
Albumslepp og større draumar
Kari Harneshaug er i vinden. Me tok turen innom Cafè Løkka for å slå av ein liten prat. Om livet, nyplata og inspirasjonen.
«Ein uslepen diamant», «ein skjult skatt», «Trondheims svar på PJ Harvey.» Dette er berre nokre flotte formuleringar som har blitt brukt for å skildre denne dama. Debutalbumet Early Morning Memories kom for halvtanna år sidan. Oppfølgjaren 7th Day Saviour er rett rundt hjørnet. Det har vore to svært ulike prosessar, kan 26-åringen fortelje.
– Debutalbumet blei spelt inn på fem dagar. Dette har vore ein mykje lenger prosess. Tekstane blei skrivne for over eit år sidan, fortel Kari og lener seg engasjert framover.
Kari fortel at ho fekk eit arbeidsstipend frå tekstforfattarfondet til dette prosjektet.
– Det har vore veldig kjekt arbeid. Eg tykkjer eg har teke eit steg i riktig retning og utvikla meg. Til skilnad frå det fyrste albumet er uttrykket klårare på 7th Day Saviour . Det er mørkare.
Albumet vil då stå i stil til årstida me går i møte. Det er lett å sjå kvar inspirasjonen kjem frå, da Harneshaug fortel at ho har høyrt mykje på den nyaste plata til Nick Cave & The Bad Seeds i det siste, også av det mørkare slaget. Dessutan er ho inspirert av PJ Harvey .
– Eg tek det som ein kompliment å bli samanlikna med ho, men det er ikkje eit mål å etterlikne ho eller andre. Eg er berre meg sjølv og freistar å lage mitt eige uttrykk. Dette er kanskje veldig ambisiøst, men eg vil vidareføre den gamle rocken. Eg er oppteken av ekte lyd. Det skal vere autentisk, utan for mykje dill dall.
Inspirert av verda
Den nye plata handlar i stort monn om relasjonar og opplevingar, fortel Kari.
– Det treng ikkje å vere så personleg. Det er jo så mange kjensler der ute som ein kan formidle. Og det er sjølvsagt ikkje lett å gjera alle til lags. Resultatet kan gjerne ha ein brodd. Eg vil berre lage noko som er fint, men samstundes stygt om du skjønar.
Me forstår fort at dette er ei dame med mange jern i elden og som utfalder sine kreative sider på meir enn ein måte. Inspirasjon blir henta frå ulike hald og draumane er fleire og store.
– Eg blir inspirert av verda. Folk, kvardagen, livet. Og det er dette eg ynskjer å drive med. Eg ynskjer å leve av musikken, og det vil eg helst gjere til den dagen eg døyr. Eg vil utvikle meg og fortsetje med å skape noko nytt.
– Dessutan trivst eg svært godt med å stå på scena, då er eg i mitt ess. Men det skal seiast at eg set pris på alle prosessane med dette arbeidet, det å vere i studio. Eller å sitje åleine og skrive tekstar.
Travel haust
Kari kjem opprinneleg frå ei lita øy med namn Harøy i Møre og Romsdal, men har budd i Trondheim dei siste åra og studert blant anna musikkvitskap her. Og ho trivst godt i denne vesle byen vår
– Det er veldig kjekt å vere artist i Trondheim. Det er eit bra musikkmiljø her. Det er lite og folk kjenner kvarandre. Det skjer mykje og folk er flinke til å støtte opp om kvarandre.
Det kan likevel bli vanskeleg å få med seg UKA i år, all den tid albumsleppet krev sitt. Me freistar likevel å spørje om ho har tenkt seg på nokon arrangement den komande månaden.
– Om eg får tid har eg veldig lyst å sjå The National + The Tallest Man On Earth. Eg hadde ei veldig god UKA-oppleving for fire år sidan, då Jay Z opptredde. Det var veldig kjekt.
Det blei ei koseleg lita stund på Cafè Løkka, men absolutt ikkje vårt og nok heller ikkje ditt siste møte med denne ambisiøse spira. På releasedagen til det nye albumet, 10. oktober, spelar ho på Last Train i Oslo, før ho vender nasen nordover att til Trondheim. Der blir det konsert på Familien den 12. oktober. I november opptrer ho under literær salong på Trondheim folkebibliotek, der ho skal tolke Patti Smith-låter på nynorsk.
I denne utgåva av Under Dusken kan du lese meldinga av det nye albumet hennar.