REITAN PÅ TAKET: Det nye reklameskilet på taket av Samfundet ble satt opp like før jul.

Reklameskiltet er på plass

Her er det første synlege teiknet på samarbeidet mellom Reitan AS og Samfundet.

Publisert Sist oppdatert

– Eg synes ikkje skiltet er stygt, men det er litt uvant å sjå. Eg har forståelse for at skiltet skal vere der når dei har bidratt med mykje pengar til utbygginga, seier student Stine Alexandra Bjerke.

Reitan-logoen har no kome på plass på taket til Samfundet. Skiltet vart satt opp i jula, og er ein av fleire teikn på samarbeidsavtalen mellom Reitan og Samfundet.

LES OGSÅ: Nå er det dyrere å reise kollektivt

Får 15 millionar

– Skiltet er mindre enn dei tidlegare reklameskilta vi har hatt, men det er innafor avtalen som blei vedtatt av Storsalen, seier leiar av Studentersamfundet Fredrik Akre.

Dei inngjekk samarbeidet i april fjor med avtale om at Reitan yter 15 millionar kroner til Samfundet sitt nybygg. Avtalen skal etter planen vare i seks år, med rett til utviding. Om partane blir einige om utviding, kan dette gi eit ytterlegare bidrag på 20 millionar kroner. Reitangruppen skal og dekke kostnadar til å dekorere eit av serveringslokala på Samfundet, og kan brukast til å profilere produkta hans.

Vilkåra er mellom anna at Reitangruppen får rett til å låne Samfundet sine kunstneriske gjengar i si verksemd, samt at Samfundet reklamerer for Reitangruppen og produkta deira. Eit skilt på taket er eitt av dei. Etter ei lita forsinking av godkjenning hos Vegvesenet er no skiltet på plass.

NYTT: Slik ser det nye Reitan-skilet ut om kvelden.

Skal leige ut lokale til Reitan

Samfundet kan fortelje at dei per no har starta mykje av reklameringa som ligg i avtalen. Eksempelvis har det kome logo på arbeidsklede og ein logo nedst på samfundet si nettside der Reitan står oppført saman med dei andre sponsorane. Akre fortel at det framover også kjem andre endringar på plass.

– Det neste er å sjå på kjøp av produkt frå Reitangruppen, som til dømes produkt frå kolonihagen. Det eksisterande lokale på Samfundet vil profilere nokre slike produkt. Vi kjem i mellomtida til å merke fortenesta på avtalen best ved starten på bygginga av nybygget som skal ligge bak Samfundet. Finansiering frå Reitan går til realisere utvidinga.

Avtalen inneber også at Samfundet leiger ut eit lokale til Reitangruppen.

– Dette vil vere ein ordinær leigeavtale som gir inntekt separat frå den vi får frå hovudstaden. Årsakene til at vi ønskjer å leige ut eit lokale i nokre år er for å styrke den økonomiske drifta av Samfundet i åra etter utvidinga, for å sleppe at organisasjonen veks for fort, og for å unngå å betale for den fulle oppussinga av lokalet.

Heit debatt om Reitan-samarbeid

Samarbeidsavtalen mellom Reitan og Samfundet blei heftig debattert i Storsalen.

Tidlegare leiar av Studentersamfundet Øyvind Bentås var blant dei som gjekk ut mot avtalen i forkant av Storsalen si avgjering.

– Så omfattande som avtalen er no, så er den eit salg av studentfrivilligheita og av Samfundets identitet. Avtalen vil ta det gode renommeet og statusen som Samfundet har bygga opp og gi det bort til Reitan, sa han den gongen.

Debatten i Storsalen handla i stor grad om prinsipp, dei kunstneriske gjengane si friheit, Samfundet si sjel og medlemmane. For dei som støtta avtalen handla argumenta mykje om Samfundets medlemer og dei komande generasjonane med studentar. Med eit nybygg vil det bli større moglegheiter. Blant kritikarane var det argument om dårlig informasjon som stod sterkast for å stemme nei til forslaget.

Avtalen vart til slutt vedtatt med 531 stemmer for, 159 mot og 63 blanke stemmer.

Powered by Labrador CMS