Leiar av valstyret, Jørgen Valseth, forklarar at dei frontar saker som gjeld den gjengse student.

No kan studentane røyste igjen

På måndag blei datoane for studentvalet annonsert. Frå 1. november kan alle studentar ved NTNU igjen nytte røysteretten si til å påverke studentdemokratiet.

Publisert Sist oppdatert

Det er viktig for valstyret og resten av studentdemokratiet at studentar både stiller som kandidatar og røyster ved valet, men kva får studentane sjølv ut av å engasjere seg?

Aleksander Vangen er ein av studentane som ikkje har høyrd om valet

- Vi frontar saker som gjeld den gjengse student, forklarar leiar av valstyret Jørgen Valseth.

Han peikar på saker dei har jobba med i det siste, til dømes saka om opptak av førelesningar og eksamansdatoane til nokon av førsteårstudentane som kjem rett etter jul.

Valstyreleiaren understrekar at dei jobbar med mykje ulikt, men at dei frontar dei store sakene som gjeld breidda av studentmassen. Ei sak som dette er capmussamlinga.

- Det kjem jo til å gjelde nesten alle studentane i Trondheim. Det er ei viktig sak for veldig mange at Dragvoll skal bli flytta ned til Gløshaugen. Alle vil ha plass, så ein jobbar med korleis areala skal vere utforma.

Kva veit “den gjengse student”?

Maria Vu sier det er viktig å vite kven som stiller og kva dei står for.

- Vi prøver rett og slett å gjere alle sin studiekvardag betre, og det trur eg engasjerer dei fleste. Å få folk til å røyste er der hinderet ligg, fortset Valseth.

I samtale med studentar på Stripa finn ein fort ut at studentvalet verkar framand.

- Nei, eg har ikkje høyrd om valet, seier Aleksander Vangen, fjerdeårstudent på Kybernetikk.

Datateknologistudentar Caroline Barstad og Maria Vu er også usikre på kva valet er.

- Eg trur kanskje eg blandar det med Velferdstinget? seier Vu.

LES OGSÅ: UKA 2021: Fest og frihet

Caroline Barstad føreslår meir PR rundt valet

Låg oppslutning

- Det visar seg at det er vanskeleg å nå ut og engasjere rundt studentval, seier Valseth.

Studentar flest røyster ikkje ved studentvala. Oppslutninga ved tidelegare val er låg, og ifølgje Valseth har ho vore stabilt på kring 10%. Dette er noko som mellom anna valstyret jobbar med.

- Vi har ein promoteringsstrategi der vi jobbar med å vere synlege og kommunisere godt. Det er målretta arbeid som tek tid; ein må bygge ein kultur og sjølve organisasjonen. Det er mykje tid brukt på stands og SoMe, og vi prøver å nytte NTNU sine kanalar som felles-epost, Innsida og infoskjermer rundt om på campus

Informasjon og kommunikasjon

Kva tenkjer studentane på Stripa er viktig for å få folk til å røyste?

- Ein må vel vite at det er val, så kanskje meir PR? seier Barstad

- I tillegg må ein jo vite kven som stiller og kva dei står for, legg Vu til.

Sigrid Kristiansen, førsteårsstudent på Bioteknologi tykkjer at kommunikasjonen mellom studentane sjølve, og representantane må bli betre.

Sigrid Kristiansen meinar at kommunikasjonen kan bli betre.

- Det er bra om dei legg ut innlegg og meiningsmålingar for å vite kva vi treng, slik at dei kan representere oss på best mogeleg måte. At dei viser tydeleg kva dei meiner om ulike saker er òg viktig.

Valstyreleiaren har allereie peikt på at dette er noko dei jobbar mykje med, og i år har dei nokre nye ess i ermet for å auke oppslutninga endå meir.

- No satsar vi på å ha samarbeid med NTNU og nytte deira instagramkonto. Det blir og mykje arrangement framover. Vi skal til dømes gå i UKEtoget.

Studentdemokratiet prøver å vere der studentane er:

- Vi vil vere synlege på studentarrangement som UKA og anna som skjer på Samfundet. Kollegaen min Amalie og eg sprang faktisk klovneløpet førre veke, seier Valseth.

LES OGSÅ: Fra vervbonanza til velferdstingsleder

Kven blir valt?

Studentvalget.no har lettforståeleg informasjon om valet denne hausten. Det skal altså bli valt «instituttillitsvalgte (ITV) og fakultetstillitsvalgte (FTV) til Studentrådene, samt valg av et nytt Studenttinget med ny ledelse.»

Powered by Labrador CMS