Lunt og alvorleg om einsemd
Les anmeldelsen av boka som får deg til å le og nesten til å grine.
BOK
Foto: KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD / JO FORTERE JEG GÅR, JO MINDRE ER JEG / CAPPELEN
Eg var entusiastisk då eg tok fatt på Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg av Kjersti Annesdatter Skomsvold. I debutromanen sin har ho gitt hovudrolla til ei gammal dame som heiter Mathea og er redd for å døy. Antakeleg påvirka av mangfaldige timars arbeid i eldreomsorgen, traff dette temaet meg allereie før eg opna boka.
Mathea gifta seg med Epsilon rett etter ungdomsskulen, og levde i lag med han heile livet. Epsilon var intenst interessert i matte og statistikk, derfor kjælenamnet. I Epsilon hadde Mathea verdas beste venn, og kjærleiken mellom dei to er glimrande formidla av forfattaren. På dette området finst det ingen klisjear, men derimot realistiske skildringar av søte og ganske klossete episodar som gjer at sympatien for Mathea blir stor. Mathea går og ventar på at Epsilon skal pensjonere seg, men den dagen det endeleg skjer, døyr han.
Etter mannen sin død blir ho heilt åleine, ho har ingen andre vener. Faktisk virkar det ikkje som om nokon veit at ho eksisterer ein gong. Dette tek til å bekymre henne; tenk om ho døyr utan å ha etterlate seg eit einaste lite spor? Mathea bit etter kvart i seg meir og meir av den sosiale angsten sin, og tvingar seg sjølv til å oppsøke andre menneske. Gjennom heile boka kan ein ikkje unngå å synest synd på henne, men i desse episodane gjer det direkte vondt å lese om kor hardt ho prøver og tilsvarande feilar.
Det at temaet i boka, døden, er alvorleg og til og med skremmande, står ikkje i vegen for ein humoristisk tone. Vi får innblikk i alle tankar og vurderingar Mathea kjem med, og dei stemmer sjeldan overeins med røyndommen. Ho er i dei aller fleste tilfella ufrivillig morosam. Dette resulterte i høg latter og kontinuerlege fniseutbrot medan eg las.
Kjersti Annesdatter Skomsvold har nesten lukkast med å skrive ein roman som er fri for oppbrukte situasjonar. Ho lukkast likevel ikkje fullstendig, for dei aller siste sidene framstår som ein einaste stor klisjé for meg. Men i grove trekk fungerer boka godt.
Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg får deg til å le og nesten til å grine. Etter å ha lese boka veit eg at hovudpersonen, Mathea, er ei dame eg ikkje kjem til å gløyme med det fyrste.