Leiar

Jag kunnskap, ikkje diplom

Det er på tide å spørre oss om det er for lett å plagiere masteroppgåver eller for vanskeleg å droppe dei.

Publisert

Mange unge kjenner stadig på forventinga om å ta ein lengre akademisk grad. Mastergraden har blitt den nye bacheloren – minstekravet. Stemmene i samfunnsdebatten som meiner dette er ein urovekkande trend, har kalla fenomenet «mastersjuke».

Martin Thaulow er blant dei som skriv masteroppgåver mot betaling og har gått ut i media og kritisert den akademiske standarden. Ifølge han er det lett å fabrikkere ei tilfredsstillande oppgåve utan noko særleg kunnskap, og marknaden er visstnok svært god. Det får ein til å tvile på om masterstudentane faktisk er interesserte i faga sine.

At fleire og fleire tek høgare akademisk utdanning, verkar som eit positivt steg mot kunnskapssamfunnet. Når det likevel er fleire som tek master med liten (eller ingen) innsats, kan det tyde på inflasjon i akademia. Det blinde masterjaget går ut over talet på fuskesaker, kvaliteten på oppgåvene og til slutt forskinga.

Når du, student, omsider skal søke fulltidsjobb, krev mange arbeidsplassar ein master. Likevel er det ikkje gitt at denne utdanninga gjer ein betre skikka til å utføre arbeidsoppgåvene i jobben. Ta til dømes dei norske ministrane. Fleire av dei har årevis med verdifull erfaring, men må likevel ta ein eller annan «bindestrekgrad» for å legitimere stillinga si.

LES OGSÅ:  Går vi konkurs uten Equinor, har Samfundet en kritikkverdig økonomisk styringsmodell

Eit argument mot den foreslåtte diagnosen er at lengre utdanning vitnar om attraktive eigenskapar, ikkje berre fagleg kunnskap. Ein viser at ein kan møte fristar, jobbe mot langsiktige mål og ta til seg ny kunnskap. Er ikkje dette evner ein likså godt kan få gjennom arbeidserfaring?

Det er synd at samfunnet har ei forventing om at ein må ha ein mastergrad for å kunne klare seg i livet. Det stemplar dei med lågare utdanning som mislykka og hindrar unge i å ta sjansar i frykt for å stå på bar bakke utan vitnemål.

Eit anna symptom på mastersjuka er at utdanningar som har pleidd å bestå av praktisk opplæring, har blitt teoretiserte. Akademisering av profesjonsutdanningar fører til høgare akademisk status, men også mindre yrkesretta lærdom.

Eg er redd for at masterforventinga kan utvikle seg til eit usunt utdanningspress. Å studere på universitetet skal vere krevjande, men utan andre motivasjonar enn dei taktiske kan det bli skikkeleg tungt. Hatar du studiet, får du sannsynlegvis ikkje bruk for det i draumejobben din.

Eg håpar at framtidas studium dyrkar både rein nysgjerrigheit og yrkesretta kunnskap. For me treng både det praktiske og det teoretiske – dei lange utdanningane, og dei korte.

LES OGSÅEg klarer ikkje bry meg om verda

Skriv til oss:

Ønsker du å ytre deg i Under Dusken?

Send ditt innlegg til debatt@studentmediene.no

Retningslinjer for debattinnlegg finner du her.

Powered by Labrador CMS