
Frå raud bastion til nøytral debattarena
Hovudstadens studentersamfund vil strekke seg mot ein politisk profil som liknar den til Samfundet i Trondheim. Men ikkje alle er einige i at Samfundet er særleg politisk av seg.
Medarbeidarar på Det Norske Studentersamfund (DNS) i Oslo ynskjer seg eit meir politisk orientert studenthus.
– Debattane som blir arrangert her, er meir for underhaldning å rekne, og inkluderer studentane i liten grad, meiner debattansvarleg Magnus Nystrand i Kulturutvalet ved DNS.
Huset har sidan 1813 vore ein møteplass for studentane i Oslo og har tradisjonelt fungert som eit politisk talerøyr for desse. Denne funksjonen har tapt seg, ifølgje Nystrand.
Han ynskjer å skape eit rom kor studentar kan bryte meiningar med politikarar og hevdar at Studentersamfundet i Trondheim har lukkast med å vere eit politisk samlingspunkt.
– Samfundsmøta er ein god arena kor maktpersonar kjem og snakkar til studentane. Også hos oss er det stor tilslutning på debattar, men det er lite aktiv deltaking og få sentrale innleiarar. Vi ynskjer å bli eit hovudorgan for politisk debatt slik Studentersamfundet i Trondheim er, seier han.
Saknar partifokus
Stephen Ørmen Johnsen er leiar i Høgres studenterforening i Trondheim, og Marit Finnland Trøite er nestleiar studentforeininga til SV. Dei er einige i at samfundsmøta er ein god måte å engasjere studentane på.
Begge meiner at Samfundet tek opp viktige tema, har gode innleiarar og bidreg til større innsikt blant studentane. Ørmen Johnsen saknar imidlertid eit større fokus på partipolitikk.
– Eg meiner at Samfundet kunne ha bidrege til å auke engasjementet for partipolitikken, og eg saknar konfrontasjon mellom studentar på venstre- og høgresida i debattane, seier han.
Nora Røkaas Hermansen er i dag dagleg leiar på Samfundet, men sat i styret frå 1994 til 1995. Ho meiner at den politiske profilen til Samfundet har endra seg msykje sidan den gongen. Då ho søkte styret, vart ho spurt om kva parti ho stemte. Ho ville truleg ikkje fått jobb om ho hadde sympatisert med konservative parti.
– Styret eg sat i, var ein raud bastion, og det var viktig for oss å ha ein politisk profil. Vi gjekk i tog 1. mai og 8. mars under Studentersamfundets fane, fortel ho.
Røkaas Hermansen meiner dette står i skarp kontrast til måten Samfundet fungerer på no, der partitilhøyrsle blir minimalt vektlagt.
– Det at folk reagerer på at Leiv-Erik Ødegaard har vore fylkesleiar for Unge Høgre, og at han derfor unngår å rette fokus mot det, viser korleis tida har endra seg, seier ho.
Ho trur at eit styre med ein meir markant politisk profil kunne ha ført til meir debatt og engasjement blant studentane.
Svakare politiske kontrastar
Samfundets leiar, Leiv-Erik Ødegaard, er nøgd med Samfundets politiske rolle. Han hevdar at samfundsmøta er viktige fordi dei blir ein arena for debattar og direkte utfalding av politisk engasjement.
– Er Samfundet mindre politisk engasjert no enn før?
– Samfunnet generelt har færre og mindre politiske kontrastar enn kva det hadde til dømes på 60- og 70-talet, og engasjementet er nok ikkje like stort lenger. Debattane i Storsalen gjenspeglar dette, seier Ødegaard.
På eit av samfundsmøta under valkampen vart dei oppmøtte oppfordra til å sette seg til venstre, høgre eller i midten av Storsalen for å signalisere kva politisk side dei sympatiserte med.
– Var dette eit medvite forsøk på å gjere samfundsmøtet meir politisk?
– Ja, det var ein fin måte å skape ein skikkeleg debattarena på, for å engasjere dei oppmøtte og heve temperaturen i Storsalen. Det var òg ein historisk referanse, seier han, og siktar til at studentane som var med på å starte Huset brukte å sette seg til høgre eller venstre under debattar.