Hjelp, eg skal bli ein IFO!

Toget køyrer nedover Dovre, medan sjela mi snart treff Tigerstaden. Kanskje er graset grønare på den andre sida, men akkurat nå ligg hjartet mitt her – i byen for bartar, Dahls og nyinnflytta, forvirra studentar.

Det er på tide at eg bestemmer meg for om eg skal bli ein «Løkka-baddie-low-waist-IFO» eller ein «Et-på-Egon-IFO». Men først: Ein honnør til Trondheim og alt eg har lært. 

Seks år i Trondheim har lært meg mykje, men ikkje nok. Uansett, her er 17 lærdomar om stort og smått, ferskt frå meg til deg:

IFO

Eit akronym for «Ikkje frå Oslo». Brukast ofte av Oslo-folk om innflytarane, men det er omstridt kva det inneber. Nokon meiner at det famnar dei som drar på Kulturhuset, Egon og Los tacos, medan andre meiner det er krampaktige Løkka-innbyggarar som går med skjørt over buksa og støyter frå seg high-waist.

ATB-buss
  1. Trondheim er kanskje lite, men studentane krymper byen enda meir. Finst det andre stader enn Møllenberg, Gløs, Dragvoll og Solsiden? 
  2. Du kan tru at du kjem til å sykle til forelesing kvar dag, men røyndomen er at du kjem til å sitje på 3-aren. 
  3. Du kjem til å hate 3-aren, men ikkje like mykje som du hatar 12-aren (ei sagnomsust busslinje). 
  4. Gjekk bussjåføren ut i bussen og kalla deg for «din velse drit» fordi du ikkje strekte ut handa? Ikkje grin, du er ikkje den første (ta kontakt for meir info). 
  5.  Gutar har ei særeigen evne til å spre både drama og mystiske sjukdomar i underlivet, ikkje bruk så mykje tid på dei. (Er fastlegen din dårleg på kvinnehelse? Ta kontakt for meir info). 
  6. Om du så likevel møter ein gut som du kanskje vil vere saman med, kan du tenkje på det i maks seks månadar, ikkje lenger (han kan ikkje sitje på gjerdet heile livet).
  7. Drar du til Spania med nemntegut, bør du ikkje dra på fjelltur utan å avklare status først. Det kan bli ein klein og stressande affære. Dei to H-ane: «hiking» og «håpar ikkje du trur vi er saman» er ikkje ein god kombo. (Det gjekk bra, vi har begge blitt IFO-ar nå). 
  8. To ting får verkeleg studentblodet til å koke: Palestina og Linkedin-profilar. Eg støttar den eine og avstår frå den andre, du kan jo gjette kven som er kven. 
  9. Få deg verv! Då kan du finne framtidig karriereveg (eller studiumdistraksjon), kjæraste (som du kan dra til Spania med) og billig øl (kjem godt med ein fattig regnverskveld). 
  10. Sjølv om det dryp frå taket på Dragvoll kjem du mest sannsynleg til å overtale deg sjølv om at du elskar campusen. Samstundes et Gløsingane gratis middag og har eiga kaffimaskin (æsj, kven vil vel ha det). 
  11. Du bør dra ein tur innom Samfundet, men hald deg unna kjøttkjellaren. Kva er det? Spør ein ven. Hen vil nok seie det same (om ikkje bør du finne ein ny ven).
  12.  Ingen trur dei veit betre enn ein sivingstudent eller ein statsvitskapsstudent. Sorry. 
  13. Du kan førehandsstemme i Trondheim uansett adresse. Gjer det, og skam deg viss du gløymer det. Ein gong var eg óg dum og ung, (sjølv om det er vanskeleg å tru). 
  14. Du kan førehandsstemme i Trondheim uansett adresse. Gjer det, og skam deg viss du gløymer det. Ein gong var eg óg dum og ung, (sjølv om det er vanskeleg å tru). 
  15. Får du skrekken av Exphil? Du kan grine utanfor St. Olavs. Mang ein tåre har blitt felt der av ulike grunnar. 
  16. Om du har innbrot i kollektivet og ein ung fyr bruker alle barberhøvlane og handdukane dine, koker seg pasta, får diaré, drikk vinen din og stel sommarkleda dine, bør du låse ytterdøra. 
  17. Om roomien din klipper neglene med kjøkkensaksa på stua, bør du flytte (lenge leve Moholt).
  18. Til sist, kjem du frå Oslo? Tips takast imot med takk.

 LES OGSÅ: 

Powered by Labrador CMS