
Titteltaparar
Ein mastergrad i psykologi gir deg retten til å inneha tittelen «psychologist» i England. Same mastergrad strippar deg for titlar i Noreg.
På under to veker har nærare 900 studentar og professorar skrive under på ein underskriftskampanje starta av masterstudentane i psykologi ved Universitetet i Oslo (UiO). Målet er på sikt å gi personar med mastergrad eller høgare utdanning innan psykologi retten til å nytte tittelen psykolog.
– Dette er eit veldig bra engasjement. Mange studentar ved NTNU har allereie skrive under, seier kommunikasjonsleiar Thomas Engell i Linjeforeninga for Master i Psykologi (LiMP).
Beskytta tittel
Per i dag har tittelen psykolog beskytta status i Noreg, noko som inneber at ein må ha gjennomført seks års profesjonsstudier med klinisk undervisning og praksis for å kunne kalle seg psykolog.
Mange med utdanning frå utlandet reagerer på den norske forståinga av psykologbegrepet. No ynskjer norske mastergradsstudentar å gjere noko med det slik at dei også kan nytte psykologtittelen, men Engell trur det kan bli utfordrane å få endringa gjennom.
– For at me skal få ei varig endring må sjølve helsepersonell-lova endrast, og for at det skal skje må me få denne problemstillinga opp på eit myndigheitsnivå, seier Engell.
– Det er litt spesielt at me kan kalle oss psykolog i utlandet, men ikkje i vårt eige land, seier han.
Høg temperatur
I 2010 vart forslaget om å inkludere masterstudentar i Psykologforeininga nedstemt på deira landsmøte. Medlemskap er naudsynt for å kunne tileigne seg tittelen psykolog.
– Etter at forslaget vart avvist la mange prosjektet på is, men det kan verke som det har vekse fram eit nytt engasjement den siste tida, seier Engell.
Han vonar no at fleire vil engasjere seg i saka.
– Profesjonsstudentane si utdanning er innom så mykje forskjellig, medan masterutdanninga har større fokus på spisskompetanse og spesialisering, og har større forskningskompetanse. Det er difor veldig dumt at me er ekskluderte frå psykologforeininga og viktige psykologiarenaer, seier Engell.
President i Norsk Psykologforeining Tor Levin Hofgaard er klår på kva han meiner om ei eventuell endring av den noverande ordninga.
– Profesjonsstudiet er eit seksårig samanhengande integrert teoretisk og praktisk studieløp kor læringsmål og profesjonsidentitetsmål er definert frå første dag. Masterstudiet er i hovudsak eit toårig teoretisk studium i psykologi etter ein teoretisk bachelor som kan variere i innhold, seier Hofgaard til Universitas.
– Det er hensynet til pasientane som gjer at psykologtittelen er beskytta i Noreg. Beskyttelsen er hjemlet i Lov om Helsepersonell. I dette ligg det ein kvalitetsgaranti. Pasientane skal vere trygge på at dei som yter psykologisk helsehjelp, har god kompetanse og gode ferdigheitar, seier han.
«Klinisk psykolog»
Initiativtakarane bak underskriftskampanjen legg vekt på at dei ikkje ynskjer å setje profesjonsstudentane i eit dårleg lys.
– Me er førebudde på at dette kan skape bråk, men legg vekt på at dette ikkje handlar om å sverte profesjonsutdanninga, men i staden skape likeverd mellom master og profesjon, og å fremje ein debatt rundt endringsforslaga, seier Karen Eimot og Madeleine Dalsklev til Dusken.no
Engell legg også vekt på at dei ikkje er ute etter å stele tittelen frå psykologane.
– Målet med diskusjonen er ikkje at masterar i psykologi skal få innpass i psykologforeninga, men slik som lovverket er no så er det ei føresetnad for å kunne kalle seg psykolog. Ideelt sett får me ei lovendring i helsepersonell-lova som beskyttar tittelen «klinisk psykolog», medan eksempelvis ein master i organisasjonspsykologi får moglegheita til å kalle seg organisasjonspsykolog, seier Engell.