
Kulturkrasj
Eg forlot leiligheita for å sjå Amreeka. I filmen forlet Mouna og Fadi okkupert Palestina for å prøve lukka i Amerika. Burde vi alle heller halde oss heime?
Mouna og Fadi er mor og son som bur i okkupert Palestina. I byrjinga av filmen er det også her vi er, midt oppe i livet med tomathandling på marknaden og tallause grensepasseringar akkompagnert av rytmar frå Midtausten. Fadi bruker amerikanske ord og uttrykk - eit signal om fascinasjonen av landet der alle draumar kan verte realisert. Og etter ei stund plumpar eit brev ned i postkassa, eit brev med opphaldsløyve i USA.
Amreeka freistar å vise oss to ting; utfordringa ved å ikkje føle seg heime i sitt eige land, og vanskane med å prøve å skape eit betre liv ein annan stad. Mouna og Fadi tek sjansen, og reiser til Illinois i USA, der dei har nokre slektningar. Men kan ein eigentleg føle seg heime ein anna stad enn nettopp heime?
At Mouna får vanskar med å finne seg jobb og at Fadi får utfordringar på skulen, kjem ikkje som noko overrasking. Dette er ein realitet dei fleste er kjente med i 2010, og når fimen baserar hovudkonflikten sin på denne utfordringa vert det for tamt. Kanskje hadde dette fungert for tjue år sidan, då folk visste mindre om utfordringane innvandrarar kan møte på? At Fadi kjem i klemmeri med dei kule kidsa på skulen, eller at Mouna må ta til takke med eit arbeid langt under hennar utdanningsnivå, er i dag for allmennkunnskap å rekne. Dette klarer ikkje å underhalde ein kinogåar i ein og ein halv time. Medan eg ventar på høgdepunktet som aldri kjem, tek eg meg sjølv i å kike på klokka og skuffa konstatere av vi berre er halvvegs.
Det einaste som kan redde ein film med ei tam historie er eit velskrive manus, men heller ikkje her har filmen noko å vise til. Dialogen er kjedeleg, og gjer sitt til at portretteringa av denne kulturkrasjen fell rett gjennom. Temaet med innvandrarar frå Midtausten er både dagsaktuelt og interessant, og difor er det ei skam at ikkje filmen maktar å presentere konflikten på ein betre måte.
Undervegs er det tvil å spore i andleta til Mouna og Fadi, hadde dei det betre i okkupert Palestina? Eg, derimot, har ikkje eit snev av tvil, eg burde halde meg heime.