Førelesarar med eigne pensumbøker: – Me tener lommepengar
Mange studentar opplever at det er for dyrt å kjøpa pensumbøker for fleire tusen kroner, samtidig som studiestytta er låg. Men korkje forlaga, bokseljarane eller førelesarane seier at dei tener særleg mykje på bøkene.
Hanna Torvund går siste året på ein bachelor i sosialantropologi på NTNU. Ho meiner at prisen på pensumbøker er for høg.
– Eg har to deltidsjobbar og føler framleis at alt eg har råd til er husleige og middag. Eg har kanskje råd til å gå ut på byen éin til to gongar i månaden. Då vert det kjipt å i tillegg skulle betale mykje for pensumbøker.
Gjer det for å verta ein betre førelesar
Ein førelesar som har skrive si eiga pensumbok, er professor Gunnar Fermann ved institutt for sosiologi og statsvitskap. Han seier at motivasjonen hans for å skriva pensum var fagleg.
– Om ein førelesar er lat, kan han setja ei engelsk pensumbok på leselista og tilpassa førelesingane etter det, seier Fermann.
Fermann har skrive den fyrste norske pensumboka om utarikspolitikk og utarikspolitisk analyse. Han meiner at norske fagbøker er eit viktig tiltak for å gjera faget tilgjengeleg.
– Studentane kjem frå vidaregåande og trur at dei kan lesa engelsk. Men når dei les ei engelsk pensumbok, viser det seg at dei eigenleg ikkje kan det. Med ei norsk bok blir språkkrava lågare, og det blir meir plass til fag, sier Fermann.
Fermann har sjølv lært mykje av å skriva ei eiga pensumbok. Han meiner at han har teke med seg erfaringar frå ei årrekkje med førelesingar.
– Eg gjer det for å verta ein betre førelesar, fortel
Fermann.
Berre lommepengar
Når det kjem til spørsmålet kring økonomi, fortel Fermann at førelesarar ikkje tener særleg mykje.
– Eg tener lommepengar, kanskje sju–åtte tusen kronar i året, seier Fermann.
Fermann meiner heller det er forlaga og bokhandlarane som vinn på at pensumbøkene er dyre.
– Hvis dykk undersøkjer forlaga og verdikjeda, så ser dykk truleg kor mykje det er me sit igjen med, oppfordrar Fermann.
Fermann påpeikar at problemet er at studiestytta er for låg. Til slutt spøkjer han om at boka hans kan ha hjelpt nokre studentar med dette:
— Eg skreiv boka med nokre studentar, så dei får
nok litt lommepengar òg, seier Fermann.
LES OGSÅ: Kriger om karakterene – NTNU taper
Særs låg timebetaling
Torbjørn Knutsen er professor emeritus ved institutt for sosiologi og statsvitskap på NTNU. Han gjer det klart at forfattarar tener lite på fagbøkene sine. Likevel veit han ikkje om det er forlaget eller bokforhandlarane som stikk av med mesteparten av profitten.
– Eg trur at forfattarane får i underkant av ti prosent, medan bokforhandlarar tek rundt femti prosent og til slutt får forlaget rundt førti prosent. Samstundes må forlaget dekkja utgiftene ved trykking, gjettar Knutsen.
I tillegg fortel Knutsen at forlaga gjerne vil ha
fagbøker inn på pensumlister.
– Forlag er ofte ivrige etter å få det du har skrive inn på pensum, seier Knutsen.
Knutsen meiner at hovudgrunnen til å ha si eiga bok på pensum er at han da har god kontroll på argumenta den inneheld. Det er ein kontroll som er vanskelegare å oppnå med ei fagbok skrive av ein annan forfattar.
– Dette kan me; me kjenner argumenta inn og ut, fortel Knutsen.
Vidare utdjupar han at det gjev førelesingane meir fagleg tyngd når ein nyttar si eiga bok.
– Det er da lettare å førelesa utan notat og svare på spørsmål frå salen, seier Knutsen.
Knutsen seier at han dessutan ynskjer å putta si eiga bok på pensum slik at studentane får møta akademikaren og dermed forstå at akademikarane som står bak bøkene er heilt vanlege menneske.
– Eg tykkjer at studentar kritiserer akademikarar
altfor lite, seier han.
Fagbøker som er skreddarsydde til pensum
Professor i sosiologi Aksel Tjora har lang erfaring som foreleser og merka dei fyrste åra at det var vanskeleg å finna faglitteratur som passar undervisingslaupet og studentane sine nivå.
Tjora har nå skrive 31 fagbøker, blant desse vert både Kvalitative forskningsmetoder i praksis og Vår sosiale virkelighet nytta til undervising. Tjora fortel at hovudmotivasjonen for fleire av bøkene har vore å lage noko som han kan nytte i faga sine.
– Metode -boka laga eg til eit emne om samfunnsvitskapleg forskingsmetode, mendan Vår sosiale virkelighet laga eg spesielt til eit emne med same namn, seier Tjora.
Tjora uttrykkjer òg at språkpolitikk er ein motivasjon for å skriva fagbøker. Han meiner at det er viktig for studentane å kunne nytta norsk fagspråk sidan dei utdannar seg i Noreg og seinare òg skal jobba her.
– Det er inga sjølvfylgje at me har eit norsk
fagspråk. For meg er det kjempeviktig å skrive norsk
og å ha eit norsk fagspråk, utdjupar Tjora.
Prøver å halda prisane låge
På fleire campusar i Trondheim er det Akademika som sel pensumbøker til studentane. Administrerande direktør i Akademika, Sylvi Steine, fortel at Akademika veit kva studentane meiner om prisane deira.
– Dette er ikkje ei ukjend problemstilling. Eg trur at alle studentar alltid har meint at pensum er dyrt, fortel Steine.
Steine fortel at ho òg er kjend med at kjøpekrafta til studentane er vorte trongare og at levekåra har vorte tøffare.
Ifylgje Steine er det forlaga som festar prisane på pensumbøkene. Prisane har stige i same takt som aukinga i kostnadane til forlaga, men det byrjar å nå eit brestepunkt.
– Nokre av bøkene har forlaga byrja å setja ned i pris, fordi dei ser at studentane ikkje tek seg råd til å kjøpa bøkene fordi dei ikkje har pengar, seier Steine.
Steine fortel at marknaden for norske fagbøker, særleg i fagfelt med færre studentar, er veldig liten.
– Lønsemda i dette systemet er låg i alle led. Akademika slit økonomisk. På mange utgjevingar er eg stygt redd for at ingen sit igjen med noka særleg fortenest, seier Steine.
NTNU betalar for husleiga til Akademika.
– Derfor kjenner me på eit samfunnsoppdrag
ovafor studentane for å levera alt dei treng, seier
Steine.
Steine forklårar at Akademika jobbar iherdug med å halda prisane for studentane så låge som mogeleg. Kvart år, når Akademika får pensumlistene, ringjer dei rundt til tallause forlag, for å få den lågaste prisen på pensumbøkene.
– Dette gjer me frå tittel til tittel. Det følast difor
litt fortvilande når studentane likevel trur at det
er me som sit igjen med mykje pengar i lommene,
seier Steine.
Ofre fire pils for ei pensumbok
Forlagssjef i Universitetsforlaget, Heidi Norland, seier ho har forståing for at studentane har fått lågare kjøpakraft dei siste åra.
– Eg skulle ynskja at me tok oss råd til ein studiefinansiering som gjer at studentane kan dekkja dei tre viktigaste behova: å eta, å bu og å kjøpa den faglitteraturen dei treng, seier Norland.
Ifølge Norland kjenner forlaga på at studentane ikkje tek seg råd til å kjøpa pensumbøker.
– Studentane må bu, dei må eta – og så kan dei lesa. Å ofra fire pils for å kjøpa ei pensumbok er eg veldig for, men eg forstår at det ikkje er den avveginga studentane står i, seier Norland.
Norland fortel at forlaga ikkje har fylgt generell prisindeks når prisane på pensumbøker er vorte justert dei siste åra, i motsetnad til andre varer.
– Matprisane har hatt ei enorm stiging, og me veit at dei store aktørane i den bransjen tener på det. Sånn er det ikkje i faglitteraturen, fortel Norland.
Norland fortel at dei akademiske forlaga har stått i ein krevjande situasjon i dei siste åra.
– Prisane på trykk, innbinding, frakt og liknande har auka med tretti til femti prosent på fem– seks år, seier Norland.
Ifylgje Norland er det ingen som tener stort på at
pensumbøker er dyre.
LES OGSÅ: Dette er Studenttingets nye leder