OPTIMISTISKE: Casper Kristoffersen, Erlend Borsholm, Rolf Erling Bekkelund og Preben Andersen ynsker nye tilskot i gruppa.

Eit nytt KI-program av og for studentar

I dag skal Juvo, som består av fire studentar ved NTNU sin entreprenørskule, lansere eit flunkande nytt KI-program.

Publisert

Programvara som dei fire studentane har brukt hausten på å laga heiter Useful – eit KI-drive tekstredigeringsprogram som både har chatbot og ein kunnskapsbase med kjelder på same stad. Dei hevdar at programmet både vil effektivisere og forbetra blant anna akademisk arbeid.

Gjengen som utgjer Juvo består av Erlend Barsholm frå Bergen, Preben Andersen frå Asker, Erling Bekkelund frå Lillehammer og Casper Kristoffersen frå Trondheim. Alle fire går siste året på NTNU sin entreprenørskule. 

Dei fortel om eit ynske om å utvida gruppa og legg til at det kanskje hadde vore hensiktsmessig med litt mindre «gutta-stemning» i teamet.

Borsholm fortel at dei har teke namnet Juvo frå latin. Det betyr å støtte eller å hjelpe, noko dei har som mål å gjera i sitt arbeid. 

– Me starta med eit ynske om å effektivisera prosessar ved hjelp av kunstig intelligens.

Alt samla på ein stad

Tidlegare jobba dei med å effektivisera saksbehandling i forsikringsbransjen. Etter sumaren endra dei fokus til kunnskapsarbeid og akademisk skriving, medan dei samstundes retta seg mot studentane. Dette har resultert i eit nytt produkt. 

SPENT: Erlend Borsholm gler seg til å lansera betaversjonen av Useful.

– Useful er produktet me i Juvo tilbyr. Der samlar me alle ressursar, tekstredigeringsprogram og språkmodell som ein brukar for å skrive ei tekst på ein stad.

Dette gjer dei slik at ein ikkje må byta mellom mange forskjellige applikasjonar medan ein produserer tekst.

KI som ikkje gjer mennesket degenerert

– Vi jobbar for å skapa ein tryggare og betre måte å jobba med KI på, seier gutane i Juvo.

Borsholm fortel at hjerneaktivitet vert monaleg redusert når ein brukar KI. Spesielt når KI vert nytta til å skriva heile oppgåver. I tillegg meiner han at slik bruk av KI hemmar kreativiteten og at læringutbyttet også vert forminska.

– Useful skal ikkje berre gjera oppgåva for deg, men fungerar som ein sparringspartner som jobbar sokratisk med deg.

Han presiserar at Useful skal fungera som ein veiledar som tvingar fram brukaren sin eiga refleksjon og som ikkje står i vegen for kritisk tenking.

– KI skal styrka mennesket, ikkje erstatta det, framhevar Borsholm.

Han vedgår at dei ikkje er sikre på korleis dei skal gjera Useful betre enn andre KI-tenester. Han fortel at det forskast mykje på læring i samhandling med KI for tida, men at ekspertane framleis er usikre på korleis dette skal gjennomførast.

– Det er langt ifrå eit ferdig produkt.

På sjølvaste halloween, altså fredag 31. oktober, lanserer gruppa ein beta-versjon av Useful. Det er mogleg å melde seg på ei venteliste for å vera med å teste programmet. Deretter vil Juvo bruke data dei samlar inn til å forbetre programmet. 

Andersen legg til at teamet siktar seg inn på å ferdigstilla Useful i januar 2026. 

– Me ynsker at flest mogleg studentar skal kunne nytta programmet i løpet av vårsemesteret.

Å bruka KI riktig

Borsholm er tydeleg på at ein må byrja å ta i bruk KI for å effektivisere arbeid. På same tid åtvarar han mot KI sin tendens til hallusinasjonar, altså at den finn opp informasjon og samanhengar dersom det manglar. 

Borsholm er klar på at dårleg bruk av KI ikkje berre skuldast sjølve KI-programmet, men også kva input me gjev systema. 

Han gjentek eit uttrykk som er velkjent i KI-bransjen: «shit in, shit out».

– KI må gjevast nok kontekst og ein god prompt, spesifiserer Borsholm.

Vidare understrekar han at det er viktig å vera påpasseleg med korleis ein brukar KI og vera kritisk til informasjonen ein får. Borsholm avslutter med at ein må spørja KI kva den treng av deg som brukar i staden for å berre stilla eit enkelt spørsmål. 

– Dette er akkurat det me skal hjelpe deg med utan at du treng å sjølv ta desse stega.

LES OGSÅ: Utsatte eksamener ved NTNU: – Fikk først vite det av mine egne studenter

Powered by Labrador CMS