Nyhetskommentar

Eg klarer ikkje bry meg om verda

Frå tid til anna kjennest det som verda ikkje kan reddast, og at det berre er å gje opp. Eg trur ikkje eg er den einaste som føler på det.

Publisert

Av og til orkar eg ikkje å bry meg. Det kjennest som kvar krise blir toppa av ei ny. Det er for slitsamt å ta stilling til alt som skjer, eg lar heller verda gå forbi. Eg føler meg utruleg egoistisk når eg seier noko som dette.

Problemet ligg i kor mykje tid og energi eg har på ein enkel dag. I tillegg er det kombinert med at eg har eigne draumar og ambisjonar eg ikkje vil legge vekk. Den vesle tida som er att, strekk ikkje alltid til.

Mange jobbar dag og natt inntil verda blir ein betre stad. Sjølv får dei sjeldan gjennomslag. Det verkar som om det ikkje er nokon vits. Det er nok mange som tenker som meg.

Eg prøver å ta meg sjølv i det kvar gong eg tenker på denne måten. Det finst håp. Det må det gjere.

For å minne meg sjølv på håpet, likar eg å tenke på kor unge me som menneskeslekta er. Det er ikkje lenge sidan telefonen og internettet gjorde det mogleg å finne ut kva som skjer rundt om i verda same dag som det skjer.

Vi er altså ein av dei fyrste generasjonane i denne nye verda. Korleis framtida blir, må difor vere i hendene våre. Samfunnet er skapt av menneske. Da må det vel vere for menneske å endre det også. 

Vi kan ikkje forvente at folk skal slutte å leve liva deira for å endre verda. Samtidig er det viktig å erkjenne at det er greitt å bry seg akkurat så mykje ein klarar. Berre det kan gjere at vi tar nokre steg i riktig retning.

Så er det kanskje greitt å ikkje redde verda kvar dag. Både du og eg har eigne ting å drive med. Eg tør ikkje å påstå at verda vil endre seg om alle berre meiner at ho bør det, men handling kjem alltid frå motivasjon – så det er eit godt punkt å starte på.

LES OGSÅ:  6. februar, ein dag for fest og sinne

Skriv til oss:

Ønsker du å ytre deg i Under Dusken?

Send ditt innlegg til debatt@studentmediene.no

Retningslinjer for debattinnlegg finner du her.

Powered by Labrador CMS