Kvestar regjeringas klimaplan:

– Viljen er ikkje der

Noreg er no meir enn dobbelt så langt frå klimamåla som i fjor. Regjeringa planlegg å doble kjøpa av kvotar frå land utanfor EU.

Publisert

– Regjeringa vil ikkje høyre på Klimautvalet 2050, ei heller sitt eige miljødirektorat. Vi veit kva som må gjerast, men viljen er ikkje der, seier fagrådgivar i Naturvernforbundet, Annette Bruer Stepanoski.

KUNNE GJORT MEIR: Rådgivar for Naturvernforbundet, Anette Bruer Stepanoski, meiner at innsatsen til regjeringa har vore for liten.

Ifølge statens eigne tal har Noreg sitt utsleppsgap meir enn dobla seg. Det inneber at Noreg har sloppe ut 13,3 millionar tonn CO2ekvivalentar meir enn det vi er forplikta til i Parisavtalen. I 2024 var talet 5,4 millionar. Til samanlikning var Noreg sitt totale utslepp i 2024 på 45 millionar tonn CO2-ekvivalentar.

Ifølge EU sitt skog og arealbruksregelverk er Noreg 36,4 million tonn CO2 i underskot. Talet er meint å gi ein indikasjon på klimaeffekten av naturinngrep, hovudsakleg på skog og myr. EU-krava er jamt over strengare enn dei i Parisavtalen, som Noreg heller ikkje ligg an til å nå.

Stepanoski i Naturvernforbundet seier at det er bra at regjeringa har skjerpt utrekningane sine slik at vi får eit tydelegare bilete på kor mykje som står igjen. Ho meiner på den anna sida at talen viser at regjeringa sin klimainnsats har vore altfor dårleg.

Statssekretær Astrid Hoem (Ap) i Klima og miljø departementet seier at Noreg alltid har overheldt sine internasjonale forpliktingar på klimaområdet og at dette skal halde fram. Utsleppa er på veg ned.

NEDTRAPPING TAR TID: Statssekretær Astrid Hoem seier regjeringa har gjort mykje, men framleis har ein stor jobb framfor seg.

– Noreg har gjort mykje, men har framleis ein stor jobb å gjere, år for år, erkjenner Hoem.

 LES OGSÅ:  Brann i studentbydelen Møllenberg

Færre unge er bekymra for klimakrisen

Tal frå NHO peikar på at unge er mindre bekymra for klimakrisen no enn i 2020. For leiar Anders Malvik og nestleiar Andrea Kierulf i studentlaget til Framtida i våre hender (FIVH) tyder ikkje dette nødvendigvis på at engasjementet har gått ned.

– Det vert feil å seie at unge ikkje bryr seg. Blant anna gjekk 15 prosent av førehandsstemmene på Dragvoll til MDG, og partiet hadde historisk oppslutning nasjonalt, seier Malvik.

ENGASJERTE: Leiar Anders Malvik og nestleiar Andrea Kierulf i studentlaget til FIVH meiner mange unge framleis er engasjerte i klimasaka.

Kierulf påpeikar også at mediedekninga av klima, spesielt før valperioden, har vore for dårleg. Klimakrisen har kanskje dei siste åra vorte overskygd i media av krig, folkemord og formuesskatt.

UNG OG ENGASJERT: Energi og miljø-student Gro Nergård er engasjert i Den grøne studentbevegelse. Dei jobbar blant anna for at studentar ikkje skal finansierast av oljenæringa fram til leitinga tar slutt.

Gro Nergård går femte året av ein grad i energi og miljø på NTNU og er engasjert i Den grøne studentbevegelse. Ho meiner at andre viktige saker ikkje treng å ta bort klimaengasjementet.

– Éin kampsak betyr ikkje at ein ikkje kan ha to. Studentar har kanskje berre så mange timar i døgnet, men det er mykje ein kan gjere for å vise støtte utan at det tar så mykje tid, ytrar Nergård.

Ho meiner at det kan vere lett å føle seg motlaus, men at dei unge framleis bryr seg om klimasaka.

– Klimakrisen er ein så stor, tung og katastrofal krise at det er lett for at vi føler oss veldig små. Som ung er det kanskje vanskeleg å vete kva ein kan gjere, påpeikar Nergård. 

Satsa på feil hestar

Noreg har lenge lege bak skjema når det gjeld å nå klimamåla i Parisavtalen. Dette har i tidlegare periodar vorte svart på med å auke satsinga på tiltak som biodrivstoff og havvind.

Nergård viser til at nokre av desse klimatiltaka – som bio drivstoff og metanhemmarar – har vist liten effekt. Det har gjort at regjeringa har avvikla satsinga i klima budsjettet. Statssekretær Hoem fortel at regjeringa ønsker ei saktare opptrapping av omsettingskrava for biodrivstoff.

– Fleire rapportar frå biodrivstoffnæringa har peikt på risiko for svindel og avskoging, seier Hoem.

Stepanoski meiner at det er bra at dei skalerer ned bruken av tiltak med usikker effekt.

– Dei har satsa på feil hestar, slår Stepanoski fast. Malvik frå studentlaget til FIVH meiner det vert mykje «symbolpolitikk». 

– Det er snakk om karbonfangst, elbilar og teknologiske løysingar som må utviklast for å løyse krisen. Det er bra at vi tenker langsiktig, men det er naivt å tru at vi kan løyse krisen utan å gjere meir no, seier han.

Arbeidarpartiet er kongen på haugen

Noreg har eit klimabudsjett som styrer satsingar på ulike klimatiltak. Slik regelverket er i dag, er klimabudsjettet berre satt saman av regjeringa. No når Arbeidarpartiet står åleine i regjering betyr det at andre parti ikkje får vere med på planlegginga.

No i desember skal det verte teke opp om resten av Stortinget skal vere med på budsjetteringa. Nergård håper forslaget vert stemt gjennom.

– Klima var ikkje eit viktig punkt for Arbeidarpartiet under valkampen, meiner Nergård. 

Både Den grøne studentbevegelse og studentlaget til FIVH er klare på at statsbudsjettet regjeringa har lagt fram ikkje er ambisiøst nok.

– Dei kunne gjort meir. Vi reagerer spesielt på at partiet ikkje berre fortset å leite etter olje, men også gjev avgiftslette til petroleumssektoren, fortel Kierulf.

Statssekretær Hoem seier regjeringa vil gjere det dyrare å forureine. Dei auka inntektene frå klimaavgifter skal komme folk til gode gjennom skatteletter. Ho poengterer at dei skal styrke arbeidet nasjonalt og kutte utslepp i Noreg.

– For å nå Parismålet, jobbar vi langs fleire spor. Vi har også sendt forslag om forbud mot nedbygging av myr og om klimakrav til offshorefartøy på høyring, ytrar Hoem.

 LES OGSÅ:   – Idéen om nøytrale forskere kommer fra middelalderen

FELLESSKAP: Den grøne studentbevegelse legg til rette for lavterskelarrangement for studentar med ein hektisk kvardag.

Kvoter hjelper oss med å nå klimamåla, men ikkje  med å kutte utslepp

I den nye klimaplanen for 2026 er det budsjettert for ein dobling av kvotar kjøpt frå land utanfor EU. Nergård i Den grøne studenterbevegelse meiner at slike kvotar er risikable, sidan rapportering av kva pengane går til ofte er dårlegare enn for EU-land.

Hoem fortel at regjeringa arbeidar for å kjøpe klimakvotar frå EU-land, men opnar også opp for å kjøpe klimakvotar frå land utanfor EU som eit sikkerheitsnett. 

– Det tar fort to til tre år å få på plass desse samarbeida, og vi kan difor ikkje vente til vi veit heilt sikkert om vi trenger kvotene. Stepanoski frå Naturvernforbundet meiner at Noreg lener seg i overkant mykje på klimakvoter.

Miljødirektoratet, Klimautvalet og Riksrevisjonen påpeiker risikoen ved å utsette utsleppskutt på heimebane.

– Noreg brukar kvotar som eit sikkerheitsnett om vi heng etter med utsleppskutt på heimebane. Dette gjev uklare signal til samfunnet og næringslivet om korleis og når klimainnsatsen skal skje, og då får du dei dårlege resultata vi ser no, fortel Stepanoski.

Oljesektoren skal verte verande

Naturvernforbundet peiker på at ein hjørnestein i regjeringa sin klimapolitikk er elektrifisering av sokkelen. Dette kuttar utslepp, men forlenger også oljealderen.

– Noreg var med på signere slutterklæringa på klimakonferansen Cop 28, som oppfordrar til omstilling vekk frå fossil energi, men har sjølv ingen planar om å bidra til dette, fortel Stepanoski.

 Hoem svarer at regjeringa sin plan er å fase ut utslepp, ikkje næringar.

– Alle næringar må omstille seg, også oljenæringa, seier statssekretæren.

Den internasjonale domstolen slo i sommar fast at utviding av oljeproduksjonen og nye leitelisensar kan være i strid med folkeretten.

– Dette er eit tydeleg varsel om at omstillinga vekk frå olje og gass også må omfatte produksjon, ikkje berre forbruk, ytrar Stepanoski.

Sjølv om produksjonen av fornybar energi aukar, aukar også fossil energi.

– Å stå på sidelinja og håpe at fornybar vinn, er ikkje nok, poengerer Stepanoski.

Malvik i studentlaget til FIVH meiner at Noreg er dårleg førebudd om olja går tom og vi ikkje er tidlege ute med å investere i grøn teknologi.

– På same måte som vi har ei eldrebølge, kjem vi til å få ei oljebølge om vi ikkje investerer i eit grønt skifte. Det er mange med kompetanse til å drive med grøn energi som kjem til å verte arbeidslause om vi ikkje gjer noko, seier Malvik.

Kva kan studentar gjere?

Malvik og kollegaen Kierulf meiner det handlar om å gjere dei små grepa, som å bytte kjøtt med plantebasert kost og plukke søppel i lokalmiljøet.

– Om ein stemmer MDG, ser ein kanskje ikkje ein stor forskjell, medan det å ha eit reint lokalmiljø er noko ein kan sjå veldig tydeleg, seier Malvik.

Malvik trekker fram plantebasert kost som eit av tiltaka som er vist å ha størst påverknad på klima. Eit tiltak som også er billig og bra for helsa.

– Ein kan jo berre byte takokjøtet med kikerter, så smaker det jo berre ti prosent verre. 

– Eller ti prosent betre, skyt Kierulf inn.

 LES OGSÅ:  Gruvedrift på havbunnen: - Pisser på alle miljøfaglige råd

Kva er klimakvotar?

1. Halvparten av Noreg sine utslepp er inkludert i EU sitt klimakvotesystem. Her vorte det sette eit felles tak for den totale mengda utslepp av CO₂. Alle land får tildelt ei viss mengde dei kan sleppe ut, som etter kvart blir lågare.

2. Noreg kan også kjøpe delar av klimakvotane allokerte til EU-land om me går utover vår eiga grense.

3. Utover dette kan Noreg kjøpe kvotar frå land utanfor EU gjennom eit system under Parisavtalen. Noreg har ikkje lov til å bruke desse til å overhalde klimaavtalen med EU, men dei kan brukast til å «bevise» reduksjon i utslepp for å nå Parisavtalen.

Kjelde: Naturvernforbundet

Powered by Labrador CMS