Frå friviljug til tilsett

Det er vanskeleg å veta kva som gjer nyutdanna til attraktive arbeidssøkjarar. Nokre store sysselsettarar fortel kva dei ser etter.

Publisert Sist oppdatert

– Eg trur diverre at studentar må fokusere litt på alt, fordi vi gjer ei heilskapsvurdering, seier konsulent Karina Bjørnøy Dørheim i Adecco.

Kortfatta innlemming av massevis med erfaring

Johnny Tran er HR-spesialist i Norsk Hydro, han arbeider med rekruttering og tilsetjing. Han meiner at det er viktig å sjå på CV-en som ein heilskap. 

PRAKTIKANTSTILLINGAR: Johnny Tran, HR-spesialist i Norsk Hydro, fortel at friviljuge verv og deltidsjobbar vil vera viktige for å kapre desse stillingane.

– Når me vel ut kven som skal på intervju er sjølvsagt relevant utdanning det viktigaste. Utover det er både prosjekt, deltidsjobbar og friviljuge verv med på å skildre arbeidssøkjaren si personlegdom, motivasjon og interesser. 

Tran vektlegg relevansen til både deltidsjobb og friviljuge verv og at det er viktig å kommunisere det godt på CV-en, dog på ein kortfatta måte. 

– Om du søkjer på ei ingeniørstilling og har ein deltidsjobb som butikkmedarbeidar i ei daglegvarekjede, og eit friviljug verv der du har fått ingeniørerfaring, vil det friviljuge vervet vega tyngst. Sidan slike verv kan gjeva kunnskap om programvarar og andre vektøy som er viktige i ingeniørrolla. 

Vidare fortel Tran at det har skjedd fleire gonger i laupet av hans karriere at det er nettopp dei friviljuge verva som har vippa folk over til å bli tilsett.  

– Verv gjev kandidaten eit betre grunnlag for å snakke om sin erfaring og sitt engasjement, noko som kan bidra positivt i intervjuet, fortel Tran. 

Verv som ved fyrste augekast kan verke irrelevante, slik som styreverv og sosialverv ser heller ikkje Norsk Hydro bort i frå. 

– Ein lærer mykje om organisering frå slike verv. 

Til slutt føyer Tran til at desse friviljuge verva ein har i studietida er spesielt relevante for typiske inngangsjobbar, slik som praktikantstillingar.

Ser bort ifrå karakterar

Å SKILJE SEG UT: Tonje Sandgrind Refvik i DNB fortel at dei med efaring er betre på å løyse arbeidsoppgåver.

– Me prøvar så langt det let seg gjera å sjå bort ifrå karakterar. 

Dette seier Fagleiar for Employer Branding i DNB Tonje Sandgrind Refvik, som tek del i intervjuprosessen i bedrifta. 

– Forskning viser at samanhengen mellom karakterar og jobbprestasjon er svak, derfor ser me meir på interesseområder og ekstra relevante emner, seier Refvik. 

I stillinger som «graduateships» og praktikantstillingar, der det kjem inn mange søkjarar, opererar ikkje DNB med søkjerbrev. Dei har heller innført logiske testar og personlegdomstestar. 

– Dei logiske testane tester kandidaten sine problemløysingsevner og læringsevner, medan me har personlegdomstestar for å finne folk som passer inn i stillingane me lyser ut, fortel Refvik.

Viktigheita av konkrete eksemplar

Refvik fortel at det er fyrst i intervjuet at både verv og deltidsjobb vert viktig. 

RELEVANS: Rasmus Andersen, fagleiar ved St. Olavs, minnar studentane om å oversetje erfaringane sine til stilliga dei vil søkje på.

– Søkjarar skil seg ut på intervjuet ved å vera motiverte og vise det gjennom å ha sette seg inn i oppgåven ein skal løyse og å forstå korleis kontoret heng saman. Dette er noko dei med arbeidserfaring eller friviljuge verv ofte klarar raskare enn dei som ikkje har det.

Refvik framhevar relevansen av deltidsjobben og vervet. 

– Jo meir relevant erfaringa er, dess lettare er det for kandidaten å vise korleis den hadde prestert i ein jobb hjå oss, seier Refvik. 

Søkjarar med verv kan vise til konkrete eksamplar der dei har løyst oppgåver. Dette vektlegg både Norsk Hydro, St. Olavs og DNB tungt.

Både St. Olavs, NTNU og Trondheim kommune er offentlege verksemdar og opererar difor etter kvalifikasjonsprinsippet. Dette prinsippet seier at den som er best kvalifisert ut ifrå stillingsannonsa med tanke på utdanning, erfaring og personleg dugleik skal tilsettast. 

– Det vil seie at erfaring trumfar det meste, forklarar Rasmus Andersen, fagleder ved St. Olavs.

Verv viser kapasitet

Andersen fortel at St. Olavs vektlegg at formelle krav må oppfyllast for å komme vidare til intervju. Likevel påstår han at studentar med deltidsjobb eller verv på sida av studiet kan ha ein fordel ved jobbsøking. 

– Friviljuge verv viser at du har engasjement og at du tåler ei høg arbeidsmengd. Spesielt om du har klart å oppretthalde gode karakterar. Det viktigaste er å klare å omsetje erfaringa frå deltidsjobben eller vervet i cv-en og vise kvifor det er relevant til stillinga.  

UTVIKLING: Avdelingsleiar May-Liz Bjørnvik Tho fortel at Trondheim kommune arbeidar med å gjera stillingar meir tilgjengelege for nyutdanna.

Utlysingsteksta rår 

May-Liz Bjørnevik Tho er leiar for avdelinga for rekruttering og kompetanse i Trondheim kommune. Ho fortel at dei arbeider med å gjera jobbutlysingane sine meir attraktive for nyutdanna studentar.

– Me prøvar å utfordre leiarar på ordvala sine, slik at erfaringa kan overførast frå for eksempel verv eller deltidsjobber. Bakgrunnen for dette er at ein del leiare avgrensar utlysingane og gjer det vanskelegare å gjeva nyutdanna studentar moglegheit til å søkje. 

Tho fortel at kommuna aldri har karakterkrav i annonsane sine, men at karakterar likevel kan spela ei lita rolle.

Fekk jobben på grunn av friviljug verv

I fjor søkte kommunen prosjektmedarbeidere. Dei enda opp med å tilsette fire studentar. 

– Ein av dei hadde mykje relevant erfaring med blant annet organisering frå verv på Studentersamfundet. Kandidaten hadde nyttig arbeidserfaring, sjølv om det var frå friviljuge verv. Det at kandidaten kan forhalde seg til andre personar, planlegge, strukturere og jobbe mot eit mål ser me at gjer ein forskjell, fortel Tho. 

Karina Bjørnøy Dørheim er rekrutteringskonsulent i bedrifta Adecco som held på med rekruttering og bemanning. 

– Eg har vore borti fleire annonsar der dei gjerne ynskjer nokon med erfaring, der studentar har danka ut erfarene folk på bakgrunn av friviljuge verv dei har hatt gjennom studietida, i tillegg til personlege ferdigheitar.

DANNINGSREISE: Avdelingsleiar Ros-Mari Berre minner om at studielaupet også er ei danningsreise.

– Det er sjeldan me finn eit supermenneske

Ros-Mari Berre er avdelingsleiar for HR på NTNU, ho oppfordrar studentane til å søkje verv innan noko du brenn for. 

– Engasjer deg i det du er interessert i. Ikkje ta det som eit ekstra studie. Du får ikkje ein formel kunnskap, men du får ein kompetanse. 

Berre er oppteken av at kandidatar ikkje treng å oppfylle dei ynska krava for å ha ein sjans. 

– Det er sjeldan at me finn eit supermenneske. Menneske er alltid under utvikling og me ser også på potensialet og kor lærevillig kandidaten er.

Høgt press på dei nyutdanna

HEILE PAKKA: Ellen Maria Sjelsbæk, pressetalsperson for Equinor, fortel at Equinor verdsett både akademiske resultat og erfaring utanfor studiet

Ellen Maria Sjelsbæk frå Equinor svarer Under Dusken på mail at dei verdsett unge fagfolk med gode akademiske resultater. På same tid verdsett dei erfaring utover studiane. 

– Som til dømes friviljug arbeid, aktivitetar og anna akademisk engasjement. Det viser at kandidatane har god driv.

Sjelsbæk fortel at graduate-stillingane deira er populære blant nyutdanna, men at det er høgt press på dei og at dei krev to år med relevant arbeidserfaring.

Tre nyttige tips til arbeidssøkjarar:

Til slutt har Dørheim ved Adecco tre nyttige tips til nyutdanna studentar som skal søkje jobb:

  1. Hugs å tilpass CVen etter det du søker på og skriv konkret erfaring eksplisitt. 

  2. Bruk søknadsbrevet til å utbrodere diverse erfaringar. 

  3. Skriv søknadsbreva sjølv, og bruk heller KI til å finpusse for å få eit mindre generisk søknadsbrev.

– Det er heilt vanleg å søkje på mykje forskjellig utan å få napp. Prøv å ikkje verte for nedbroten, sjølv om det kan vera tungt. Mange må vente ei god stund før dei treff blink, seier Dørheim.

Powered by Labrador CMS