IKKJE STUDENTANE SITT ANSVAR: UKEsjefane Selma Lindeman (UKA-25) og Nikolai Tandberg (UKA-27) meiner at NTNU og Statsbygg må ta ansvar for dei prosjekta dei skal gjennomføre, ikkje studentfrivilligheiten.

Fylling i Dødens dal skaper uro

UKA og NTNUI kallar prosjektet uføreseieleg. I lag med Sit er dei bekymra for at fyllinga ikkje vert ferdig til UKA-27.

Publisert

Til campussamlingsprosjektet krev Trondheim kommune at det skjer ei støttefylling i Dødens dal grunna kvikkleirerisiko. I byrjinga av mars kom beskjeden om at dei kun treng ei mindre fylling på sandvolleyballbana. 

FYLLMASSAR FRÅ GRÜNDERBRAKKA: Prosjektleiar for NTNU Campussamling, Arild Bjerkan, syner kvar fyllmassane skal bli køyrt.

– Å kunne bruka Dødens dal som arena er enormt viktig for UKA. Då eg var ny i byen var dette eit teikn på aktivitet, seier sjef for UKA-27, Nikolai Tandberg. 

Sjef for UKA-25, Selma Lindseth Lindeman, har vore med på mange endringar i dei siste to åra. Ho meiner at å fylla heile dalen ville vore best for studentane. 

– Heile prosjektet har endra seg veldig mange gonger, og ein veit ikkje heilt korleis det kjem til å verte. Nøkkelordet er at det er uføreseieleg.

Lindeman seier at UKA er mest bekymra for at det vil påverka rømmingskapasiteten. 

– Når ein endrar ein av rømmingsaksane ut av dalen, må ein gjera dei nødvendige tiltaka for at det ikkje påverkar kapasiteten. 

Det er fastsett at støttefyllinga skal vere ferdig før UKA-27. For at Statsbygg skal kunne byggja på tomta er kravet frå kommunen at kvaliteten må vere minst like god som i dag. 

– Me har fått garanti på at det vert ferdig til UKA-27. For oss er kvaliteten den same om kapasiteten er den same, fortel Lindeman. 

UKEsjefane er noko nølande på spørsmål om dei trur at fyllinga er ferdig til UKA-27, men held fast på at dei følgjer utviklinga nøye.

– Ein vert jo bekymra for at byggjeprosjektet ikkje vert ferdig. Det er heilt essensielt at fyllinga vert ferdig i god tid, slik at UKA kan planleggja drifta, seier Tandberg. 

Tandberg fortel at UKA er heilt avhengig av at fyllinga er ferdig til UKA-27. 

– Det er berre Dødens dal som er Dødens Dal. Om det ikkje vert noko av, vil eg sjå på som eit kjempeproblem. 

Tandberg konstaterer likevel at UKA27 skjer, uavhengig av om Dødens dal er tilgjengeleg.

Det er viktig med rollane 

STATSBYGG ER TILTAKSHAVAR: Bjerkan presiserer at kun Statsbygg er tiltakshavar, ikkje NTNU.

NTNUs prosjektleier for campussamling, Arild Bjerkan, forklarar at ein ikkje ynskjer å bruka meir pengar eller gjere større inngrep enn kva behovet tilseier, men seier at Statsbygg vil ivareta funksjonane på fotballbanen og rømmingskapasiteten til UKA. 

– Under støttefyllinga vil området verte avstengd. Ein vil prøva å halda seg unna fotballbana so langt det er mogleg, sidan det er eit krav å ikkje røra fotballbana eller backstageområdet til UKA. 

Han fortel at inngrepet inneber ei oppgradering av sandvolleyballbana og ein universelt utforma gangsti frå fotballbana opp til sandvolleybana. 

– Det vert mest sannsynleg ei brei, stor og permanent trapp opp frå fotballbana. 

Ambisjonen er at ein skal vera ferdig med inngrepa i løpet av sommaren 2027. Han konstaterer at prosjektet ikkje skal forstyrra eller redusera kapasiteten til UKA-27. 

– Eg trur fyllinga er ferdig innan eitt år, med eit ekstra halvår som buffer for eventuelle endringar, fortel Bjerkan. 

Bjerkan meiner at Statsbygg må svare på om dei kan gje noko garanti på at støttefyllinga ikkje står i vegen for UKA. 

– Det er viktig med rollene her. Det er Statsbygg som er tiltakshavar og har ansvar for anleggsverksemda som skal skje. 

Bjerkan forklarar at Einheit for campussamling er bindeleddet mellom Statsbygg, NTNU og dei involverte i prosjektet. Han seier at NTNU si rolle er å bidra til studieattraktivitet og dei har interesse av at studentane er nøgd. 

– Det er me som er kunden her, medan Statsbygg har ansvaret for gjennomføringa. Me har samarbeidd mykje med studentane undervegs. 

Om NTNU dekkjer kostnaden dersom inngrepet påverkar økonomien til UKA, svarar Bjerkan at Statsbygg skal prøva å ivareta behova til UKA. 

– Eg har ikkje noko peng til det formålet, og det skal ikkje vere eit naudsynleg tema. Føresetnaden er at Høgskuledalen skal vere i samsvar med det kravet UKA har.

IKKJE BEKYMRA: Leiar for NTNU sitt prosjektstyre for campussamling, Monica Rolfsen, meiner det er ingen grunn til bekymring for at fyllinga ikkje vert ferdigstilt i tide

Ingen grunn til bekymring 

Monica Rolfsen er leiar for NTNU sitt prosjektstyre for campussamlinga, og avfeiar all spekulasjon om at støttefyllinga ikkje står ferdig til UKA-27. 

– Ein vil starta med støttefyllinga i 2026, og det er lite sannsynleg at det varar langt inn i 2027, fortel Rolfsen. 

Rolfsen meiner at rekninga for tap av inntekt dersom støttefyllinga ikkje vert ferdig, ikkje er noko korkje UKA eller NTNU treng å ta, då fotballbana ikkje vert berørt. 

– Det er Statsbygg som byggjer, og i så store og komplekse byggjeprosjekt kan ikkje nokon gje absolutte garantiar, understreker Rolfsen. 

Rolfsen fortel at NTNU har løyvd tre millionar til oppgradering av fotballbana, men at ansvaret for studentidretten ligg hjå Sit.

– Me løyver desse millionane som ein gest fordi bana er i dårleg stand og for å leggja til rette for studentidretten. 

Monica Rolfsen er leiar i Finansstyret på Samfundet, og har meldt seg inhabil når prosjektet har vore oppe i Finansstyret. 

– Det er ikkje noko direkte interessemotsetnadar her, men når diskusjonen om Dødens dal og campussamling vart sopass tilspissa, valte mellom anna eg å ikkje delta i behandlinga. 

Ho seier at dei byrjer å grava ut seinast i haust.

Forventa meir til studentidretten 

IKKJE NØGD: Det trengs meir enn tre millionar kroner til oppgradering av fotballbana, meiner tidlegare leiar av NTNUI Njaal Ellegaard Melby.

– Me er veldig takksame for at NTNU løyver tre millionar til prosjektet, men eg er ueinig i at det styrkjer studentidretten,  fortel Njaal Ellegaard Melby, som er nyleg avtroppa NTNUI-leiar. 

Han vektlegg kor viktig Dødens dal er for NTNUI og studentidretten. 

– Dødens dal brukast av fleire tusen studentar i veka, ti av våre idrettar, studentfrivillegheita og lineforeiningar. 

NTNUI ynskjer ei reell oppgradering av dalen slik at dei kan danna «NTNUI arena», men det som ligg i prosjektet no er kun nok til reetablerte banedekke. 

– Me ynskjer først og fremst ei oppgradering av fotballbanedelen, der ein kan jobba med drenering og avrenning for å unngå slitasje. Denne oppgraderinga går no vekk, fortel Melby. 

Han seier at ei oppgradering kunne gitt plass til fleire studentar som står på venteliste. NTNUI og Sit ser på eit alternativ med to banar der lineforeiningsfotballen og studentligaen kan spele kampar på godkjent banestørrelse. 

– Det ville vore eit stort løft for heile studentfrivilligheita. 

NTNUI mister tilgangen til sandvolleyballbanane under inngrepet. 

– Vår frykt er at sandvolleyball-sesongen i april og mai forsvinn i byggarbeid. 

NTNUI-leiaren er skeptisk til om arbeidet faktisk vert ferdigstilt til studentidretten byrjer att etter sommaren 2027. 

– Det er eit stort inngrep med mange usikkerheitsmoment. Sjølv om det seiast at det ikkje skal påverke fotballbana under prosessen, så fryktar me at det skal skje. 

Han er klar på at NTNUI krev tydeleg og god kommunikasjon frå NTNU og Statsbygg. 

– Me treng tydeleg kommunikasjon om det eksempelvis trengs å stengja fotballbana ei veke. Me har ikkje andre arealalternativ. 

Då planen var å fylla heile dalen, såg NTNUI på erstatningsareal på Dragvoll. Melby fortel at det mellom anna skulle byggjast ei midlertidig fotballbane, som kunne brukast fast etter fyllinga. 

– Det er vorte initiert eit møte av Statsbygg og NTNU for å sjå på  erstatningsareal, men per no er det ingen konkret plan. Endringa i støttefyllinga er endå ei nedtrapping for NTNUI sin del, fortel Melby.

Ynskjer å røra fotballbana minst mogleg 

Prosjektleiar for NTNU Campussamling, Arild Bjerkan, fortel at det pågår ei brukarinvolvering i regi Statsbygg. Der drøftar NTNU med mellom anna Sit, NTNUI og UKA korleis dei vil forma sandvolleyballdelen. 

– Ein har diskutert korleis ting vert gjort under anleggsfasen. Ynsket er å forstyrra aktivitetane på fotballbana minst mogleg, fortel Bjerkan. 

På spørsmål om han kan gi nokon garanti på at støttefyllinga ikkje råkar studentidretten, svarar Bjerkan at Statsbygg ynskjer å gjennomføra dette i ei tid der det ikkje råkar studentidretten, eksempelvis juni og juli 2027.

Pausar arbeidet for UKA-27 

STUDENTIDRETT I FARE: Prosjektleiar frå Statsbygg i delprosjektet P0 i campussamlinga, Sigbjørn Skjørholm, seier at studentidretten kjem til å bli råka.

Sigbjørn Skjørholm er prosjektleiar frå Statsbygg i delprosjektet P0 i campussamlinga, og fortel at dei legg opp til at arbeidet skal vere ferdig til sommaren 2027. Han veit likevel ikkje om han kan svare på om Statsbygg dekkjer kostnadene til UKA om støttefyllinga ikkje står ferdig. 

– Me legg opp framdriftsplanen i henhald til at UKA-27 ikkje skal råkast. Me er rimeleg sikre på at me skal vere ferdig, men me kan ikkje garantera noko som helst. 

Han fortel at dei enno ikkje har detaljane klare for design og løysingar, og difor ikkje detaljane for sjølve byggjefasen. Det er andre enkeltbitar av prosjektet å ta omsyn til. 

– Viss me ikkje vert ferdige, so jobbar me so lenge me kan og sørgjer for at UKA kan arrangerast uansett. Då set me arbeidet på pause for UKA. 

Skjørholm fortel at brukargruppa har diskutert at studentidretten kan bli noko berørt. 

– Korleis fotballbana vert berørt er vanskeleg å seia. Ei eiga gruppe skal sjå på moglege løysingar for erstatningsareal. 

Prosjektleiaren meiner at mykje arbeid kan bli gjort på seinhausten og vinteren, men at sandvolleyballsesongen og idretten naturlegvis vil bli berørt. 

– Arbeidet vil ta sopass lang tid at det er vanskeleg å få det gjennomført før den tid.

NTNU må kome på bana 

Espen Munkvik i Sit har følgt prosjektet lenge, og fokuserer på at studentane sine interesser må bli ivareteke. Han fortel at NTNUI i praksis har levd med ei midlertidig bane sidan 2011. 

BEKYMRA: Espen Munkvik i Sit meiner at ein ikkje kan sjå på sandvolleyballbana og fotballbana som to separate anlegg, og er bekymra for at bana vil verta øydelagt.

– For å kunne få statleg finansiering til slike fotballbaner må ein kunne garantera at det vert ståande i minst 30 år. Banane vart i 2011 anlagt som ei midlertidig bane med prosjektert levetid på fem år.

Han fortel at det er ingen konkrete planar for nytt uteareal til NTNUI og studentidretten per no. 

– NTNU har eit strategisk ansvar for å ivareta studentfrivillegheita og difor studentidretten. Brukarinvolveringsprosessen som føregår no gjeld kun arealet som omfattar sandvolleyballbana. 

Sit er bekymra for at inngrepet skal ramma studentane og fotballbana og ikkje verta ferdig til UKA. Munkvik vektlegg at sidan Trondheim kommune eig dalen og Sit leiger den, har NTNU eit prosjekt på nokon andre si eigedom. 

– Me meiner difor at NTNU, som er tiltakshaver i lag med Statsbygg, må ta ansvar for å finne erstatningsareal til NTNUI. Sit ynskjer betre oppgradering av fotballbana, og NTNUI krev det. Her trengs meir enn tre millionar. 

Arild Bjerkan presiserar at det er kun Statsbygg som er tiltakshavar, men at dei jobbar i lag med studentane og NTNUI i brukarinvolveringsmøtene for å minimere tida studentidretten vert berørt av anleggsarbeidet.

Powered by Labrador CMS