Glassatrium med trekantet tak, høstfargede trær og skogkledd ås i bakgrunnen.

– Bygget ligg som ei kvit svane oppe på Dragvoll

I 2028 skal NTNU sine campusar i Trondheim samlast på Gløshaugen. Ein gong var planen å flytta alt til Dragvoll. Kvifor gjekk det ikkje slik?

Publisert Sist oppdatert

Arkitekt Per Knudsen fortel om idéane bak utviklinga av Dragvoll, eit prosjekt han jobba på saman med Henning Larsen.

– Ideen som vann arkitektkonkurransen var å laga eit rom i denne naturlege landskapsgryta og skapa ein dam som skulle liggja som ein vasspegel i midten.

KONTAKTBYGGING: Arkitekt Per Knudsen understrekar at heile poenget med Dragvoll-bruene er å sjå kvarandre.

Det var Stokkbekken det var snakk om å demma opp, bekken som i dag renn mellom Idrettsbygget og busstoppa på Dragvoll.

– Ein dam skapar jo ein møteplass både for menneske og fuglar. Tenk på havutsikt og kva det å sjå vatn gjer med oss.

Knudsen seier at Strindheim idrettslag hadde planar for Estenstadmarka, som ligg rett ved Dragvoll.

– Dei såg på marka som eit mogleg område for rekreasjon. Dei hadde til dømes store planar om å byggja ut skianlegg tilsvarande det som finst i Granåsen i dag.

Den kvite svana

– Alle fasadane på Dragvoll er på ein måte midlertidige, sidan ein planla å byggja ut. Difor er kledninga laga for å kunna takast ned.

I dag vert heile fasaden til bygget prega av kvite plater av eternitt, ei blanding av asbest og sement.

– Me tykte jo eigenleg at kopar var fint, sidan det vert patinera og vert grønare med tida. På den tida kom det mykje billeg kopar frå Chile, so det var eit rimeleg materiale.

Men dei fekk eit plent nei frå Statsbygg, ifølgje Knudsen.

– Fordi alle ville oppfatta det som eksklusivt og dyrt. Dei ville allereie oppfatta dei glasdekte gatene som eksklusive og dyre, og Statsbygg ville ikkje at det skulle sjå ut som eit luksusprosjekt.

Då laut fasadene sjå rimelege ut.

– Me fekk lov å velja ein ganske dyr eternitt, importert frå utlandet, sidan alle oppfatta eternitt som eit nøkternt materiale.

Knudsen trur at det ville vorte eit meir levande bygg med koparfasade.

– Men eg tykkjer eigenleg at den kvite eternitten har stått seg fint. Bygget ligg som ei kvit svane oppe på Dragvoll.

Å sjå og å bli sett

– Det banebrytande med dette forslaget var at ein både skulle skapa kontakt mellom studentar og kontakt mellom studentar og undervisarar, seier Knudsen.

– Ein skulle laga fellesskap. Det var kjerneidéen med gatene og heile prosjektet. Ein skulle sjå andre og bli sett.

Nokre dagar før opninga av Dragvoll møtte Knudsen rektor ved Universitetet i Trondheim Eva Sivertsen, som skulle flytta inn på Dragvoll. Ho stilte spørsmål til bruene som kryssar Gata.

– Ho sa: «Om eg skal til ein kollega på andre sida av Gata, so lyt eg gå over brua, og det vil seia at studentane ser meg». Men det var jo heile poenget med konseptet, seier Knudsen

GALLERI OG ARKADE: Gata på Dragvoll er inspirert av dei mest fasjonable gongestrøka på 1800-talet.

Denne kontaktbygginga mellom student og undervisar meiner Knudsen at manglar i planlegginga av campussamlinga.

– Det bygget som no vert planlagt tek ikkje dette på same alvor. Det skal samla alle studentane i ein klump på Gløshaugen. Då lurar eg på korleis dette møtet mellom student og undervisar ser ut.

I juni vart namnet til det komande bygget offentleggjort. Og namnet vart passande nok Eva Sivertsen-bygget, oppkalla etter den tidlegare rektoren.

– Me byggjer oss i hel

– Å leggja universitetet til Dragvoll var heilt feilslått byplanpolitikk, sidan det no skal leggjast ned etter 60 år.

Det seier Knudsen. Han stiller spørsmål til om campussamlinga kan vera like feilslått.

– Eg har respekt for at ein kan skapa positive synergiar av at studentar møtast på tvers av fagfelt, men eg er ikkje overtydd om at campussamlinga oppnår det.

Han tvilar heller ikkje på at bygget vil nyttast til noko nyttig etter at NTNU flyttar ut.

– Men er det om å gjera å byggja om, når det kan brukast slik det er i dag? Me i Noreg har eit overforbruk som gjer at me har brukt opp ressursane våre før påske.

Då viser han til Noreg sin overforbruksdag, 16. april. Han meiner at me lyt venna oss til eit lågare ressursforbruk enn kva me har i dag.

– So når Dragvoll fyrst er bygd, bør det få leva i 30-40 år til. Me byggjer oss i hel. 

Eit ideologisk val

– Men er eigenleg campussamlinga eit so stort tiltak?

Rådgjevar Gunnar Bovim ved NTNU reiser spørsmålet om campussamlinga eigentleg er eit so stort tiltak, medan han viser til budsjettet frå 2024 på 8 milliardar kronar. Han var sjølv rektor ved NTNU frå 2013–2019, den perioden då dagens campusprosjekt for alvor kom i gang.

– Eg er òg styreleiar ved Oslo Universitetssjukehus. Der byggjer me ut for 80 milliardar. Det er eit stort byggjeprosjekt. For meg var valet om campussamling eit ideologisk val, fortel Bovim

HEILSKAPSSYN: Tidlegare rektor ved NTNU Gunnar Bovim framhevar verdien av at studentane ser meir enn berre sitt eige fagfelt.

Han meiner at det dreidde seg om kompetansen til dei som utdanna seg ved NTNU.

– Gløshaugen lagde gode sivilingeniørar og Dragvoll lagde gode lærarar, humanistar og samfunnsvitarar. Men ingen stad i Europa er forholda betre for å læra sivilingeniørane om kva slags samfunn teknologien skal tena.

Førebygging av tredje verdskrig

Bovim fortel om ei reise til Technische Universität i Berlin som inspirerte han.

– Der fortalde dei at høgskulen bygde dei beste tanksane, dei beste bombene og all den beste krigsteknologien på 30-talet. Dei lagde det tyske krigsmaskineriet – utan motførestillingar.

So braut krigen ut, og etter krigen kom freden.

– Då hamna skulen i den britiske sonen av Berlin, og det vart spørsmål om kva dei skulle gjera med skulen. Ein kunne ikkje lata dei halda på som tidlegare og starta tredje verdskrig, men ein kunne heller ikkje bryta ned verdas beste teknologimiljø.

Løysinga vart å stifta eit universitet, fortel Bovim.

– For å få sivilingeniørgrad her var ein nøydd til å taka minst eitt fag frå humaniora. Den grunntanken er viktig, og campussamlinga handlar om det same.

Utsyn opp mot et symmetrisk glasstak med ståldrager og blå himmel.

Samfunnsspørsmål

– Me kan gjera det kjempebra både på teknologi og på samfunnsfag. Men det viktige er å skjøna korleis det heng i hop, seier Bovim.

– Tak kunstig intelligens som døme. Om me berre let Zuckerberg køyra sitt løp, so får me sikkert kjempegod kunstig intelligens, men me får eit dårleg samfunn.

Då treng samfunnsvitarane å vera med under utviklinga, meiner han.

– Dei kan ikkje sitja på sida og seia at det var dumt, og at han ikkje skulle ha gjort det.

For eit heilskapssyn

Det er tre ting som skal kjenneteikna dei som er utdanna frå NTNU, seier Bovim.

– Dei skal kunna faget sitt, dei skal ha gode verdiar med seg og dei skal vera meir nysgjerrige når dei slutar enn då dei byrja.

Han meiner at NTNU sitt samfunnsoppdrag er å utdanna kandidatar med brei kompetanse og forståing utanfor si eiga spesialisering.

– Me utdannar kandidatar til det norske samfunnet, og om dei er nerdar innanfor sitt eige område som ikkje kan noko anna, so gjer me ikkje oppdraget vårt. 

Han viser til at campussamlinga legg til rette for eit heilskapssyn blant studentane. 

Å eta matpakken i lag

– Den heilt konkrete effekten me forventar frå campussamlinga er at studentar skal taka emne på tvers av fakultet og fagfelt.

Bovim garanterer ikkje at studentar vil gjere dette som fylgje av samlokaliseringa, men han garanterer at ingen kjem til å gjera det om ein ikkje samlar campusane.

– Ikkje alle ingeniørstudentar kjem til å gå bort til Eva Sivertsen-bygget for førelesing i filosofi, men eg trur at mange vil det.

Denne kulturbygginga tek tid, seier Bovim.

– Eg har trua på at ein får til mykje meir når ein et matpakken i lag. Det kjem til å krevja leiingsarbeid i tillegg. Men den kampen må takast.

For dragvollingane si skuld

Campussamling er eit tiltak for studentane, seier Bovim.

– Som rektor opplevde eg at mange studentar på Dragvoll meinte at campussamling var riktig, og at studentane på Øya ynskte seg eit meir heilskapleg syn på helse. På Gløshaugen opplevde eg mindre medvit.

Dessutan hadde han inntrykk av at dei ynskte seg nærare byen.

– Studentane ville koma nærare Samfundet. Då vart det ein diskusjon mellom å samlast på Gløshaugen eller å byggja ut fleire campusar i Midtbyen.

Han såg òg eit ynske frå forskarmiljøa. Han kan ikkje peika ut éi enkeltgruppe som jobba for samlokalisering.

– Det var fleire faggrupper som såg at me trong eit større heilskapssyn.

Å byggja samfunn

– Visjonen då ein teikna Dragvoll var jo at ein skulle laga ein bydel. Det har ein ikkje lukkast med. Ein har laga ein studiestad med vakker arkitektur og kjempegode område, men ein har ikkje lukkast med å laga ein stad for å byggja samfunn rundt.

Bovim meiner at Dragvoll var veleigna for sitt formål då campusen opna, men at ein universitetscampus i vårt tiår skal oppfylla heilt andre samfunnsoppdrag enn på 70-talet.

– Om me ikkje er klare over det, so framstår heile campussamlinga som meiningslaus.

– Større fordel for Dragvoll-studentane

Bovim er ikkje aleine om sitt syn på saken. Tidlegare styremedlem i NTNUs styre i perioden 2022–2023 Roar Høiby Brakstad trekker òg fram verdien av tverrfaglege høve for studentane på Dragvoll.

– Eg vil kanskje våge å seie at det er ein større fordel for Dragvoll-studentane. Dei vil få mykje fleire høve til å kombinere ulike fagområde inn i grada si.

Smilende mann i mørk jakke på en gangvei med trær, sykler og bygninger i bakgrunnen.
POSITIV: Tidlegare medlem i NTNUs styre Roar Høiby Brakstad ser store fordelar ved samanslåing av Dragvoll og Gløshaugen.

Brakstad stemde ja på vegne av studentane i avgjerdene om samanslåinga, men styrerepresentantane måtte ta i betraktning fleire motargument. 

– Det var gjort mange store kutt frå det originale prosjektet. For nokon kan det jo ha vorte opplevd som at ein fikk ein slags «billigversjon» av campussamling. I tillegg meinte fleire at dei tilsette ville få betydeleg verre kontorlokale.

Den tidlegare studentrepresentanten fortel at det var fleire meningar blant studentane.

– Det fanst òg studentar som var imot campussamling, men det var eit mangfald av røyster med både nokon som var veldig for, nokon som var veldig imot og nokon som var veldig på midten.

Må kjempe for areal

Emilie Faarup Storvik satt saman med Brakstad i NTNUs styre då valet vert teke. Ho fordrar at campussamlinga vil styrke studentmiljøet i Trondheim.

– Det er eit skilje mellom studentar på Gløshaugen og studentar på Dragvoll og andre campusar i byen. Derfor såg eg på det som ei styrking av studentmiljøet å forene desse campusane.

Smilende kvinne med langt brunt hår foran en mørk trevegg.
STORE KUTT: Storvik fortel korleis kutta gjekk utover dei sosiale arenaene som skulle skapast i campussamlinga.

Storvik trekk òg fram det friviljuge studentmiljøet og at det såg ut til at det ville få meir plass til å utfolde seg på den nye campusen. 

– Me måtte heile tida fram med ei kuttliste. Det vart klart at det kom til å vera mindre areal enn fyrst førespegla. Det eg opplever er at det friviljuge studentmiljøet framleis må kjempe for areal, og det er ei bekymring eg skulle ynske at ikkje var der.

Storvik peiker på lite engasjement frå studentane for berre nokre år sidan.

– Mitt inntrykk var at den generelle student ikkje brydde seg i 2022. Dei skulle ikkje vera studentar i 2029–2030. 

Likevel trekkjer Storvik fram at studentar i studentdemokratiet og i det friviljuge miljøet brydde seg og tok opp diskusjonen. Storvik opplevde at desse studentane var positive til campussamling.

Roar Høiby Brakstad har tidlegare vore ein del av redaksjonen i Under Dusken.

Powered by Labrador CMS