Melodiøst nettroll

Torodd Wigum er yrkesmusikar og dirigent. Fyrst det siste året har han for alvor byrja å fundere på kva musikk er og skal vere.

Publisert Sist oppdatert

Ljodsporet byrjar med strykarar og nokre djupe messinginstrument som set rytma i dansen. Verket stig raskt eit brøl med heftig melodi, men fell like fort ned att frå kvervelvinden vi er inne i. Stykket er Torodd Wigum sitt fyrste val til sniksymfonisering, «Ungarsk Dans nr. 5» av Brahms for orkester.

Fakta

Aktuell med:

Frilansdirigent og husdirigent for Trondheim Symfoniorkester, TSO. Vann Årets kulturpersonlegdom 2015.

Din kulturelle akilleshæl?

«Without you» med Maria Carey treffer meg rett i hjartet kvar gong. Det trur eg ikkje kona mi veit eingong.

Råd til trondheimsstudenten?

Studentar må få med seg tre ting: Besøke tårnet på Nidarosdomen, Rosenborgkamp på Lerkendal og konsert med TSO, gjerne film- og dataspelmusikk i November.

Beste kulturelle oppleving?

Den som har rørt meg mest siste året er var ei forestilling med Fargespill. Det er eit fantastisk prosjekt som jobbar med å inkludere framandkulturelle barn og unge. Eg heiar veldig på dei.

Kva er din kamp?

Eg er veldig oppteken av situasjonen og kampen rundt auken i flyktningar. Det svingte raskt frå openleik i sommar over til ei hardare linje i løpet av hausten.

— Ideen til sniksymfoniseringa er å publisere noko vakker musikk i hatske og dystre kommentarfelt på sosiale medium. I haust var det mykje merksemd rundt flyktningar og Aust-Europa, og då fall denne ungarske dansen meg inn.

Nettrollet Wigum

Sniksymfonisering skal vere eit våpen når ein manglar ord, og musikken skal vere ei motvekt til ondsinna kommentarar. Ideelt sett skal tematikken i musikkstykket passe til kommentarfeltet og gjerne bringe humor og noko til ettertanke inn i hatske debattar. Målet er å alltid ha eit symfonisk verk i baklomma til alle høve.

— Eg har ofte brukt Morgenstemning i debattar om flyktningar. Den er noko av det norskaste vi har, ein tenkjer umiddelbart på kyr og mjølkesjokolade. Grieg har derimot skrive stykket som ei skildring av ein afrikansk soloppgang til Peer Gynt.

Sniksymfoniseringa er også eit forsøk på å få lurt inn symfonisk musikk i kvardagen. Det er ikkje sjangeren folk blir overausa med på radio eller nett, festar og spelelister. Likevel er ikkje prosjektet einsamt.

— Det er verva ganske mange gjennom facebookgruppa #sniksymfonisering. Vi byrjar å bli ei stor og fin sekt der no, snart 3000 medlemmer.

Symfonisk optimisme

I tillegg til engasjementet mot nettroll er Wigum frilansdirigent og husdirigent for TSO. Som gjennomsnittspublikumet sitt, har han grått hår og passar i brungrå blazer. Han skildrar seg sjølv om utøvande musikar, og lurar på om mangelen på eigne komposisjonar er ei følgje av at han ikkje har noko særleg på hjartet.

— Eg trekkjest meir mot den utøvande sida. Det er så mykje fin musikk som er skriven, og eg vil gjerne vere med å skape den på nytt til nye lyttarar.

Det er optimisme å spore på vegner av den klassiske musikken i Wigum. Han verkar forsona med at det eldre publikum er målgruppa.

— Symfonisk musikk kan fungere som ei motvekt til vårt stadig meir omskiftelege liv, kvar vi hoppar frå inntrykk til inntrykk. Sjangeren kanskje ikkje er for den mest rastlause delen av livet?

Lyttaropplevinga

Dirigenten innrømmer at det er fyrst det siste halve året han verkeleg har byrja å tenkje over kva musikk er, og skal vere. Det kan absolutt vere underhaldning, nokre bakgrunnstonar på ein liten kafé, eller ein assosiasjon.

— Musikken har også ein funksjon utanfor dette. Eg trur at mykje musikk er skriven for å skildre livet og dei ulike sidene av det. Symfonisk musikk ofte historisk musikk som tyder noko for oss i dag også.

Til trass for åtvaringar om at musikkstudiet kunne minske evna til å lene seg tilbake og nyte kunsten, påstår Wigum at han ikkje har mista gleda av musikken. Ofte er lyttaropplevinga endra av teknisk kunnskap, spesielt i jobbsamanheng, men han kan framleis kople av med musikk. Typisk for ein musikar har han ingen favorittsjanger.

— Det blir nok eit klisjesvar: Alle kan vere bra. Det finst berre bra eller dårleg musikk, er det ikkje slik?__

Powered by Labrador CMS