Foreslår videoopptak av alle tradisjonelle forelesingar

Arbeidsutvalet ved Studenttinget på NTNU foreslår at det skal gjerast opptak av alle tradisjonelle forelesingar. Det kjem fram i ei innstilling frå Arbeidsutvalet i forkant av neste Studenttingsmøte.

Publisert Sist oppdatert

Vedtaksforslaget er basert på tilbakemeldingar frå studentmassen, fortel fag- og forskningspolitisk ansvarleg i Arbeidsutvalget på Studenttinget Sigurd Solheim. Mellom anna har det vore innspel frå ulike tillitsvalde og studentar, til dømes lesarinnlegg i Under Dusken, når det kjem til studentar som av ulike årsakar ikkje kan delta fysisk på forelesing, noko som blei aktualisert under pandemien.

– Å ta opp forelesingar er ein måte å angripe problemet på. Tanken er at det skal vere eit supplement. Visst ein ønsker eit fokus på studentaktiv læring, er nok fysisk deltaking det beste slik det er no, og NTNU vil nok vere einig i dette. Digital undervisning vil både kunne fungere som repetisjon, bidra til ein meir fleksibel kvardag, eller vere til hjelp for folk som er i karantene.

Korleis videoopptak skal gjerast i praksis er noko ein må finne ut først om forslaget blir vedtatt.

Sigurd Solheim er fag- og forskningspolitisk ansvarleg i Arbeidsutvalget på Studenttinget

– Ved bruk av alternative, digitale ressursar er ønsket at innhaldet skal vere av høgare kvalitet. Eit forslag kan vere at læringsassistentar og andre med stillingar retta mot studentar i ein utdanningsituasjon, kan hjelpe med å utvikle ytterligare digitale ressursar for studentane. Dette i form av innhald med ein viss standard for kvalitet som supplerar undervisninga slik seminar gjer idag, om ikkje på andre måtar.

Solheim påpeikar at NTNU allereie har erfaring med ulike løysingar for digital undervisning.

– NTNU har allereie gode, etablerte plattformar slik som Blackboard Collaborate og Panopto.

Solheim er samtidig klar over korleis videoopptak av tradisjonell undervisning kan by på utfordringar.

– Ei utfordring kan vere personvern, som til dømes når studentar stiller spørsmål og dei må klippast ut av opptaket. Her er det fleire måtar å angripe det på, som kan vere å fortsette å nytte interne plattformar for deling.

Dette er vedtaksforslaget:

Studenttinget NTNU meiner at:

  • Det skal gjerast opptak av alle tradisjonelle forelesingar, som tilgjengeleggjerast for studentane i faget fram til vurderingsgrunnlaget er levert inn, om ikkje lenger.
  • NTNU skal sørge for digitale ressursar og utstyr som gjer mulig opptak av all undervisning, uavhengig av format. Det skal som hovudregel kunne gjerast opptak i alle rom som blir nytta til undervisning.
  • NTNU skal ta ansvar for raskare digital kompetanseheving hjå undervisarar og ansatte som jobbar med studentane sitt faglege utbytte.
  • NTNU skal stille krav til undervisarane sin kompetanse knytta til bruk av digitale hjelpemiddel og opptak av forelesingar.
  • Bruk av digitale verktøy til opptak og forelesingar skal så langt som det let seg gjere standariserast og tilpassast universell utforming, samtidig som det er mulig å være kreativ i bruken av interaktive verktøy.
  • NTNU må sjå på muligheita for å utvikle digitalt innhald av høg kvalitet, som eit supplement til den tradisjonelle undervisninga.
  • NTNU skal gjere det mulig å følgje fleire fag digitalt, til fordel for utvekslingsstudentar og undervisning på tvers av campus og byar.

LES OGSÅ: Nå tester Trondheim kommune ut sortering av matavfall

Pedagogiske argument framfor pragmatiske omsyn

Professor ved Institutt for sosiologi og statsvitenskap Pål Erling Martinussen ser både fordelar og ulempar med den foreslåtte ordninga. Han er åpen for ei løysing der videoopptaka blir sletta etter eksamen, men er skeptisk til ei ordning der dei eksempelvis blir liggande ute.

– Som mange av mine kollegaer er eg skeptisk fordi det legg andre føringar for når det skal leggast ut. Dette semesteret har vi strauma alle forelesingane og følgd prinsippet om at det ligg ute til eksamen, så blir det sletta. Det er ikkje muligheit for å laste ned opptaka, men ein må gå inn på Blackboard å sjå dei der i frå. På denne måten kan ein ikkje laste ned og distrubiere vidare. Ei slik løysing er eg komfortabel med.

Sjølv om digitale opptak gjer at dei som ikkje har muligheit til å vere i forelesing kan få den med seg, legg Martiniussen vekt på at muligheita for diskusjon forsvinn med digitale opptak.

– Innanfor mitt fagfelt er det mykje diskusjon der ein vil prøve å provosere studentane fram på bana, skape litt debatt og vere kritisk. Derfor vil eit slikt opptak aldri kunne erstatte det å møte i auditoriet. I andre fagfelt er det kanskje meir hensiktsmessig.

Samtidig meiner Martinussen at det er viktig å lytte til studentane sine ønskje.

– Vi har aldri hatt eit tilbod om ein slik type undervisning før pandemien. I denne perioden har dette vore greit, men no når vi går tilbake til normalen blir det annleis. Likevel meiner eg at det er viktig å høyre på studentane, og visst det er dette dei vil må vi lytte. Men, det er viktig at digitale løysingar er basert på gode pedagogiske argument, og ikkje kjem som følge av pragmatiske omsyn.

Sigurd Solheim har tidligare vore medlem av Studentmediene i Trondheim.

Powered by Labrador CMS