K: Ein einsam «K» stod framfor hovudbygninga på Gløshaugen etter at dei andre bokstavane vart stole.

Bokstavsteling som sport

Fredag den 13. oktober vart «U» og «A» stole frå UKA-skiltet på Gløshaugen. Dette er ikkje fyrste gong det skjer. Berging av bokstavar har vorte ein liten sport i byen.

Publisert Sist oppdatert

Under Dusken oppfordrar ikkje til tjuveri eller hærverk.

Det tek som regel ikkje lang tid frå UKA-bokstavane er sette opp før nokon har bore dei vekk. Pressesjef Ella Johanne Devold i UKA tykkjer det er litt morosamt.

– Det er tunge bokstavar som folk ber med seg. Me veit jo at studentar liker å finne på mykje tull og ha det gøy, og det støttar vi. UKA skal jo bidra med noko positivt i byen, seier Devold.

Då det same skjedde for ti år sidan, gjekk dåverande pressesjef ut for å sei at om ikkje bokstavane vart leverte att, ville dei få politiet involvert. Sidan då har det vore ei kulturendring, då Devold deler at det truleg ikkje ville vore aktuelt i år. Bokstavstelinga har heller vorte ein morosam ting som fungerer som promotering for UKA.

– Det har vorte ein etablert ting. Det står mellom anna UKEbenkar i fleire kollektiv rundt om i byen. Me vil jo veldig gjerne at folk skal henge opp UKEflagg – så dei kan jo like gjerne henge ut ein UKEbokstav.

Berging og bergereglar

Studentar har stole ting for å ha det morosamt i mange år. Men det er ei grense mellom kva som er gøy og kva som er lovbrot. Det er difor laga reglar for kva som er greitt å stele og korleis ein skal gjere det. Aktiviteten har også fått eit namn: «berging».

STØTTER GØY: Ella Johanne Devold ønsker å være med på å bidra positivt i byen.

Det finst mange ulike versjonar av bergereglar. Det er ein form for avtale mellom organisasjonar om kva som er lov å stele. Linjeforeiningene har sin eigen versjon, og Samfundet har sin. Det er eitt fellestrekk som går att: Det er ikkje lov å stele noko som er naudsynt for dagleg drift.

UKA har ikkje nokon offisielle bergereglar. Det er heller ei forståing mellom UKA og studentane om at så lenge det dei gjer ikkje hindrar UKA si drift, er det greitt. Her bør det nemnast att: Under Dusken oppfordrar ikkje til tjuveri eller hærverk.

 LES OGSÅ:  Uansvarlig i dag, uansvarlig i fremtiden

Bokstavberging gjennom tidene

Dei som har fylgt med på Gløshaugen rundt starten av november, såg sikkert ein ny vri på NTNU-skiltet som til vanleg står utanfor hovudbygninga. Med ein ekstra H vart skiltet til «NTHNU». Nokon saknar truleg Noregs tekniske høgskole og ynskjer å stave det ut i store bokstaver. Det å tukle med skilt er ikkje noko som har oppstått nyleg.

BERGING: Emilie Faarup Storvik synes berging av bokstaver er en god tradisjon.

Berging av bokstavar er noko som har føregått i Trondheim i årevis. For ti år sidan vart «U» og «K» stole frå UKEnamnet på torget. Men det er heller ikkje berre UKA som får skilta deira stokka om på og stolne.

NTNUI set ofte opp eit skilt under fadderveka. I eit intervju med Under Dusken i 2021 uttalte dåverande materialansvarleg, Emilie Faarup Storvik, seg rundt kulturen.

– Me set det ut kvart år, og oftast forsvinn det utover fadderveka, fortalde ho.

Trass at dette skapte meir arbeid for NTNUI, vart framleis bergekulturen omtalt som noko positivt.

– Det er ein fin tradisjon i mine auge, sa Storvik i intervjuet.

Samfundet sette opp eit skilt i Elgeseter park i 2020. Det tok berre litt over ei veke før D-en vart stolen. I eit intervju med Under Dusken delte dåverande immatrikuleringssjef i Markedsføringsgjengen:

– Me vurderer å lage ein ny ein, men eigentlig liker me merksemda, så det spørst.

I etterkant av saka vart fleire av bokstavane i skiltet stole. Saka gjekk då frå spøk til alvor. Berging er berre berging om det er gøy og ikkje går på kostnad av nokon andre. Det er difor viktig å understreke poenget nemnt tidlegare i saka: Under Dusken oppfordrar ikkje til tjuveri eller hærverk.

LES OGSÅ:  Studentenes tips til deg med vinterdepresjon

Kva er det dei prøver å stave?

Sidan bokstavberging har vorte så normalt, vert det naturlege spørsmålet å stille: Kva er det disse bokstavtjuvane prøver å stave?

ABAKUS: Om ein B vert borte, kan me byrje å undersøkje om datateknologifolka på Gløshaugen står bak.
UA: Kanskje er det Universitetsavisa som ynskje ein ny logo.
UIA: Kanskje er det Universitetsavisa som ynskje ein ny logo.
UNDERDUSKEN: Kanskje det er studentavisa i Trondheim som sjølv står bak berginga. Med det sagt: Under Dusken oppfordrar ikkje til tjuveri eller hærverk.
Powered by Labrador CMS