Hygge med potensial

UTESTAD: Storås, Dronningensgate 11.

Publisert Sist oppdatert

Storåsfestivalen utvidar til Midtbyen. Sveinung Sundli og kompani har opna utestaden Storås. Nokre besøk til det nyaste vassholet i Trondheim viserat konseptet er på rett veg, sjølv om både lokala og mange av lovnadane vi har fått i media langt frå er fullførte.

Foto: Mari Vold, Under DuskenFoto: Mari Vold, Under DuskenFoto: Mari Vold, Under Dusken

Det første du møter i lokalet er ein stor peis det brenn livlig frå. Eldlogen sleikjer oppetter peisveggen, og tinar fort kalde fingrar. Nokre av veggane er dekorerte med mørkegrønn bestemortapet, andre stader står veggen som den sikkert har gjort dei siste tredve åra. Borda er fylte med levande lys, og over peisen heng fleire lysestakar. Ei fin samling ordførarar frå fordums tid og Henrik Ibsen ser på deg frå rundt om på veggane.

Ein kan velge mellom djupe øyrelappstolar og høge barkrakkar. Borda er ganske store, og du har plass nok til å setje frå deg både bok og pc saman med glaset. Eit problem er likevel at det ikkje er sitjeplassar til meir enn drøye tjue, i tillegg til om lag ti barkrakkar. På same tid er det god avstand mellom sitjegruppene, så det er rart at ikkje fleire sittegrupper har funne plassen inn.

I bakgården finn du skogreferansane til Storåsfestivalen, der trestubbar i ymse storleikar fungerar som bord og stolar. Bakgården gjev ikkje inntrykk av å vere eit fullført prosjekt, men eit provisorisk tak held i det minste regnet frå å sløkkje sigaretten.

Musikken er ein viktig del av Storås-profilen. Frå høgtalarane strøymer det musikk av den alternative og tyngre typen. Men variasjonen innanfor sjangeren er relativt stor, og det blir veksla fint frå folkrock og sigøynerinspirerte låtar til ganske normal poprock. Dei fleste vil nok finne seg godt til rette musikalt sett. Lydnivået er også passe høgt, og det går fint an å føre ein samtale utan å måtte rope altfor høgt. Konsertscena er av det mindre slaget, og tilskodartalet er begrensa. Men konsertprogrammet fram mot jul vitnar likevel om ambisjonar også når det gjeld levande musikk.

Ein blank halvliter kostar ikkje allverda, men prisen går i taket ved konsertarrangement og seine fredags- og laurdagskveldar. Moro er det derimot at kaffi har timespris, og den innovative kaffiprisen er ikkje avskrekkande. Alt i alt er serveringstilbodet heilt ok.

Atmosfæra er utvilsamt koseleg. Peis og levande lys varmar opp mykje av det kalde tomrommet som kjem frå nokre tomme veggparti og mangelen på sitjegrupper. Den somme tider framtredande nostalgien held, saman med nokre skogsreferansar, lufta fri for aggressivitet, og resultatet blir ganske avslappande.

Besøkstala frå opningsdagen vitnar om stor interesse for Storås-konseptet, sjølv om dei unike og særskilde delane kanskje ikkje stikk seg ut så mykje. Men Storås er absolutt på rett veg.

Powered by Labrador CMS