dei skulle unngå samarbeid med olje- og gasselskap. Begge forslaga vart stilte av Samfundsstyret. 

Samfundet har ikkje samarbeida med våpenprodusentar før, men Kongsberg Gruppen og Nammo vart nemnde som moglege samarbeidspartnarar for framtida. Per no står oljeselskapet Equinor for halvparten av midla UKA får inn gjennom samarbeidsavtaler og forslaget om å droppe hovudsponsoren gjekk akkurat ikkje gjennom då det vart røysta over i same forsamling fjor:  Éi røyst avgjorde da Samfundet sa nei til å droppa Equinor

Voteringa gjekk føre seg ved hemmeleg skriftleg val og kravde 50 prosent fleirtal for å gå gjennom.

Forslaget om å unngå samarbeid med våpenselskap gjekk gjennom med 188 røyster for og 53 prosent fleirtal. 144 røysta mot og 17 røysta blankt. 

Forslaget om å unngå samarbeid med olje- og gassprodusentar gjekk ikkje gjennom med 144 røyster for og 175 røyster mot. 8 røysta blankt. 

LES OGSÅ: – Rektor høyr: barn i Gaza døyr.

Powered by Labrador CMS