Kunst utan utstillingsplass
Avgangselevane på masterprogrammet ved Kunstakademiet i Trondheim (KiT) fortviler. Med under eit halvt år att før masterutstillinga opnar, er det usikkert kor denne skal haldast.
KUNSTUTDANNING
Foto: Mona Ranum Østbråthen, Under DuskenSØKJANDE: Avgangselevar ved Kunstakademiet leitar etter etter utstillingslokale.Gry Schønberg Brenne og Trond Nicholas Perry er sisteårsstudentar ved KiT, og slett ikkje nøgde med situasjonen. Brenne kan fortelle at lokala til vanleg er klare eit år i førevegen.
– Masterutstillinga er tradisjonelt sett blitt halden på Trondheim Kunstmuseum, men i samband med utstillinga i år fekk vi signalar om at det ikkje kom til å bli slik våren 2007. Det er KiT som er ansvarlege for å skaffe atelierplass, og vi synest det er rart at opplegget enno ikkje står klart.
– Vi har hatt kontakt med tilsette i KiT, men har ikkje fått klare svar. Den siste tida har situasjonen stått heilt stille, verkar det som. Dei tilsette har jo sjølve kunstnarbagkrunn, så dei bør vite at stoda ikkje er god nok slik ho er i dag.
Usikker situasjon
Brenne meiner vidare at arbeidet med å finne lokale ikkje har vore tilfredsstillande.
– Arbeidet med å finne lokale starta ikkje før i haust, og det er for seint når ein veit kor lang tid i framvegen det er normalt å planlegge i denne bransjen.
Begge dei to kunststudentane fryktar at uvissa kan få faglege følgjer. Brenne vonar KiT finn lokale snart.
– Den usikre situasjonen får oss til å føle at vi må ta ansvaret sjølve, sidan det faktisk er oss denne uvissa går ut over. Vi er tvungne til å arbeide veldig ope, og det er vanskeleg å starte planleginga av det siste viktige verket allereie no.
Trond Nicholas Perry forklarar vidare at omgjevnadane kan ha noko å seie for arbeidsgangen.
– Vi jobbar ofte med stadsorienterte verk, og situasjonen gjer at det kan bli vanskeleg å kome igang med den kreative prosessen. Særleg innan ikkje-biletleg kunst bør ein ta omgjevnadane med i planlegginga, som til dømes kan vere bunden av proporsjonane og lyssettinga i rommet. Det blir i det heile vanskeleg å scenesette verka våre i hovudet.
Tek sjølvkritikk
Christel Sverre er masterkoordinator ved kunstakademiet, og ansvarleg for lokale til utstillinga. Ho er samd i kritikken, men viser også til at lokale til dette formålet er vanskelege å finne.
– Det er klart at vi må ta sjølvkritikk i denne saka. Det går alltid an å gjere ting betre enn kva vi har gjort. Men eg vil også legge vekt på at dei rette lokala er ikkje er enkle å få hand om. Vi jobbar hardt med saka, men har altså ikkje lokale klare per idag.
– Eg har eit mål om at lokala skal vere klare i midten av desember. Eg skjønar veldig godt studentane sitt problem og at dei er frustrerte, men dersom saka løyser seg innan desember burde førebuingstida vere akseptabel.
Christel Sverre er framleis på utkikk etter ein god stad å halde utstillinga, og vil gjerne ha hjelp frå publikum.
– Vi er ute etter eit stort lokale med den rette infrastrukturen til å stille ut kunst. Slike lokale er det ikkje mange av i Trondheim. I tillegg bør det vere så sentralt som mogleg. Eit alternativ er å dele opp utstillinga i fleire lokale, slik at kvar student blir plassert på kvar sin stad rundt om i byen. Men helst vil vi ha ei samla utstilling.
Vil helst ha eitt lokale
Kunststudentane Brenne og Perry kjenner til planane om å spreie utstillinga til uilke stader i byen, men Perry er ikkje sikker på om ei slik løysing vil vere den beste.
– Det er klart at det kan vere ein interessant situasjon at vi stiller ut på ulike stader i byen samstundes, men som sagt veit vi førebels ingenting. Dessutan vil jo publikum måtte gå byvandring for å få med seg heile utstillinga, og slik vil vi nok misse mange besøkande.