Innfør listeval no

Dyster spådom: Nyheitssak i neste utgave av Under Dusken blir «rekordlåg valdeltaking til Studenttinget».

Publisert Sist oppdatert

Har du høyrt at det er val til Studenttinget? Sannsynlegvis ikkje. Kvar haust er det val til Studenttinget og kvart år ender valdeltakinga opp ein plass mellom tolv og 16 prosent. Det byrjar å bli ein kjip tradisjon at studentpolitikarane ikkje greier å engasjere studentane. Ein like lang tradisjon er Under Dusken sin kritiske dekning av gjentakande låg valoppslutning og laber interesse for Studenttinget. Resultatet har berre vist oss gong på gong at denne typen val ikkje interesserer studentane.

LES OGSÅ: Studenttinget ønsker ikke listevalg.

Tida er overmoden for å la oss inspirere av UiO og UiB og innføre listeval. Med denne valordninga organiserer studentane seg i lister som ein røyster på i staden for enkteltindivid. Listene minner om partier med politisk ideologi og vedtatt politisk program. Fordelen med eit slikt system er at ein viser kva dei som stiller til val er ueinige om. Det engasjerer. I Trondheim kan ein røyste på 26 forskjellige kandidatar der alle går til val for betre utdanningskvalitet, studentrettar og levande campus. I Bergen kan ein røyste på lister som vil at UiB skal vere føregangsuniversitet for grønt skifte eller la flyktningar studere.

Diverre har ikkje dagens studentpolitikarar ønskt listeval. Dei har vori nøgd med det systemet vi har hatt til no, der fleirtalet av studentane ikkje veit kva Studenttinget gjer og ikkje kunne brydd seg mindre. Dette er problematisk fordi Studenttingets legitimitet ligg i studentane sine røyster. Det vil seie at ved lågare valoppslutning vil Studenttinget få mindre makt til å påverke leiinga ved NTNU.

Ein kan definere Studenttinget som studentane sitt øverste demokratiske organ. Slik valet er lagt opp i dag kan ein ikkje lenger definere dette som eit velfungerande studentdemokrati. Med dagens personval har det blitt så uengasjerande at ein slit med å få nok folk til å stille til Studenttinget. Som ein konsekvens av dette blir det ikkje noko reelt val når ein såvidt har nok kandidatar til alle plassane. Kvifor skal den jevne student røyste når nesten alle kandidatane blir valde inn i studenttinget? Kvifor skal ein røyste når alle kandidatane står for dei same liktlydande sakene?

Det er problematisk at studentane har fått lite eller ingen informasjon om valet eller kandidatane ein kan stemme på. Det ser ikkje ut til å vere ein offentleg valkamp eller planlagt noko debatt. Her kunne listeval gjort ein stor forskjell nettopp fordi ein då hadde hatt fleire forskjellige organisasjonar som driv valkamp. I dag er det opp til det avtroppande Studenttinget og enkeltkandidatar å drive valkamp. Det er ikkje nødvendigvis slik at listeval vil få opp valdeltakinga ved NTNU. Ved forrige val ved UiO var deltakinga på 15 prosent, såvidt over valet i Trondheim i 2015. Eg meiner likevel at listeval vil få opp engasjementet blant grasrota av studentane og det vil hjelpe til å spre informasjon om Studenttinget og studentdemokratiet. Sånn kan vi skape eit reelt studentdemokrati og ikkje den bobla vi har no.

Til tross for dagens system burde den jevne trondheimsstudent likevel ta seg tid til å røyste ved årets studenttingval. Med høgare valoppslutning får vi som studentar meir gjennomslag for saker som engasjerer oss. Om du syntes listeval høyrest ut som ein betre idé, bør du finne ut kva for kandidatar som er for å endre systemet og røyste på dei. Til det nye Studenttinget: Sjå kor dårleg systemet de blir valt inn er og gå inn for å endre det. Det vil gi den beste politikken for ein som ønskjar studentanes beste. Eg håper spådommen min ikkje går i oppfylling.

Powered by Labrador CMS