KI-ekspert Inga Strümke: Drit i karriereplanlegging

Inga Strümke har de siste åra vore svært aktuell innanfor kunstig intelligens som fagfelt, men vegen hit har ikkje alltid vore like klar. Iallfall ikkje då ho var student.

Publisert

I IT-bygget på Gløshaugen sit Inga Strümke på kontoret sitt, og no for tida er ho ofte uroleg for framtida med KI. Eit utamt beist, ei bikkje utan band. Likevel finst det alltid ljos i enden av tunellen, meiner ho, og ho lèt seg ikkje heilt hekte på dommedagsdiktinga om dette nye systemet.

Strümke er KI-ekspert og har full tru på at KI vert med vidare, både i arbeidsliv og studium. Men ho har ikkje alltid vore opphengd i Chat GPT og maskinlæring. Lat oss spole attende: Året er 2007. Strümke skal i gang med studia sine. Trondheim er studieplassen. Fysikk er faget. 

– Å studere fysikk var mitt ungdomsopprør. Mantraet den gongen var at viss du studerer fysikk, får du deg ikkje jobb. 

Sjølv om ho ikkje var stø på kor studiet skulle leie henne, la ho likevel mykje vekt på arbeidet sitt. 

– Eg gjorde oppgåvene med éin gong eg fekk dei, superstressa viss eg ikkje hadde gjort øvingane og pissredd for å ikkje få det til. Eg var skikkeleg «flink pike». 

Men det var til stor gagn med det harde arbeidet, noko ikkje berre ho sjølv fekk nytte av: 

– Det var den beste meldinga eg har fått i heile studietida: «Inga, du er så flink! Det er ein fryd å koke øvingane dine!». 

Fysikk var likevel ikkje den einaste tiltrekkings - krafta i studielivet til Strümke, og faglege kunster vart stundom lagt til side til fordel for studielivet. Student pluss helg er lik Studentersamfundet. 

– Det var nokre fine kveldar, og eg har også sjølv hatt rundane mine med gap i hukommelsen, for å seie det sånn.

Ei oppdatert verd med utdaterte studium? 

Trass mange utryggleikar kring framtida til KI, er Strümke klar på éin ting: KI vert verande. Samtidig er det ein lang veg å gå, også innanfor utdanningssektoren. Utdanning skal sørgje for at menneske fungerer i samfunnet. No er KI ein del av samfunnet, men kva med utdanninga? 

– Eg tenkjer absolutt at KI må inn i alle utdanningar, utan at eg har ein detaljert plan. Likevel har ein nok eit anna læringsfokus i humaniora, og her vert det kanskje meir spørsmål om verdi og etikk. 

Tverrfagkunne er stikkordet, meiner Strümke. Berre fordi ein kan KI på et teknisk nivå, tyder ikkje det at ein veit korleis KI skal inkorporerast i samfunnet. Men det er ikkje ei enkel oppgåve; korleis kan ein take etiske og moralske val om noko ein ikkje heilt veit kva er? 

Fem kjappe

Favorittbok? 

Gödel, Escher, Bach: an Eternal Golden Braid. 

Viss du kunne studert noko annet enn realfag, kva ville du vald? 

Juss eller filosofi. 

Det er fredag. Kva er den beste måten å kople av? 

I dag skal eg gå på ski. Men elles: klatring, buldring og sykling. 

Bruker du Chat GPT sjølv? 

Ikkje på fritida, men noko på jobb, til dømes for å organisere timeplanen. 

Kva er det folk ikkje veit om deg frå studietida? 

Eg køyrde motorsykkel.

– Det er vanskeleg når ein kjem frå eit heilt anna fagfelt. Dei som underviser i KI, har ofte ein teknisk bakgrunn, med eit anna språk og verdsbilete. Me skulle nok hatt eit emne på NTNU om KI for ikkjeteknologar. 

Sjølv om KI vil kunne gjeve store moglegskapar for samfunnet, er KI-eksperten trygg på at det ikkje er KI som er framtidas største arbeidstakar.

– Me kan ikkje samanlikne det som skjer no med den første industrielle revolusjonen, då det kom maskinar som tok over menneskeleg arbeid. Sånn trur eg ikkje det vert no. Det vert heller eit verktøy for arbeidstakaren. Ikkje ei erstatning, men eit supplement.

LES OGSÅFærre studier ved NTNU vil ha kjønnspoeng fra høsten 2024

Attende i Trondheim – no som tilsett 

Etter livet som student på NTNU, sette Inga Strümke kursen sørover og busette seg i Bergen og seinare i Oslo. Men noko skorta, det var ikkje heilt som Trondheim. Sakna ho studentlivet eller byen? 

– Eg flytta herifrå etter masteren og hadde konstant heimlengsle. Eg tenkte: «Vaks opp!». Då eg seinare fekk jobbtilbod på NTNU, tenkte eg likevel at eg endeleg fekk sjekke ut heimlengsla. Og eg hadde rett; det var ikkje berre studietida, det var også Trondheim. 

I 2023 vart tilhøyrsla hennar til denne delen av landet understreka: Ho vart nominert til årets trønder. Men det var ikkje berre trønderane som var interesserte i å definere tilhøyrsle hennar, for ho vart også nominert til årets nordlending. Same året. 

MORO I ALVORET: Trass alvorlege emne om utdanning, arbeid og kunstig intelligens, er det stundom rom for løglege historier frå kvardagslivet. Slikt gjer at ein dreg på smilebandet.

– Eg vann ingen av titlane, då. I Trøndelag var det ein Rosenborg-spelar som stakk av med sigeren. Folk spurde om eg var skuffa og overraska. Og eg svarte nei, eg vart ikkje overraska over at ein Rosenborg-speler er meir populær enn ein forskar, fortel ho og bryt ut i latter.

Frå motorsyklist og fagleg slumpetreff til formidlingspris og KI-ekspert 

I 2023 vann Strümke derimot forskningsrådets formidlingspris, og boka hennar Maskiner som tenker har vore viktig i denne samanhengen. Boka gjekk rett inn på fyrsteplass på bokhandlarforeininga si bestseljarliste for generell litteratur. Der var ho i 15 veker på rad. 

Reisa hit har samstundes ikkje vore ein rak veg, og det var ikkje akkurat KI ho hadde i tankane då ho fyrst tredde inn i studia. 

– Eg hadde mykje fridom i kva slags emne eg kunne take, så kom eg borti KI-programmering og valde det. Det er nok ikkje sikkert at eg hadde kome til å jobbe med KI viss eg ikkje hadde dette emnet. Det er sånne klassiske tilfeldigheiter som skjer under studiet. 

I fagleg formidling tok ho ikkje sine fyrste skritt før etter masteren. Ho hadde ei forskarstilling i Bergen, og i hovudstaden jobba ho som konsulent. 

– Det var nok fyrst under opphalda i desse to byane at eg byrja å verte i stand til å snakke om reguleringar av KI med politikarar og drive formidling av faget.

Det var likevel ikkje føre ho vende attende til Trondheim i 2021 at formidlinga av faget verkeleg tok av. 

– Det aller meste av formidlinga mi har eg gjort her på NTNU, fordi det er lagt av tid til slikt her. I tillegg er det jo bedriftsleiarar og politikarar innom heile tida, så det bidreg til at formidling vert ein stor del av kvardagen min som forskar på NTNU. 

Trass i Inga Strümke sine fleire utmerkingar og stor framgang som forskar og formidlar er ho likevel sikker på at det ikkje er mykje planlegging og tiårsmål som er den beste ruta å fylgje. Derimot har ho ei klar oppfordring til dagens studentar: 

– Det går ikkje å tenkje at du er nøydd til å jobbe der og i den stillinga for at det her skal ha vore ein suksess. Karriereplanlegging er det berre å drite i. Du bør heller tillate litt tilfeldige val og bruke nysgjerrigheit som motor. Stien vert til medan du tråkkar han. 

LES OGSÅ:   Derfor liker vi true crime

Powered by Labrador CMS