Mot til motkultur
Kva er det med Bylarm-festivalen som provoserer til skipinga av ein motfestival?
KOMMENTAR
For 25 år sidan fann Blitz-rørsla vegen til Pilestredet, etter fleire husokkupasjonar i hovudstaden. Okkupasjonane spreidde seg raskt til fleire store byar i Noreg, og i november 1981 tok motkulturen seg inn i Kjøpmannsgata 28 i Trondheim. Ungdom For Fri Aktivitet var starta. Ikkje lenge etter brann bygget ned. Men gjennom forhandlingar med kommunen fekk UFFA ein ny tilhaldsstad i ein nedlagd barnehage på Lademoen. Den same anarkistinspirerte motkulturen blir halden i hevd idag, og det hittil siste framstøtet frå austkanten er Spylarm.
Med Bylarm laga musikkpiffen fest i Trondheim, og tok med seg dei fleste som kan klunke og klimpre i landet. For å vere med på moroa måtte du sjølvsagt betale ein høveleg sum, og vere gammal nok til å kjøpe alkohol. Raddisane i UFFA såg helst at ein ikkje skulle vere nøydd til å gje særleg rundhanda for ein billett, og at nestenvoksne også burde ha tilgjenge til arrangementet. Resultatet blei ein motfestival med namnet Spylarm.
UFFA meiner at Bylarm har gått bort frå utgangspunktet sitt. Tilstellinga starta i 1998 etter inspirasjon frå det engelske strategiseminaret «In the City» og det svenske «PopStadt». Gjennom fagseminar og konsertar frå lovande band skulle fagfolk og musikkbransjen dele idear og kunnskap. På denne måten skulle gode norske artistar få hjelp til å slå gjennom nasjonalt og internasjonalt. Det er vanskeleg å sjå noko kritikkverdig eller provoserande ved dette.
Men i desse dagar handlar Bylarm meir om reklame og staffasje enn musikk, meiner UFFA. Det vart brukt over 12,5 millionar på tre dagar, og heile to tredelar av finansieringa kom frå sponsor- og salsinntekter.
Desto meir provoserande vart det for dei at arrangementet vart heldt på Svartlamoen, ein bydel kjent for undergrunnsrørsler og radikalisme. Under Bylarm vart den brukt som tilhaldsstad for kommersielle aktørar til å fremje kommersielle verdiar.
I pressemeldinga for motarrangementet peikar UFFA på korleis Bylarm i stor grad er for publikum over atten – altså inntektsbringande ølkonsumentar. Samstundes har Bylarm fått godt over millionen i kulturstønad. Ein stønad som altså nesten utelukkande kom dei øldrikkande og pengebrukande personane til gode.
Men Spylarm har, heldigvis, ein kraftigare agenda enn å mobilisere til motstand mot ein festival på blindspor. Dei ønskjer også å vise dei banda som er utdefinert av Bylarm. La Casa Fantom, Ubehag, Death Is Not Glamorous og Ella Guru er blant artistane som heldt konsert i helga. Ved å halde dette arrangementet gjer ikkje Spylarm berre ei politisk ytring, men dei tek også ansvaret som Bylarm forsømmer: Å presentere den fantastiske breidda i norsk musikkliv.
Bylarm driv meir med kulturhandel enn kulturskaping. På mange måtar er det UFFA som står att som dei verkelege kulturskaparane.