OVERALT: «Nora» opplev ikkje berre trakassering i utelivet – det skjer i kvardagen, på veg heim og «tilfeldigvis» i kø.

Har blitt tørrjokka på, klypt i rumpa og kalla hore på byen:

– Det blir berre ledd bort

Fire av ti kvinnelege studentar oppga i Studentenes helse- og trivselsundersøkelse (Shot) at dei har vore utsett for seksuell trakassering. Nora er ein del av statistikken.

Publisert Sist oppdatert

«Nora» er ikkje det eigentlege namnet til kjelda bak desse historiene, men for å ivareta personvernet hennar, har Under Dusken valt å anonymisere henne. I fadderveka i 2019 er Nora på veg heim frå ein utestad, og ho stoppar ved Deli de Luca for å kjøpe nattmat.

– Vi kjøper pølse, og eg står aleine i eit lite sekund. Plutseleg kjenner eg nokon klype meg hardt i rumpa. Eg snur meg og spør: «Kva faen?»

Nora fortel at ho snur seg til mannen bak seg, men at han berre lèt som ingenting. Så seier han unnskyld.

– Det er typisk at det skjedde akkurat då kompisen min ikkje stod ved sida av meg. Ellers kunne han ha vore ein potensiell kjærast som kunne blitt fornærma på vegne av meg.

Blir tatt på

Fleire gonger under intervjuet omtalar Nora opplevingane sine som «vanlege» og kan nemne mange tilfelle av det ho og venninnene kallar «småtrakassering».

– Ute på byen blir ein tatt på heile tida. Det kan vere at nokon skal gå forbi deg og flytter på deg ved å løfte deg, «tilfeldigvis» ved hofta eller lenger ned.

Nora forklarar vidare at ho fleire gonger har opplevd at folk dreg ho i armen når dei vil prate med ho.

– Ofte skjer det når ein får augekontakt, då trur nokon at ein vil prate med dei.

Ho seier at det verkar som om nokon trur at det er ein måte å sjekke opp folk på.

– Dei helsar på deg og slepp ikkje før du har helst tilbake og introdusert seg sjølv.

Fordi utelivet er ein sjekkearena med alle slags folk, meiner Nora at ein treffer mange som ikkje forstår grenser og signal.

– Venninna mi kom i hyggeleg prat med ein fyr om ei interesse dei delte på ein utestad.

Dei pratar ei stund, han prøver seg litt på ho, men så svarar ho at ho har type, fortel Nora.

– Når han får vite at venninna mi har kjærast, svarer han: «Jævla hore» og forlèt samtalen.

Det er rart at folk tenkjer at det er måten å gå fram på, seier Nora.

– Eg har sambuar no. Han trengte aldri tafse på meg eller kalle meg stygge ting for at vi skulle bli saman.

LES OGSÅ:  Har redusert ventetid fra et halvt år til én måned: – Ikke alle er klare over tilbudet

Vil vekke reaksjonar

Nora fortel at det ikkje alltid er lett å ta affære når ein blir utsett for trakassering.

– Eg er på halloweenfest på Samfundet utkledd som ei ku, og så kjem det ein fyr mot baren som openbert er veldig full.

Ho fortel vidare at det ser ut som han har tissen sin stikkande ut frå buksa si, men at det er ein plastpenis.

– Så går han bort til meg og byrjar å tørrjokke. Først tenkjer eg at han prøver å vere morosam, men han gjer det hardt og sluttar ikkje.

Nora tolkar det heile som at han forsøker å få ein reaksjon, fordi han er så valdsam. Ho er sjokkert og klarer ikkje seie ifrå.

– Eg frys til når det skjer. Så snur eg meg mot han, og han stoppar og går ut av baren att.

Oss mot dykk

Nora seier at alle desse hendingane først og fremst gjer ho frustrert.

– Eg føler eg ikkje blir tatt seriøst som menneske, som individ, forklarar ho.

Om ho deler dei ubehagelege opplevingane sine med kompisar, er det ikkje alltid ho blir tatt seriøst.

– Dei kan seie «det var jo berre tull» eller «det skjer jo ikkje så ofte». Dei antar alltid at det var eit uhell framfor ei intensjonell ugjerning.

Nora skjønar at det er vanskeleg å ta inn over seg, men veit for godt at desse handlingane som oftast ikkje er tilfeldige.

– Du plar ikkje flytte ein av kompisane dine ut av vegen ved å løfte dei vekk ved rompa eller tafse dei på låret når du pratar med dei, sier ho.

Ho meiner at enkelte ikkje tar ho seriøst fordi dei trur at ho deler opplevingane for å demonisere menn.

– Kanskje dei ikkje vil bli sett på som eit monster, for «det er jo ikkje eg som gjer sånt». Men kanskje er det vennen din som gjer sånt, og då er det kult om du seier frå, meiner ho.

Fordi ho sjølv er kvinne og den ho pratar med er ein mann, blir det ein diskusjon om kjønn og ein «oss mot dykk»-mentalitet.

– Vi må heller kunne prate om det ubehagelege ved trakassering. Eg seier ikkje at alle menn er fæle.

SMÅTRAKASSERING: Mange kvinner opplev uønska seksuell merksemd så ofte at det kjennast vanleg.

LES OGSÅ: Mener kjønnspoeng på indøk har redusert kvinneandelen på konkurrerende studier

Umogleg å unnsleppe

– Kva skal til for at du føler deg trygg og avslappa på byen?

– Det blir vel å la vere å drikke, slik at eg er klar for å seie frå tydeleg. Samtidig blir det feil å plassere ansvaret på meg.

Dessutan held det ikkje å kunne seie frå i ettertid av det som har skjedd – ein vil jo ikkje bli utsett for trakassering i utgangspunktet. Sjølv om ho trur mindre skjenking og meir sikkerheit kan hjelpe, lander ho ikkje på ei særleg effektiv løysing.

– Det beste er vel å ikkje vere med på noko, då, seier ho eg ler.

Nora meiner likevel at ein ikkje kan unnsleppe trakassering.

– Og om eg ikkje drar ut, kan eg vel ikkje kjøpe ei pølse i fred heller, seier ho.

Årsakene til trakassering i utelivet er garantert samansette, men Nora trekk fram det ho tenkjer er hovudproblema.

– Alkohol og dårlege haldningar er ein farleg miks.

Å gripe inn eller ikkje

ØL og DOP: Dagleg leiar i PCM, Per Magne Tronvoll, trur mange trakasseringshendingar kan knyttast til rus.

Dagleg leiar Per Magne Tronvoll i vektertenesta Public Control Management (PCM) er einig i at rus ofte er ei underliggande årsak til ubehageleg åtferd og trakassering. I tillegg til at mange drikk meir enn dei toler, ser han ein auke i bruken av ulovlege rusmiddel i utelivet.

– Det er mange fleire no enn før som tar «partydop», altså sentralstimulerande rusmiddel som kokain og MDMA. Så er det òg nokre der ute som dopar ned andre for å kunne utnytte dei seksuelt.

Tronvoll er bekymra for utviklinga og trur at vakthald aleine ikkje kan forhindre slike hendingar.

– Vi gjer det vi kan for å følge med og oppfordrar gjestane til å passe på glasa sine. Men ein kan ikkje få med seg alt som skjer til ei kvar tid, og ideelt skulle det skjedd ei haldningsendring rundt heile festkulturen.

Han understreker at av dei ulike formene for trakassering vektarane ser i utelivet, er den verbale mest vanleg. Den kan vere vanskelegare å få med seg enn den fysiske.

– Ein kan ikkje alltid vite kva som har blitt sagt og ikkje, og vi kan ikkje hive ut folk som har uttalt ting vi ikkje har belegg for. Gjestane har ei form for rettssikkerheit, og den har vi eit ansvar for å ivareta.

Likevel påpeiker Tronvoll at klagene ofte er retta mot dei same typane, og at det gjer det lettare å tru påstanden og gripe inn.

– Til sjuande og sist er det betre å ta affære ein gong for mykje enn for lite. Ideelt sett prøver vi å avverge trakassering før det skjer, men det hender jo at vi mislykkast.

Tar varsel på alvor

Ein av dei populære utestadane for studentar i Trondheim er Tag restaurant og bar. Der fortel nattklubbansvarleg Martin Nordvik at gjestane sin tryggleik er den fremste prioriteringa.

– Vi har inntrykk av at gjestane våre har låg terskel for å melde frå om trakassering eller ubehagelege opplevingar.

Vidare seier han òg at dei tilsette har kurs innan ansvarleg vertskap, og at dei saman med vektarar passar på tryggleiken til gjestane, men at dei har få slike situasjoner på Tag.

– Årsaka kan vere at vi viser at vi er til stades for gjestane og tar dei varslingane vi får på alvor.

Under Dusken har ikkje lykkast i å komme i kontakt med Barmuda, Fire fine, Heidis og Cirkus.

LES OGSÅ:  Vannflaskene for en bedre helse

Powered by Labrador CMS