
Frå kulissane til rampelyset
Han helser med eit fast håndtrykk før han låser sykkelen sin. Hermann Sabado har nettopp vippa meg av pinnen. Eg visste ikkje at han var så pen?
KULTURPROFIL
HERMAN SABADO
Å møte Hermann Sabado på Samfundet gir meg ikkje høve til å briljere med kunnskapen min om huset.
«Skal vi gå på Edgar?» er det fyrste han seier, og han verkar svært komfortabel i den vesle kafeen. Mistankane mine blir kjapt bekrefta, skodespelaren var medlem av Samfundet i studietida si. Ikkje berre medlem, men gjengmedlem.
– Eg hang jo mykje her då, seier han med eit verdsvant glis.
Han fortel at han jobba frivilleg i Studentersamfundets Interne Teater frå 2002 til 2004. Her fungerte han som ivrig kulissegut og hybelsjef, men ikkje som skodespelar. Paradoksalt, sidan han no er fast tilsett i Trøndelag Teater og nettopp har spelt inn sin første film, Upperdog. Vegen til lerretet var relativt kort, og gløden vart tend i tredje klasse på vidaregåande.
Foto: Toril Strøm, Under DuskenBIKKJESLAGSMÅL: Kven er upperdog?– Vi har vel alle halde på med skodespel medan vi var små, gjennom leik. Vi lata som. Men det var skuleteater og russerevy som fekk meg til å tenke at skodespel kanskje var noko for meg. Derfor søkte eg meg inn på Romerike Folkehøgskule, fortel Hermann.
Etter folkehøgskulen gjekk vegen innom NTNU og deretter Teaterhøgskulen i Oslo. Av 810 søkarar vart 10 tekne opp. Sabado skildrar det treffande som eit «nålauge».
– Det var gøy. Så gøy at eg knuste ringen min, flirer han og mimer korleis han slo neven i bordet av glede.
Om å fylle sko
Etter tre år på den svært pretisjetunge høgskulen fekk han tilbod om jobb på Trøndelag Teater og takka ja. Her har han vore med i mellom anna Equus, Kasimir og Karoline og Kulde.
Med andre ord sit det ein ung mann føre meg med mykje erfaring når det gjeld både film og teater. Men kva medium likar han best sjølv?
– Forskjellen på film og teater er enorm, både uttrykket og måten ein jobbar på. Eg vil ikkje seie at det eine er betre enn det andre, det finst positive sider ved begge, seier han alvorleg.
Og tendensen til ikkje å favorisere noko held fram. Han vil ikkje seie at han føretrekkjer ein spesiell filmsjanger framfor andre. Heller ikkje om ein spesiell skodespelar har inspirert han. Det kjem an på kva humør han er i, kva stemning filmen har, kven han jobbar i lag med på teateret.
– Teater er ein forgjengeleg kunstart. Dersom noko går gale på ei framsyning, kan du fikse det neste dag. Men når ein speler inn film, kan ein bruke tre veker på noko som er støpt for alltid. På den andre sida er institusjonsteateret ei diger maskin som humpar og går av seg sjølv, og ofte er mykje lagt allereie før du kjem på leseprøva. Som teaterskodespelar skal du fylle sko, ikkje finne dei, forklarer Sabado engasjert.
Trygg audition
Då han var kommen godt i gang i jobben ved Trøndelag Teater, fekk Hermann ein telefon frå regissøren av Upperdog, Sara Johnsen.
– Eg og Sara jobba i lag på Teaterhøgskulen, og det gjorde at eg var mindre nervøs enn eg har vore på andre auditionar, seier Sabado.
LES OGSÅ: Anmeldelse av Upperdog.
Det var likevel på ingen måte spikra at han skulle få rolla.
– Eg måtte tenkje slik at dersom eg ikkje fekk rolla, var det berre ikkje riktig. Ein kan ikkje gå i kjellaren for slikt, legg han til.
I Upperdog speler Sabado ein ung mann, Axel, som jobbar som grafisk designar. Han er adoptert frå Asia, til vestkanten i Oslo. Han er einebarn med alle moglegheiter til å gjere det bra i livet, men likevel går ikkje alt som planlagt. Axel har til dømes problemer med damer.
– Kjenner du deg igjen i Axel?
– Nei, veldig lite. Han er jo veldig annleis frå meg; han er adoptert og har eit heilt anna yrke. Dessutan er han ganske ufyseleg, og det trur eg ikkje eg er, ler Hermann.
I mitt stille sinn seier eg meg einig.