Gode idéar, svak lut

Publisert Sist oppdatert

I fjor starta Trondheim kommune året med eit framlegg om å stogge hyblifiseringa på Kalvskinnet – ein av mange studenttette bydelar i Trondheim. Rådmannen ønska å redusere talet på bustadar som var delt opp i mindre hybeleiningar.

Bebuarforeininga på Møllenberg og Rosenborg tok opp tråden og la fram ønske om å stoppe hyblifiseringa der. Dei meinte at utviklinga førte til segregerte bumiljø som tiltrekte seg studentar og skremte bort alle andre.

2007 starta ikkje ulikt 2006. Men i år er fokuset på studentanes vilkår sterkare. Kommunen ønskjer no å vurdere fleire tiltak som kan bremse hyblifiseringa, som ikkje berre er ei kjelde til segregering av bumiljø, men også til dårlege og brannfarlege studenthyblar.

Ein ny rapport viser at talet på studentar i Trondheim har auka med mellom tretti og førti prosent sidan 1997. Denne auken, kombinert med at Studentsamskipnaden har avgrensa effekt på marknaden (11 prosent av trondheimsstudentane bur i SiT-bustadar), fører til at hyblifisering har blitt eit problem i Trondheim by. Kommunen arbeider no med å greie ut tiltak som kan bøte på dette problemet. Slike tiltak kan til dømes vere aktiv tomtepolitikk (at kommunen aktivt sel tomter til seriøse utleigarar), buopplæriing, byhusvertordning, visningsassistanse – og så klart: ei bønn til regjeringa om meir tilskot.

Intensjonen bak desse tiltaka er god. Men spørsmålet er kor verknadsfulle dei vil vere. Regjeringa er van med å bli bedd om pengar, særleg frå Trondheim. Aktiv tomtepolitikk overfor SiT er eit godt tiltak, men det er avgrensa kor mykje samskipnaden kan byggje utan statlege middel. Buopplæring, byhusvertsordning og visningsassistanse kan auke kunnskapen og merksemda til studentane, men ikkje endre maktforholdet i marknaden.

Det er huseigaranes marknad. Så lenge marknaden er slik at det er lønnsamt å leige ut hyblar av dårleg standard, vil huseigarane halde fram med det. Studentane må ta til takke med det som blir tilbode.

Når marknaden ikkje fungerer på ein føremålstenleg måte, er det politikarane si oppgåve å regulere den. Å gjere det ved å byggje studentbustadar for ein million per stykk er ein dyr og ineffektiv måte å gjere det på. Metoden er iallfall for dyr til at regjeringa er villig til å bruke særleg med ressursar på den. Det bør vere ein klar indikasjon for styresmaktene at det er på tide med ei revurdering.

Powered by Labrador CMS