INGEN REVOLUSJON: Politisk redak- tør i Adressa Siv Sandvik meiner at Trondheim ikkje kjem til å bere stort preg av eit nytt styre.

Blågrønt fleirtal etter 20 år med Ap: Dette er lovnadane frå det nye kommunestyret

Etter lokalvalet i september er det klart at Høgre som største parti skal styre byen: – Vi skal ta studentane på alvor, seier Daniel Whittle Stensland (H).

Publisert

Vekene etter valnatta 11. september var det usikkert kven som skulle styre Trondheim vidare etter 20 år med Arbeidarpartiet og Rita Ottervik som ordførar. 

LIKSKAPAR: Sandvik forklarar at Ap og Høgre i Trondheim ikkje er så ulike som i resten av landet

– I dei siste fem lokalvala har trondheimarar vakna etter valdagen og visst at Rita Ottervik frå Arbeidarpartiet blir ordførar. Etter dette valet hadde ein eit vanskeleg utgangspunkt for både Arbeidarpartiets Emil Raaen og Høgres Kent Ranum, seier politisk redaktør Siv Sandvik i Adresseavisa.

Det var ikkje eit klart fleirtal på nokon av sidene. 

– Høgre var den klare valvinnaren i Trondheim, med nesten 30 prosent av stemmene. Det var også Høgre som var best på å bygge relasjonar i løpet av den lange valkampen, og dei fekk altså Sp og MDG til å byte side.

Med dette stabla dei på beina ein koalisjon som blei einig i ei politisk plattform, forklarar Sandvik.

– Dei har ikkje fleirtal i bystyret, men fordi Frp gjekk inn i ei valtekninsk avtale med Høgre, sikra dei at Kent Ranum blir ordførar. Dette betyr at Frp har støtta Ranum som ordførar i byte mot at dei blir lova nokre posisjonar.

Frp er ikkje med på den politiske plattforma og er heller ikkje forplikta til å røyste med dei andre partia i verken budsjett eller politikk generelt, understrekar ho.

Ingen ny kvardag

– Korleis kjem studentane til å merke at Trondheim har fått eit blågrønt styre?

– Eg trur ikkje at studentane kjem til å merke ein ny kvardag. Det blir ingen stor forskjell, seier Sandvik.

Ho peiker på at det ikkje alltid er samsvar mellom politiske mål og handling.

– Når det gjeld studentar, er det ofte slik at politikarane kjem og seier alle dei rette tinga når dei møter dykk, men så skjer det ikkje så veldig mykje etterpå, seier Sandvik.

Også for dei øvrige innbyggararne i Trondheim meiner Sandvik at byen ikkje naudsynt vil bere preg av eit nytt styre.

– Det blir ingen revolusjon i Trondheim. Høgre la seg veldig tett opp mot sentrum i valet. Det ser ein i plattforma dei skal styre på.

LES OGSÅ: Hull i veggen, muntlige kontrakter og innpåslitne utleiere: Dette er rettighetene du kan slå i bordet med.

Ap og Høgre på linje

Dei to største partia i byen er ikkje så ulike som i resten av landet, forklarar Sandvik.

Ho forklarar at det er i rikspolitikken og dei andre storbyane at Høgre og Ap er hovdumotstandarar. Når det gjeld saker knytt til byutvikling, har Ap og Høgre røysta saman, forklarar Sandvik.

– Ap har røysta i lag med Høgre og Frp og sikra fleirtal for saker som SV og MDG er imot. I mange store langsiktige saker som styrer retninga for byen, er Høgre og Ap heilt på linje.

POLITISK VILJE: Norunn Krokeide (MDG) seier at det er stor poltiske vilje for å gjere bussen billigarare, men at ein må få det inn i budsjetta for å gjennomføre endringa.

Likevel er det saker som skil dei store partia. Eit døme er at Høgre legg meir vekt på det ideelle.

– Dei lover at den første nye sjukeheimen skal vere driven av ein ideell organisasjon. Det skal også opnast for større private innslag i heimehjelpa.

Skal endre byen

Daniel Whittle Stensland er leiar i Unge Høgre i Trondheim og er no blitt førstevara til fylkestinget og niandevara til bystyret for Høgre. Han peiker på to hovudområde det nye styret skal fokusere på for å gjere Trondheim til ein betre by å vere student i.

– Vi skal ta studentane på alvor. Når eg snakkar med mine studentvennar, er det ofte buss og psykisk helse som er viktig for dei, og det kjem vi til å satse på.

Når det kjem til studenthelse, viser han til eit konkret punkt i samarbeidsplattforma.

– No som vi er i posisjon, kjem vi til å sjå på moglegheita for å etablere eit studenthelsehus på campus. Det tykkjer eg er veldig bra, for då kan du få hjelp der du er og ikkje forhalde deg til ein anna plass. Dette viser at vi som samarbeider om makta i Trondheim, no faktisk ser og lyttar til studentane.

For studentane meiner også Siv Sandvik at det blir særleg spennande å følge kva politikk som vil gjennomførast i helsesektoren.

– Særleg med tanke på studenthelse blir det viktig å følge med på om dei gjer det dei sa dei skulle gjere i valkampen. Der er det eit skrikande behov etter fastlegar og psykologar.

Norunn Krokeide er vara i bystyret og skal sitte i fylkestinget for MDG. Ho seier at MDG også kjem til å kjempe for oppretting av eit studenthelsehus, fordi det står i samarbeidsplattforma at det fysiske og psykiske helsetilbodet blant studentar i Trondheim skal bli betre.

– Det står også at ein skal vurdere å etablere eit studenthelsehus på campus der ein samlokaliserer tenester frå kommunen og Sit og gjer tenester som fastlege tilgjengeleg for fleire studentar, seier Krokeide.

Billigare buss for studentar

STUDENTHELSE: Daniel Whittle Stensland (H) seier at posisjonspartia leidd av Høgre vil lage eit studenthelsehus på campus.

– Kva kjem til å skje med bussen no som Høgre sit med makta?

– Vi er tydelege på at ein ikkje berre kan gjere noko med prisen; vi må òg gjere noko med tilbodet. Høgre vil ha betre avgangar og gjere det billegare å ta bussen når du er student. Det er berre på sin plass at bussbilletten er rimeleg nok til at han passar inn i eit studentbudsjett.

Krokeide forklarar at det er stor politisk vilje for å gjere bussen i Trondheim betre.

– Vi vil redusere prisen på kollektivtransport for studentar. Det står i plattforma i både kommunen og fylkeskommunen at ein vil gjennomføre billegare buss. Det einaste som står igjen, er å utføre det.

I praksis vil dette seie at ein må setje av pengar til tiltaket, til dømes i Miljøpakken, forklarar ho.

– Vi i MDG kjem til å kjempe hardt for dette i fylket. Det er gjennomføring som står att, og eg har veldig tru på at bussen kjem til å bli betre.

Betre bustadspolitkk

– Trondheim skal bli ein ja-kommune som skal spele på lag med innbyggarane, og studentane er jo ein del av denne gruppa, seier Stensland.

Han forklarar vidare at Høgre vil at at det skal bli meir liv i Trondheim, og at det skal vere meir hyggeleg å vere i sentrum.

– Det skal også bli betre å bu i Trondheim som student. Vi ønsker fleire studentbyar, som Moholt og Berg.

Krokeide frå MDG seier at ein betre bustadspolitikk er eitt av områda studentane i Trondheim vil merke eit nytt styre på.

– Vi vil legge til rette for ein betre bustadsmarknad, bygge fleire studentbustadar og frita samskipnaden for eigedomsskatt. Dette er noko studentar definitivt kjem til å merke.

Ho påpeiker likevel at dei politiske endringane ikkje skjer over natta.

– Poltikken i plattformen kjem til å merkast gradvis, både på kollektivtilbodet og at syklistar og fotgjengarar skal prioriterast. Det er tidlig enno, men eit løft for studenthelsa kjem til å merkast. Det tar berre tid fordi det må inn i budsjetta.

Avslutningsvis oppfordrar både Stensland og Krokeide studentane i byen til å vere meir synlege i lokalpoltikken i Trondheim. Krokeide meiner at dei store partia i for liten grad ser på studentar som ei viktig veljargruppe.

– Vi veit at mange snakkar mykje om saker som appellerer til eldre. Det er stort rom for at studentar kan ta meir plass i den politiske debatten og stille fleire krav, konkluderer ho.

LES OGSÅ:  Sirkulærøkonomisk satsing i Trondheim.

Powered by Labrador CMS