NYBYGG: Samfundet-leder Astri Elgethun og administrerende direktør i Sit Lisbeth Glørstad Aspås samarbeider om å få nybygget av Samfundet på plass.

Sit med nye millionar til nybygg

Studentersamfundet og Sit har signert ei avtale som sikrar fleire millionar kroner til nybygg.

Publisert Sist oppdatert

Med dei siste millionane frå Sit stadfestar leder ved Studentersamfundet Astri Elgethun at nybygg er i rute, og vil vere ferdig til hausten. Til saman har Sit gitt 75 millionar til utbygginga. Som takk for hjelpa får ein av dei nye scenene på nybygget eit namn som symboliserer det gode forholdet Sit har til studentane og Studentersamfundet, skriv Sit ei pressemelding. 

Prioritering for studentar

GLER SEG: Elgethun gler seg til nybygget står ferdig.

– Sit er ein ideell organisasjon som jobber for studentane sitt beste. Samfundet er på mange måtar hjartet i studentfrivilligheita og ein institusjon i Trondheim. Vi er svært glade for å kunne bidra til realiseringa av nybygget ved Samfundet, seier administrerande direktør i Sit Lisbeth Glørstad Aspås i en pressemelding.

Elgethun fortel at støtta frå Sit betyr mykje for Studentersamfundet. Ho peikar òg på at 45 av dei 75 millionane frå Sit er ein konsekvens av at Velferdstinget mellom anna har nytta deler av semesteravgifta til nybyggfinansiering.

– Det er viktig å hugse at studentar òg har vore med på å bestemme at studentane sine pengar skal gå til nybygget. Det viser at utbygginga av Samfundet er ei prioritering hos mange, seier ho.

Ho fortel at Samfundet med støtta frå Sit no står veldig nært eit ferdig nybygg med meir enn berre menneske og tomme rom.

– Vi kan snart byrje å fylle Samfundet med scene, lyd og lys, og det gler vi oss veldig til. 

 LES OGSÅ:  Trondheim med i storslått EU-satsing

Ikkje heilt i mål

Sjølv om summen frå Sit er eit viktig bidrag til ferdigstillinga av nybygg, er ikkje finansieringa ferdigstilt.

Kor skal resten av finansieringa kome frå?

– Mykje er enno uklart, og vi veit ikkje nøyktig kor mykje penger vi treng til slutt. 

Ho er likevel sikker på at nybygget står ferdig til hausten.

– Det blir opning til hausten. Vi er ute av den fasen i prosjektet kor dei største sprekkane i budsjettet er.

Elgethun legg til at mykje av innreiinga og ferdigstillinga kjem til å gjerast av dei frivillige som jobbar på huset.

– Ein viktig del av Samfundet er at vi liker å fikse ting, og her har vi ei fin moglegheit til å sette vårt eige preg på dei nye lokala.

Ho fortel avslutningsvis at ho gler seg til nybygget står ferdig, og at det blir spennande å sjå korleis huset blir tatt i bruk med menneske og liv og røre i seg.

 LES OGSÅ:   Studentens innflytelse på rektorvalget

Powered by Labrador CMS