Studentkollektiv + småbarnsfamilie = sant

For mange har studentby blitt synonymt med bråkeby. Kan folk med ulik livsstil leva side om side?

Publisert

I tredje etasje i eit jugendhus på Øya bur Liva Rindom Tofte, Alvilde Nissen- Lie, Rakel Sørhaug og Kaia Lowerson. Dei er studentar, sambuarar, venner og aktive i frivilligheita på Samfundet.

Å BANKE PÅ: Sofie Ryan Pharo vil gjerne bli betre kjend med dei andre i blokka si.
INITIATIV: Martin Rugekjøen Lie meiner det manglar initiativ for å samle studentar i nabolaget.

I etasjen under bur småbarnsforeldra Lise Aune og Martin Rugekjøen Lie.

På ein vilkårlig vekedag bryggar kaffimaskina på kjøkkenet deira ei ekstra stor kaffikanne. Dei får besøk.

Jentekollektivet er allereie godt etablert i den velkjende stova til Lise og Martin då det litt etter kvart kjem ruslande inn ein og annan student frå naboblokka.

– Me har ein gruppechat for naboar på Øya som ønsker eit sosialt og hjelpsamt fellesskap, seier Liva.

Ho og Kaia har bakt ei banankake som blir fortært raskare enn ein kjem seg frå postkassa deira til sjukehuset.

«Öiafestivalen»

For to år sidan kom Martin med ein idé: ein festival som skulle samle ei salig blanding av venner, naboar og familie til fest og spel. Bruktmarknad på dagtid og barnekonsert på kvelden.

– «Öiafestivalen» blei gjennomført takka vere heile huset. Kollektivet oppe har stilt som husband begge gongane festivalen har blitt arrangert, og det har fungert veldig bra!

Liva viser stolt fram t-skjorta si med heimelaga «Öia»-trykk på. Det blei fort klart at dette skulle bli ein tradisjon. Sjølv om det er eit litt uvanleg konsept, med ein litt rar blanding av folk, meiner naboane at det er noko fleire kan hente inspirasjon frå.

Sjølv var Martin og Lise nyleg ferdig studerte då dei flytta inn i leilegheita for fire år sidan. Dei syntest at det var for få møteplassar for studentar i nabolaget.

– Eg skulle ønske nokon kunne sett i gong ein studentkafé for dei som bur på Øya.

Martin synest det er synd at det ikkje har blitt tatt meir initiativ til å samle studentane som bur isolerte i kvar si blokkleilegheit.

– Shot-undersøkinga viser at dei er blant dei mest einsame i samfunnet. Dette treng me førebyggande tiltak mot.

LES OGSÅ: (G)UD tilgir dere 

Eit nabolag med kontrastar

SLABERAS: Rundt stovebordet anbefalast det å invitere naboar på kaffibesøk eller middag framfor berre fest.

Éi av dei i nabofellesskapet som er på kaffibesøk, er Sofie Ryan Pharo. Ho bur i blokka over gata, men har eit heilt anna forhold til dei andre som bur i bygget hennar.

– Eg kjenner eigentleg ikkje dei som bur i leilegheitene over og under meg. Me skulle gjerne hatt ein betre tone, men eg veit ikkje korleis ein skal ta kontakt.

Leilegheitskomplekset hennar har fått eit dårleg rykte på seg for å bråke om nettene og få politibesøk i helgene. Ho trur at slike situasjonar oppstår lettare når ein ikkje pratar med naboen sin.

– Ein oppfører seg mot folk ein kjenner.

Kollektivet synest at å ha ein gruppechat med dei ein bur i same bygg med, kan vera nyttig. Martin og Lise er einige og tilrår å arrangere sosiale ting saman.

– Og ikkje berre fest! Sjølv om vorspiel er eit naturleg initiativ for studentar i bli-kjend-fasen, kan det vera fint å invitere til sosialisering på dagtid også.

Men etter månadar i same bygg utan meir kommunikasjon enn eit nikk i gangen, er det vanskeleg å ta det første steget. Dei blir einige om at ein vennleg lapp på døra er ein sikker vinnar.

– Ein gong måtte me minne nokon om at dette er eit nabolag og ikkje ei festbule på Aya Napa. Då sørga me for å avslutte skrivet med at dei berre måtte seie ifrå viss dei trengte å låne noko. Det gjeld å ikkje vera sur, seier Martin.

Fordommar og steile frontar

BESØK: Nora Ingeborg Vinnes Jacobsen kjem på besøk over gata mens Rakel Sørhaug treng berre gå ned trappa.

Lise har merka at diskusjonen om naboskap mellom studentar og øvrige trondheimarar har tilspissa seg.

– Det har vore mange lesarbrev i Adressa om støy i område med mykje studenthyblar. Når desse berre handlar om anklagar og ansvarsfråskriving, blir det toneangivande for måten me snakkar om naboskap på.

Også i det private opplever ho fordommar retta mot studentar og stereotypiske naboforhold.

– Når venner og kollegaer får høyre at me bur i eit hus med studentkollektiv over og under oss, reagerer dei ofte med medynk.

Desse fordommane avfeiar ho raskt og frydefullt.

– Det er jo kjempehyggeleg! Når me er ute ein tur, kan me be om barnepass eller legge frå oss babycall-en med dei oppe. Og så er det fint å ha nokon ein kan invitere spontant på middag eller vin.

Dessutan er det fint å ikkje berre vera med folk i same livssituasjon som ein sjølv, synes dei.

– Det er litt artig at nokre av vennene våre ser på oss som «ville» som heng med studentar. Sanninga er jo at me eigentleg kjenner oss veldig streite.

SELSKAP: F.v.: Rakel Sørhaug, Lise Aune, Kaia Lowerson, Sofie Ryan Pharo, Viljar Nattlandsmyr og Liva Rindom Tofte

Kven eig byen?

Stort sett meiner naboane rundt stuebordet at det er relativt roleg om natta. Med nokre unntak, sjølvsagt. Ein gong det var overdrive mykje bråk i nabolaget, gjekk Martin ut og prata med ein av festløvene i gata.

– Då fekk eg høyre at eg «trass alt hadde valt å busette meg i ein studentby», så det måtte eg tole.

Sjølv er han fødd, oppvaksen og utdanna i Trondheim, og stussa litt over kommentaren. Han noterer seg at festkulturen har endra seg litt sidan 90-talet.

– Ungdommane herja jo i gatene då også, berre ikkje med svære høgtalarar på ryggen, seier trøndaren og ler.

Martin meiner at ein studentby kan vera hyggeleg å bu i for både studerande og andre folk.

– Det har vorte ein tendens til å tenke på studenttilværet som noko midlertidig. Studentar fortener å ha gode butilhøve, og resten av byen skal kunne leva sine liv side om side med dei.

Liva stadfestar at mange studentar nok tenker at dei eig byen og gløymer at det bur andre der også.

– Me er ikkje aleine i verda og må ta omsyn til det.

LES OGSÅ: De beste stedene å dra på kviss i Trondheim

Powered by Labrador CMS