Studentbuddy-prisen
– Eg føler meg ikkje som «ho med CP», men som ein del av gjengen
NTNUI paraidrett er kåra vinnarane av Studentbuddyprisen 2026. Tilbodet deira for parautøvarar er heilt unikt.
Emilie Engen Asp (25) møter Under Dusken med eit stort smil i inngangen til Klubbhuset. Detta lokalet fungerar som basa til NTNUI sin administrasjon. I gangen ser me skorne til dei mange studentane som jobbar for at NTNUIs idrettsgrupper skal fungera på dagleg basis.
– Eg er veldig stolt over at NTNUI har dette opplegget. Så vidt eg veit er me det einaste studentutvalet for paraidrett, seier Asp.
I gangen får me ei innføring i NTNUIs lange historie og mange bragder. Veggane i Klubbhuset er smykka med NTNUI-fargar, mange diplom og storslåtte trofear. Stova er fylt med hardtarbeidande NTNUIare som utfører ymse arbeidsoppgåver.
Vinnarane av Studentbuddyprisen
NTNUI paraidrett har vunne fleire prisar for deira arbeid for inkludering. I august vart dei kåra vinnare av Studentbuddyprisen, i tillegg til Ole-nettverket i Ålesund. NTNU deler ut denne prisen til personar eller grupper som har skapt godt leringsmiljø og tilhøyrsle.
– Denne prisen gjer at me får synlegheit. Det gjer at me kan få engasjert fleire inn i verv eller som utøvarar, erklærar Asp.
Mange studentar har nok ikkje høyrt om NTNUI paraidrett då det er ei relativt ny gruppe med oppstart i 2022. Emilie Engen Asp er leiar i gruppa og har ein master i treningsfysiologi. Ho forklarer korleis NTNUI paraidrett arbeider.
– Me sitt som et administrativt utvalg under NTNUI sitt hovedstyre. I NTNUI paraidrett jobbar me med tilrettelegging, kompetanseheving og inkludering av paraidrettsutløvera.
I NTNUI paraidrett er sjølvsagt utøvarar med varig funksjonsnedsetting velkomne, men dei som er midlertidig skada kan også få hjelp.
– Det kan vera for eksempel eit øydelagt korsband, seier Asp.
Emilie Engen Asp fortel at dei har ei lovfesta parakontaktordning, i staden for å ha ei eiga paraidrettsgruppe.
– Me jobbar ikkje direkte med kvar utøvar. NTNUI har over 60 ulike grupper, der det er lovpålagt å ha ein parautøverkontakt i kvar gruppe. Dei fungerar som ein sparringpartner for utøverane, forklarar Asp.
Ein viktig del av studentfrivilligheita
Asp fortell korleis NTNUI fordrar fysisk aktivitet, på same tid som ein får vera ein del av studentfrivilligheita ved å sittje i administrasjonen.
– I NTNUI får ein det sosiale og ein får helde på med idrett, men ein får også kjenne på engasjementet. Her kjenner ein at ein får gjort noko for andre og noko som er større enn seg sjølv, uttalar Emilie Engen Asp.
Sjølv driv Asp på med symjing. Ho forklarar at i symjing konkurrerer ein mykje med seg sjølv, men at ein er framleis ein del av gjengen.
– Det er ikkje oss og dei andre. Eg føler meg ikkje som « ho med CP», eg kjenner meg som ein del av gjengen, bedyrar Asp.
Lett å tilretteleggja
Even Hodne Valaker (23) er medlem av paraidrettsutvalet og held på med roing. Han understrekar viktigheita av at paraidrettsutøvera for vera med i dei ulike gruppane til NTNUI.
– Noko av det viktigaste i studietida er å få delta på dei same arenaane som alle andre. Det er noko med å vera ein del av det vanlege miljøet, understrekar Valaker.
Vidare framhevar Valaker kor enkelt det er å tilrettelegge for at paraidrettsutøvera kan delta i ro-gruppa.
– Ein treng berre å byta setet på romaskina.
Hode Valaker påpeikar også at han ikkje berre brukar romaskine, men også ror på vatnet saman med ro-gruppa. Sjølv om roing lett kan tilretteleggast så kjente Valaker på tvil då han vurdere å bli med i NTNUI.
– Eg tenkte: Klarar eg dette?
Hode Valaker fortel at sjølv om han hadde tvil kjente han på meistring då han fyst satte i gong, fekk han kjenne på mestring.
– Eg har loppar i blodet
Dina Synøve Hamnvik (20) vert fyrstegongsstudent i fjorhaust og ho fann NTNUI paraidrett med ein gong og har ikkje sett seg attende. Nett som Asp og Valaker har ho CP.
– Etter kun ei veke var eg med i NTNUI Segling. Eg har loppar i blodet. Gjennom foråret var eg med på fem helgesamlingar, mange vors og mange treningar, utbryt Hamnvik.
I seglegruppa er Hamnvik med å seglar ein båt som heiter Ynglig, der er det plass til fem personar. Ho skyr ikkje ansvar det medførar, sjølv om ho har cerebral parese.
– Då er me avhengige av at alle gjer sin del av arbeidet eller så vippar båten. Sjølvsagt klarer eg ikkje alt med min finmotorikk, men då kan eg gjera andre oppgåver.
Dina trekk også fram kor viktig NTNUI har vore for studentlivet hennar.
– Nokon av kontaktane eg har fått har vorte nokon av mine næraste vener.
Omhandlar langt meir enn konkurranse
Tor-Arne Hetland er direktør for trening og idrett hjå Sit. Han påpeiker at trening er noko av det viktigaste studentar kan gjere for eiga helse. Han opplys om at fysisk aktivitet bidreg til betre form, redusert stress, betre søvn og styrkja psykisk helse.
– Samstundes er trening ein sosial arena der studentar kan møta andre og byggja fellesskap. I ei tid der einsemje og psykiske helseutfordringar aukar blant unge, er aktivitet viktigare enn nokon gong.
Nett som NTNUI Paraidrett lyftar Hetland fram det sosiale med organisert idrett, og seier det omhandlar langt meir enn trening og konkurranse.
– Det omhandlar tilhøyrsle, meistring og fellesskap. Dette er også viktig for parautøvarar, som ofte møtar fleire barrierar for deltaking enn andre.
Kan betyr dårlegare helse heile livet
Hetland fortel at trening, idrett og aktivitet styrkjer båe kropp, hovud og skapar fellesskap, alle dimensjonane er avgjerande for eit godt studentliv.
– Om me ikkje investerar i fysisk helse risikerar me i tida som kjem enno fleire generasjonar med dårlegare fysisk og psykisk helse enn tidlegare, stadfestar Hetland.
Vidare presiserar han at aukande fysisk inaktivitet, einsemje og utanforskap kan føra til meir psykisk uhelse, fleire livstilssjukdomar, lågare livskvalitet og redusert deltaking i arbeids- og samfunnsliv.
– For den enkelte kan konsekvensane vere dårlegare helse gjennom heile livet. For samfunnet betyr det auka helseutgifter og færre som står i jobb.
Direktøren er klar på kva som er konsekvensane om dette ikkje oppretthaldast og investerast i.
– Om me ikkje investerar i fysisk aktivitet og inkluderande fellesskap for unge i dag, vil me betala prisen i form av dårlegare folkehelse i morgon.
– Det psykososiale er minst like viktig
Emilie ynsker at studentane skal ta kontakt med NTNUI paraidrett og vektlegg den viktige rolle idrett spelar både i førehald til psykisk og fysisk helse.
– Folk lyt vita at uansett kva type funksjonsnedsetjing ein har, om den er lita eller kraftig, så er det ei moglegheit for alle. Om du held på for deg sjølv, ta gjerne kontakt med oss. Kom til oss så finn me ut noko ilag.
Vidare vektlegg Asp den viktige rolla idrett spelar både i førehald til psykisk og fysisk helse.
– Me vil ha med folk fordi fysisk aktivitet er viktig, men det psykososiale er like viktig, understrekar Asp.