Dømt til å kose deg

Med nokre hysterisk morosame sangnumer, stemningsskapande band og gjenkjennelege studentlivssketsjar, blir psykologirevyen Dømt til Livet en fornøyelig affære til tross for uoriginalt tema.

Publisert Sist oppdatert

Å ha livet som tema og å starte ein revy med fødsel og som sluttar med døden er ei godt brukt revyramme, som psykologirevyen berre delvis greier å gjere til sitt eiget. I opningsnumeret blir ei sædcelle dømt til å leve 80 år i Noreg i ei rettssak, som gjev klart bilete på revytittelen Dømt til Livet. Den pessimistiske tittelen vekkjer forventningar om ein original psykologivri på ein velkjent tematikk, men med unntak av eit par sketsjar om at studentlivet kan vere kjipt, blir ikkje temaet utforska vidare.

Det må seiast at sjølv om temaet ikkje er så originalt, så treffer studentlivsketsjane godt. Både «1001 prokrastineringer» og «The Call» er skamfullt lett å kjenne seg igjen i. Skodespelar Didrik Jeppesen Berg-Hanssen bruker stemmeleiet på ein slik måte at den einvegs telefonsamtalen faktisk høyrast ekte ut, og det heile blir veldig tragikomisk. Skjermbruken i sketsjen er også prikken over i’en.

Psykologirevyen skal ha skryt for god bruk av skjerm. I sketsjen «Dance Dance Revolution» ser vi det velkjente dansespelet på skjermen over scena, medan skodespelaren spelar på vanskligheitsgraden “flink pike”, som etter ein stund blir umogeleg. Det heile gir ein litt unik vri. At sangnumera også er teksta hjelper revyen mykje.

Musikknumera står igjen som dei klart beste sketsjane. Sjølv om ideane bak nødvendigvis ikkje er så originale, er tekstane stort sett så godt skrive og framført at publikum bakskrattar. Det er topp stemning i salen når ein homofil Knut Arild som lengtar etter seksuell kontakt med Gahr Støre og ein jentegjeng på vors som leikar ”eg har aldri” syng av full hals til kjente poplåter. Ein får lyst til å synge med. Spesielt skal minifinalen «Ingen vind i mitt segl» nemnast, der skodespelar Anna-Kristine Bakken Ericksen syng så sterkt om låg livslyst at ein nesten grin. Dessverre er verken opningslåta eller avslutningslåta like godt skrive som dei andre sangnummera, og blir fort glemt.

Bandet skal hedrast i psykologirevyen, der dei drar opp stemninga når sketsjane ikkje er på topp og gjer ein gjennomført god prestasjon. ”Gutta fra 6B” sit synleg på scena og ser ut til å kose seg, same med blåserekka på galleriet iført solbriller. Bandet får spesielt sin plass til å skinne i ouverturen, der det både er sax- og gitarsolo.

I fleire av sketsjane er revyen både aktuell og original, og greier å få fram velfortjente stikk og poeng. Men det er ikkje alltid at ein greier å kombinere dette med å også vere morosam. Dette gjeldar særlig for fyrste akt, der det er fleire sketsjar eg ikkje ler noko særlig av. Det tar seg opp igjen i andre akt, der stemninga blir meir jevngod. Alt i alt i alt er det ein godt gjennomført studentrevy og vel verdt dei to timane på Isak kultursenter.

Powered by Labrador CMS