Einsidig engelsk pensum - ei bjørnetjeneste

Ein opplyst debatt er avhengig av at folk har tilgang til fakta, og då trengst det norske fagspråket.

Tekst: Åsmund M. Kvifte, Sentralstyremedlem i Norsk Målungdom

Debatt

Språkrådet har gått gjennom pensumlistene for fyrste semester ved UiO, UiB og HiOA, og fann at mest alt pensum er på engelsk i mange fagfelt. I mange av desse fagfelta held det seg slik gjennom resten av utdaninga óg.

Dette er eit problem, av fleire grunnar. For det fyrste er det vanskelegare å setja seg inn i eit nytt fagfelt når det ikkje er på morsmålet. Om alt pensum er på engelsk, vert ein nystarta psykologistudent vurdert like mykje på evna han har til å skjøna engelsk, som til å skjøna folk. Sjølv om ein skjøner engelsk godt, er det likevel enklare på norsk.

For det andre treng ein norsk pensum for å verta trygg på norsk fagspråk. Det norske fagspråket gjer det veldig mykje enklare å snakka fag med lekfolk. Då er det faget som er bøygen, heller enn eit spesialisert engelsk. Det er viktig å snakka med lekfolk, i mange yrke, på privaten og i samfunnsdebatten. Ein opplyst debatt er avhengig av at folk har tilgang til fakta, og då trengst det norske fagspråket.

Når det likevel ikkje er meir norsk faglitteratur på pensum, er det av di det er lite oppdatert faglitteratur tilgjengelig på norsk. Det er ikkje det at ingen bryr seg. Professorar og amanuensisar brenn for faga sine, mange er språkinteresserte, og fagspråk døyr ikkje av seg sjølv.

Det er lite oppdatert faglitteratur tilgjengelig på norsk av di det ikkje gjev utteljing å laga han. Norske fagbøker gjev korkje pengar i kassa for universiteta eller prestisje i fagmiljøa. Soleis vert det eit arbeid for eldsjelar som har tid til å nedprioritera forsking og formidling som gjev pengar og prestisje.

Løysinga på floka må soleis vera å premiera dei som skriv lærebøker, og laga finansieringsordningar for å sikra oppdaterte pensumbøker. Då vil dei som brenn for forsking og formidling få rommet dei treng for å styrkja norsk fagspråk.

Powered by Labrador CMS