ROM FOR ALT: Storsalen er Birk sitt favorittrom fordi det rommar både politikk og fest på same tid.

Birk skulle egentleg til Bergen, men etter éin kveld endra alt seg

Birk Cock Aschjem blei forelska i Studentersamfundet allereie før han flytta for å studere. Med rak rygg og eit hårete ønske tar han nå over leiarvervet med ei enorm stoltheit.

Publisert Sist oppdatert

Under Dusken møter Birk kvelden før han har sin aller siste eksamen på Handelshøyskolen BI. 

Den nye samfundetleiaren kjem springande inn på Edgar. Litt andpusten, noko seriøs, og veldig blid. 

JA TIL REGNVER: Det neste året skal Birk bruke mykje tid saman med Styret på Samfundskontoret

– Er det ikkje dårleg taiming med eit intervju kvelden før eksamen? 

– Nei. Det er fint å få tankane over på noko anna, men eg har litt eksamenshjerne nå, unnskylder han seg.

Éin kveld – og så var framtidsplanane endra 

– Min veg inn på Samfundet? spør Birk. 

22-åringen har ikkje opplevd ei studietid utan Samfundet ved si side. Dei siste åra har store mengder tid gått med til det runde raude, og han har ikkje angra eit sekund. 

– Eg skulle eigentleg studere i Bergen, men det endra seg etter éin kveld her inne på Huset. 

Han var ein av få i vennegjengen som valde å bli igjen i heimbyen etter vidaregåande. Då var det naturleg å reise til Trondheim og besøke kompisane, som allereie hadde starta på studia. 

– Begge to hadde verv der og snakka så mykje om Huset, seier han. 

Det var koronapandemi og ein av Noregs største utestader var stengt, men etter kvart opna dørene seg. Kvelden skulle endeleg ende på Elgseter sitt raudaste bygg. 

– Og då blei eg heilt forelska. Rett og slett. 

Og så flytta den framtidige samfundetleiaren til Trondheim. 

EUFORI: Den nye Samfundetleiaren kjende på ein enorm glede då han blei vald som leiar i februar.

Drapet på ein dansk draum 

– Det var altså venner, men mest Samfundet, som fekk meg til å flytte opp hit, gjentar den tidlegare BI-studenten. 

Frå nå av er Birk Samfundet sitt ansikt utad. Det var ikkje nødvendigvis eit lett val. 

– Før valet sat eg og familien ein heil kveld og diskuterte om eg burde stille eller ikkje, forklarer han. 

Det inneber at han ikkje kan gå rundt på Samfundet lenger utan at folk veit kven han er. Samtidig ventar mykje omtale i media. 

– Eg har blitt ein offentlig person og er nøydd til å stå støtt i mange saker. 

Ei alternativ rute innebar ein mastergrad i vårt flate naboland. Til slutt kom han fram til at han ikkje kunne seie farvel til Trondheim heilt enda. 

– Det står eg veldig for i dag, fortel han fornøgd.

Å løfte blikket 

Nå ventar ein kvardag med Samfundsmøte og debattar. Saman med Styret skal han sette dagsordenen til studentane. 

Birk ser på perspektiv og nyansar som ei nødvendigheit. Han har vakse opp med at ein alltid skal sjekke tre mediehus kvar dag. 

– Du er ein «nyheitsjunkie», altså? 

– Det har eg nok vore lenge, innrømmer Birk med eit glimt i auget. 

Han ramsar opp NRK, VG og Aftenposten. I helgene er det òg plass til Klassekampen. 

– Alle som skriv ei sak eller frontar noko har ein baktanke, så det er greit å få ulike synspunkt på same sak, meiner han. 

I haust ser du han gåande i sikksakk nedover Nordre gate ved partia sine valbuer. 

– Eg er framleis ute og haustar erfaringar. Det er viktig å utfordre og ikkje berre ta imot. 

LES OGSÅ:   Frivillighet på fjellfestivalene

– Eg hadde 180 i puls 

Det var dermed naturleg for den tidlegare BI-studenten å bli med i «Lytt på nytt» på Radio Revolt. Nyheitsprogrammet skal gjere nyheiter lettfatteleg og tilgjengeleg for studentane. 

Han husker godt si første radiosending. 

– Eg trur eg hadde 180 i puls fordi eg var så redd for å seie noko feil. 

Han beundrar måten han blei tatt vare på i studentradioen. Dei ga han tryggleik og lov til å feile. 

– Nå får eg berre god energi av å prate i veg på radioen. 

Derfra gjekk han over til å vere gjengsjef for Studentmediene og leiar for radioseksjonen under ISFiT. Studentfrivilligheita har betydd mykje for 22-åringen. 

POET MED HØG PULS: Ei av dei første oppgåvene Birk fekk i radioen var å framføre eit eigenskrive dikt om sommaren, noko han syntest var veldig stressande.

– Her fann eg folk eg hadde lyst til å henge med og fekk ein arena der eg kunne prøve ut kva som helst.

Han ønsker at alle skal ha moglegheit til å oppleve det same. 

– Det er kjipt at det ikkje er plass til alle som vil vere frivillige, men då er det viktig å ikkje gløyme at alle er velkomne som medlemmar. 

Ein einsam BI-student med ei fanesak 

Historisk sett er det eit uvanleg verv å påta seg som BI-student. Ingen leiarar for Studentersamfundet har nokosinne hatt bakgrunn frå Handelshøgskulen, og det er få studentar frå dei mindre skulane som er medlemmer eller frivillige. 

Allereie som russepresident syntest han det var viktig å inkludere alle, noko han òg kjem til å ha fokus på som leiar.

Dette har blitt ei av hans viktigaste fanesaker. 

– Under fadderveka visste eg ikkje om eg var velkommen på Samfundet. Det var berre alle desse NTNU-logoane overalt. 

Sjølv om Samfundet starta som ei elevforening for studentane ved daverande Norges tekniske høgskule (NTH), er det nå blitt eit hus der alle studentane i Trondheim har medlemsrett. 

Målet er at ein kan komme hit aleine og bli kjent med studentar frå alle studiestadane. Her inne er vi berre studentar, ikkje studentar frå Dronning Maud eller BI.

– Eg prøvde å dra BI-studentane mot Elgeseter då eg var fadder, men eg fekk for lite draghjelp frå dei andre fadrane. 

Han fortel at mange blir overraska over at han har studert på BI. Nå vil han ta skikkeleg grep og satsar på at Styret skal stå på stand hos immatrikuleringane på alle studiestadane i byen. 

Birk har eit ønske om at dette skal vere med på å endre omdømmet til Huset. 

TIDLEG KRØKAST: Birk fortel at han fekk sin første jobb som tolvåring. Då jobba han som barnepassar på eit treningssenter i Moss for å spare opp til eit undervasskamera

– Målet er at ein kan komme hit aleine og bli kjent med studentar frå alle studiestadane. Her inne er vi berre studentar, ikkje studentar frå Dronning Maud eller BI. 

Han meiner at Samfundet har ein stor jobb å gjere for å få alle til å føle seg velkomne. 

– Det held ikkje å berre opne armane og håpe på det beste. Eg trur at prosessen kjem til å ta tid.

  LES OGSÅ:  En forbedring av studiestøtten i horisonten

Eit politisk middagsbord 

«Det viktigaste er at ein har engasjement», uttalte avtroppande leiar Rami Chumber fem dagar før valet då ingen hadde stilt som kandidat. 

Med eit middagsbord heime i Moss der politiske spørsmål har gått fram og tilbake, er det klart at Birk har mykje på hjartet. 

– Det har alltid vore viktig for meg å følge med i det politiske bildet, seier han. 

Foreldra røystar på ulike parti og han og søstera hans har sine eigne oppfatningar oppå der igjen. Likevel har dei alltid hatt eit sunt debattklima. 

– Det er viktig å diskutere ting ein ikkje er einig i og stå i å vere ueinig utan at det er eit problem, forklarar han.

Frå tidleg av oppdaga han nyheitspodkastane «Politisk kvarter», «Forklart» og «Oppdatert», som dagleg strauma gjennom øyretelefonane hans. 

– Eg har alltid gjort mykje research før eg har ytra noko. 

Tidlegare teaterskodespelar 

Birk er heller ikkje framand for oppmerksemd og har mange år som teaterskodespelar bak seg. Eit dytt frå mor blei til ein hobby han heldt fram med i ni år. 

Scenekanten heime var òg lav. Det var ofte «show» på stua, der alle skulle med. 

FORVENTNINGSKRASJ: På dag to i fadderveka fekk Birk sjokk då han innsåg at BI-studentane ikkje skulle til Samfundet annankvar dag.

– Det finst utallige videoar av noko dårleg dansing, dårleg speling på keyboard og dårleg synging, seier han og ler. 

Han er glad for at ingen av videoane ligg ute på nettet, men set pris på at det var rom heime for å gjere kva som helst. 

– Det var ikkje akkurat fredagsunderhaldning av høg kvalitet.

Oi, vent, han skal gå på Dragvoll 

Frå teaterscena til Samfundet var vegen kort. Huset er kjent for å romme både alvor og tøys på same tid, med mange frivillige som set sine unike spor. 

Sjølv trur Birk at leiarvervet kan gjere han meir sjølvbevisst. 

– Det er eit stort ansvar som eg tek seriøst. 

Til hausten ventar eit årsstudium i kunnskap, teknologi og samfunn ved NTNU på Dragvoll, men tanken er å bruke all tida si på å utvikle Samfundet. 

– Vi skal ha det veldig gøy. Samtidig skal vi stå for verdiane vår og vise fram kva studentane meiner, seier han. 

Han ønsker å fortsette med å spegle Samfundet si ånd, samtidig som han vil løfte fram Huset som politisk organ og talerøyr.

– I mange organisasjonar tenker ein at leiaren skal vere veldig ordentlig, men vi er òg det levande og det leikande og det morosame huset. 

Dette synest han er ein vanskeleg balanse. 

– Eg har ærefrykt for å vise fram heile organisasjonen. 

Pølsefest på Samfundet 

For det er ikkje berre seriøse tankar og alvorlige tema som står på Birk si ønskeliste. 

– Eg har hatt ein tullete draum om å starte ein gjeng som skal heite «Wienerpølse-gjengen». 

Han forklarar at den einaste funksjonen skulle vore å selge billige wienerpølser til alle medlemmene mellom klokka elleve og to i helgene. 

ROM FOR ALT: Storsalen er Birk sitt favorittrom fordi det rommar både politikk og fest på same tid.

– Eg har fått litt motstand på idéen. Fleire meiner at ingen kunne tenkt seg det vervet, men det kunne jo eg tenkt meg å ha, seier han og smiler. 

Ei siste oppfordring 

Wienerpølser eller ei, vervet kjem og tar mossingen med seg. 

– Eg håpar eg lærer mykje om meg sjølv og greier å stå støtt i rolla, seier Birk om det kommande året. 

22-åringen er nå så klar han kan bli og trur det er eit poeng at vervet skal utviklast saman med leiaren sjølv. 

– Eg trur det er meininga at eg skal tråkke opp vervet og kjenne meg klar først når eg er ferdig. 

Han oppfordrar alle til å komme bort og slå av ein prat. 

– Eg ønsker å vere ein leiar som alle kan kjenne seg igjen i og som absolutt ikkje er overlegen. 

Til studentane har han eit første ønske: 

– Husk at dette er ditt hus som medlem. Bruk det som du vil, og er du ueinig med nokon, så sei ifrå.

LES OGSÅ:  Fadderuken sparkes i gang: – Ingenting er kleint

Powered by Labrador CMS