Kortvarig glede
Architecture in Helsinki/In case we die/Bar None
Med åtte musikarar har Architecture of Helsinki freista å presse inn eit vell av idear og innfall på ein 40 minutts langsspelar. Likevel har gruppa klart å lage ei plate som både er mangfaldig og lyttarvennleg.
Foto:
Plata vil kanskje irritere dei mest sedate radiolyttarane, som ønskjer å slappe av til tre føreseigbare minutt med vers og bru, men dei meir opensinna vil setje pris på andrealbumet til dei eksperimentelle australiarane. Jungellydar, klokkespel og elektrisk drill viser at gruppa ikkje legg band på kreativiteten. Men det er ikkje innfall for innfallas skuld. Sjølv om songane er fragmenterte og skiftar ham midtvegs, blir resultatet eit knippe vakre og lett tilgjengelege låtar.
Plata har ei hyggjeleg og nesten gammaldags atmosfære. Samstundes gjer dei stadig skiftande lydbileta at langspelaren får eit uroleg og ustadig preg – kanskje til og med masete i øyrene til somme. Det er her arkitektane frå Australia ikkje når heilt opp. Sjeldan maktar dei å skape ein heilskap som blir betre enn delane. Lyttaren engasjerer seg i fragmenta – ofte vakre og umiddeltbare – og ikkje i songane. Dermed blir dei gode opplevingane for flyktig til at ein gledar seg over musikken når plata er slutt.
Sluttinntrykket vert eit album – og ikkje minst ei gruppe – som ikkje maktar å få ut heile sitt potensiale. Musikarane har laga mange fine melodifragment i sitt Super Melody World Studio. Dersom gruppa maktar å ta neste steg som komponistar og låtskrivarar og skape heilskaplege songar, kan neste album bli ein vinnar. Dette albumet gir dessverre berre ei kortvarig glede; ei hyggjestund, men ikkje ei revolusjonerande lyttaroppleving.
Triveleg, utan å setje dei store kjenslene i sving.