Kongen av digresjonar

Kvardagen startar ved første forelesing, og sluttar når ølen er tom. I mellomtida har Studentersamfundets nye leiar mange tankar i hovudet.

Publisert Sist oppdatert

«Har du tid til eit intervju med Under Dusken neste veke?», sendte vi i ein sms. «Eg er på Samfundet kvar dag framover, så har generelt tid når som helst», svarte den nyvalte leiaren av Samfundet, Per Fridtjof larssen.

Fakta

Per Fridtjof Larssen:

• Født i 1990 • Frå Nøtterøy i Vestfold • Studerar sivilingeniør, bygg og miljøteknikk • Tidlegare leiar for lørdagskomiteen• Overtok leiarvervet ved Samfundet 17. mai 2014

Etter å hatt verv i lørdagskomiteen i tre år, har det sjeldan gått ein dag utan at han er på «Huset». No blir det fjerde året Larssen tek på seg eit frivilleg verv.

– Altså, livet mitt består av studier og Samfundet. Det har blitt sånn dei siste åra. Men eg vil ikkje forandre på det.

Drikk for mykje øl

Dette blir det fjerde året Larssen tek på seg eit frivillig verv. Han er også på sitt fjerde år i studieløpet. Etter planen skal han vere ferdig med ei sivilingeniørgrad i bygg og miljøteknikk om to år. Til normert tid, altså. Å kombinere eit så stort verv med ei tung studieretning, ser Larssen på som «relativt uproblematisk».

I løpet av ei vanleg vekedag er den opphavlege planen å vakne til første forelesing. Men ting går ikkje alltid som planlagt.

– Det har skjedd nokre gongar at eg plutseleg ikkje har fått med meg dei tolv siste forelesingane, så då er det rett på lesesalen og gjere dei obligatoriske øvingane.

Heime på eigen hybel er han først etter det siste møtet er ferdig rundt klokka 22. Eller som han sjølv påpeikar: «litt for ofte er eg heime etter den siste ølen er drukke opp». I studiekvardagen har alkohol ein sentral plass i mykje av det sosiale som skjer, men å prøve å forandre på drikkemiljøet på Samfundet er ikkje noko Larssen vil benytte leiarposisjonen sin til. Og det er rett og slett fordi han drikk for mykje sjølv til å rette ut peikefingeren.

– Eg føler ikkje at eg er den rette talsmannen for det. Eg kan ikkje stå og sei at folk må skjerpe seg, når eg innerst inne veit at eg ikkje kjem til å gjere det sjølv.

Mange meiningar om meiningar

– Så kva er det du vil engasjere deg for framover?

Eg vil at studentar skal ha fleire meiningar, og stå for dei. Eg veit at fleire av dei som stemte på meg under valet var einig om at studentar må vise at dei er samfunnsengasjerte. Det er så lett å bli nøytral, og sjå dei positive og negative sidene med alt. Då blir ein liksom apatisk til alt.

Larssen brenn tydeleg for akkurat dette temaet, og forsett ein lang tale, om meiningar og slikt.

– Ein skal aldri forfekte perspektiva i noko, men om ein brukar det til ei unnskylding for å ha eigne meiningar, så blir det ei unnskyldning. Gir det meining, spør han og ser opp.

Han forklarar at slike utsegn virkar fornuftige i hovudet, men på vegen mot poenget tek han ein ny veg, og endar opp ein heilt anna plass.

«Det skjer ofte det der», seier han. At han ikkje får sagt det han har planlagt. På spørsmål om korleis det var å sitje som kandidat under utspørjinga til leiarvalet, seier han at det var som ein eksamen.

– Du veit når du sitt på eksamen og byrjar på eit avsnitt der du eigentleg veit kva du skal fram til, så plutseleg har du skrive om noko heilt anna?

«Eg vil ikkje bli framstilt som ein gærning som prøvar å overbevise alle om å slutte å ete kjøtt.»
– Per Fridtjof Larssen, Leder av Studentersamfundet

Feminine følelsar

Når han kjem inn på temaet konserter og musikk har han så mykje som skulle blitt sagt, at det går litt i surr. Etter tre år i lørdagskomiteen har han oppdaga mykje nytt, og akkurat no er det Arcade Fire som er høgst prioritert på spelelista.

– Kva høyrer du på som du helst ikkje pratar høgt om?

–Eg har problem med å sei at eg har nokon «guilty pleasures» når det kjem til musikk. For på eit eller anna punkt likar ein den musikken også. Men for min del går det meir på at eg kanskje ikkje er målgruppa til artisten som eg er litt flau over å like.

Artisten han snakkar om no er Veronica Maggio.

– Ho er brutalt ærleg, trist, og veldig glad. Musikken er bra, men så er den også veldig feminin. Og dermed ikkje retta mot meg. Men hallo, følelsar er ein kjønnsnøytral ting, og musikk er jo følelsar, påstår han.

Så tenkjer han over sitt eige utsegn, og nikkar nøgd.

Ingen gal vegetarianar

Telefonen ringar med jamne mellomrom, og han svarar blidt at han er oppteken, og rådar vedkomande til å spør nokre andre.Har han har dårleg tid? Han ristar entusiastisk på hovudet, og seier at det framleis er ein time igjen til middag, og den er også nokså fleksibel.

– Det blir ofte mat på Samfundet, enten frå Sesam, pizzabakeren, eller lyche. Eg har veldig lite ansvar for min eigen mat, når eg tenkjer etter, seier han, og legg til at det dessverre skjer at middagen består av eit kakestykke på Edgar og ei øl.

Og apropos digresjonar, utifrå middagsutsegnet byrjar han å prate ein halvtime om at han er vegetarianar.

– Eg har vore vegetarianar i to år no, og sjølvsagt er det en grunn til det. Eg har mange meiningar om det å være vegetarianar seier han, og ler.

– Nei da, eg vil ikkje bli framstilt som ein gærning som prøvar å overbevise alle om å slutte å ete kjøtt. Det er eit veldig personleg val, og det er både på grunn av miljøet, og det etiske. No har vi kome til det punktet at mat og dyr ikkje er det same eingong. No er ikkje biff lenger ei ku. Biff er som eit eple, berre mykje dyrare. Og det vert feil, fastslår han.

Bonus

Å kunne skrive på CV-en at ein har jobba eitt år som leiar for Studentarsamfundet i Trondheim kan umogleg være negativt. likevel er larssen veldig oppteken av at ein skal ta på seg frivillege verv for å tilføre studietida si noko ekstra morosamt.

– Eg meinar at dei som tek på seg verv på Samfundet er engasjerte til å gjere det beste for «Huset». For at alt skal gå rundt på best mogleg måte, må dei frivillege være innforstått med dette. Ein skal ikkje ta på seg ein slik jobb berre for å nyte godene etter at vervet er avslutta. Det er ein tanke eg prøvar å formidle til flest mogleg, fortel han engasjert.««

– Kvifor trivst du så godt på «Huset»?

– Eg har vore meir her enn heime dei tre siste åra. Det er her eg her, stort sett kvar dag. Så det er her omgangskretsen min er. Det er ikkje berre jobb, det er for det sosiale også. Eg jobbar, festar og pratar med dei same folka. Det er fint.

«Eg vil at studentar skal ha fleire meiningar, og stå for dei.»
– Per Fridtjof Larssen, Leder av Studentersamfundet

Når han først har litt fritid, er det konsertar, øldrikking og sosialisering som helst står på dagsplanen.

– Tidlegare spelte eg handball, og var flink til å trene. Det blir ikkje like mykje av det no, for å sei det sånn. Objektivt sett kan det virke litt trist at eg brukar så mykje tid på vervet, men eg kjennar meg sjølv godt nok til å vite at eg trivst.

Larssen har tidlegare vore funksjonær på Samfundet i to år. Men denne karen er absolutt ikkje ferdig.

– Eg føler at det framleis er ting eg kan bidra med. Eg vil gjere noko bra for huset. Alle verv bidreg jo i ein eller anna grad, men eg vil helst vere engasjert der det er mykje som skjer. Det hadde vel vore rart å trappe ned på kor involverte ein er? Men det hadde vel gitt meir meining, spør han funderande, og legg til at «nei, eg er rett og slett ikkje ferdig enno.»

– Spør igjen neste år

Stresset og dei mange oppgåvene som ligg framfor larssen ser ikkje til å skremme han nemneverdig.

– Alt er fint om dagen. Til trass for at det er varmt ute, og spesielt varmt på Samfundet. Men det er det einaste eg vil klage på. No byrjar folk å komme tilbake til byen, alle er glade i kvarandre, og det er programveke. Det betyr mykje jobbing, men så feirar vi også at sommaren er på hell, og kvardagen skal byrja igjen.

Tida har gått fort, og plutseleg brakar dagens første torden over høgskuleparken. Men før regnet høljar ned, har han tid til eit siste spørsmål.

– Etter det neste året er du vel klar til å roe ned på engasjementet?

– Sånn som eg ser det no, så er svaret nei. Men du kan spør meg igjen om eitt år. Då er det godt mogleg du får eit anna svar.

Powered by Labrador CMS