MiniUKA

– Barnehagebarn og studenter er jo litt på samme sted i livet

Årets MiniUKA for barnehagebarn, som er eit arrangement av Sit for barnehagar, møtar alle forventingar og tilbyr noko for både store og små.

Publisert Sist oppdatert
FANKLUBB: Ukekoret Pirum fekk med seg heile fanskaren sin på festival.

Samtidig som festklare studentar i Trondheim tel ned dei siste dagane til årets UKA, går ei litt anna festival av stabelen i Moholt studentby. Her er drøssevis av små, og nokon store, samla for den tradisjonsrike MiniUKA, som går av stabelen for niande gong. 

Festivalen, som skipast av studentbarnehagen Sit Moholt, er gratis for alle og er meint som eit kulturtilbod til dei aller minste. Som sist gong samlar dei òg inn pengar til årets TV-aksjon.

På festivalområdet midt i studentbyen Moholt, har både Mikkel Gaup, den internasjonale teatergruppa The Flying Seagulls, samt UKA-kjenningar som Candiss og Strindens Orkester sørgja for god stemning i tre dagar. 

Når Under Dusken er på besøk stillar UKA attpåtil med flammeblåse-show til dundrande akkompagnement av Kaptein Sabeltann-songen.

 LES OGSÅ: Det jobbes på spreng i Dødens dal:– Gøy at vi er så synlige

Gjensidig med studentane

KONGELEG BESØK: Prins Jørgen av Bibi helsar på store og små.
VYRDIG: «Tek vare på det som er gjeve deg som keisar – nemleg å vera rettferdig, beherska, trufast, fornuftig, verdeg, fri og ikkje gjere nokon ting som er i strid med loven», seier Marcus Aurelius. Etter alt å dømme ser prins Jørgen ut til å følgje hans påbud.

Jørgen Gunderengen, konfransiér, skodespelar og ansatt i Sit Moholt barnehage, er innmari nøgd med årets festival. 

– Det har vore ei kjempesuksess. Tross regn og kaldt vær på tysdag, har barna har storkost seg, seier han.

Gunderengen, som i anledning av festivalveka insisterar på å verte titulert med sitt festival-persona Prins Jørgen av Bibi, trur MiniUKA betyr mykje for barnas kulturelle forhold til nærområdet deira.

– Me ser jo at barna går å gler seg i mange månedar til dette, og dei snakkar om det i år etter at dei har vore med, seier han. 

Han trekkjer òg fram samarbeidet med «voksen-UKA» og studentmiljøet i Trondheim som noko gjevande for begge partar.

– Me opplev at det vert eit veldig gjensidig forhold mellom barna og studentane. Begge gruppane er jo på mange måter i litt same stad i livet: Ein synast det er kjekt å leike og slå seg litt laus, legg han til.

Show og sandkasse

TRIVDES: Maren Pedersen og Thomas Meringdal opplev at barna frå Hundremetersskogen barnehage har hatt det kjekt på festival.

Maren Pedersen frå Hundremeterskogen barnehage, som alle har tatt turen hit i dag, er einige i at festivalen er eit velkoment tilbod. Ho synast særleg det er flott at det skjer så mykje forskjellig for barna.

– Det mest vellukka har nok vore det som har vore på scena. Med sterk konkurranse med sandkassa då, fortel Pedersen. 

Tre musketerar 

GODT HUMØR: Noah (5), Ronja (5) og Anne (5) fra Moholt Barnehage er i festivalstemning.

Under Dusken får òg anledning til ein kort prat med tre representantar for dagens hovudpersonar. Tross litt skyheit i møte med journalistiske spørsmål, seier Ronja (5), Noah (5) og Anne (5) fra Moholt Barnehage at dei alle har hatt ein artig dag.

Dei har både lært seg MiniUKA-sangen, prøvd tappert å sjonglere tallerkar med klovnane frå Flying Seagulls, og sett fleire sceneshow. Dei fleste er einige i at sceneshowene har gjort inntrykk. På spørsmålet om kvifor klovnene var artige, har Noah (5) et tydeleg svar:

– Fordi, seier han bestemt.

Hyggeleg å vera frivilleg forelder og student

STUDENT OG MOR: Student og frivileg Viktoria Tufteland Wollan synest det er eit kjekt tilbod for barna.

Student og frivilleg under MiniUKA Viktoria Tufteland Wollan, har sjølv ein son og ei dotter som har delteke på arrangementet. Ho syntest det er eit viktig tilbod for dei yngste.

– Det er noko dei har veldig gode minnar frå, det er jo eit høgdepunkt kvart år det skjer.

Som studerande forelder fortel ho òg at ho generelt stor pris på alle kulturtilbudene, og anna tilrettelegging Sit-barnehagene sørgjar for. Ho trekkjer blant anna fram kulturverkstaden til Moholt barnehage og barnehagens unike «eksamensgaranti», med garantert barnepass om barna er sjuke når ein har eksamen.

– Ein har jo ei litt anna studentkvardag enn andre studentar, med ein del mindre tid. Sånne ordningar er veldig positivt, seier ho.

Ellers har ho trivdes godt med jobben under festivalen i år.

– Det er veldig kjekt å vera frivilleg å hjelpe til. Barna har hatt det gøy, og har òg fått med meg nokre av sceneshowene. Dei var skikkeleg bra, legg ho til. 

FLAMMESHOW: Stønt-gjengen fra UKA gjer seg klare for flammeblåsing.
FLAMMANDE HEIT: her gjekk det skikkeleg føre seg.
NOKON LIKAR DET HEITT: Huttemegtu, for ei utblåsing.
JØYE: no vart det nesten litt skummelt.

 LES OGSÅ: UKA begynner snart, men svindlerne har allerede startet

Powered by Labrador CMS