Musikalsk tidsfordriv
Litteratur: Et Bra Band av Anders Bortne, Tiden forlag
Vi møter Jonas i det han returnerar frå eit år i utlendingskap. Frå tidlegare har han eit trøblete forhold til rockemiljøet i Bergen, men kompisane maktar å overtyde han til å byrje i bandet deira «The Seculars».
Foto:
Jonas er hovudpersonen i boka, og vi opplever alt gjennom hans auge. Vi blir vitne til korleis The Seculars utviklar seg frå å vere eit garasjeband utan spelejobbar, til frelsarane av norsk rock på ni månader. Dette går såpass snøgt at eg har vanskeleg for å tru på det. Vi følgjer bandet gjennom innspeling av plate og påfølgjande turne.
Forfattaren teiknar gode bilete av det norske musikkmiljøet, og det er ikkje vanskeleg å tru på det han skriv. Midt oppi konsertar og sniffing av kokain frå dasslokk, får vi også skildra ei litt sår og klumsete kjærleikshistorie. Jonas har vanskeleg for å forhalde seg til eks-kjærasten Liss, men finn i løpet av romanen fram til kva han vil.
Bortne skal ha ros for å ha skapt ei dynamisk historie i sitt første forsøk som forfattar, og dei nærare 400 sidene går fort unna. Du blar deg i alle fall fort over dei tre svært unødvendige sidene med pinleg sexskildring. Språket er jamt godt, men skjemmast av eit litt vel «hipt» ordforråd. Det kan tykkjast som om Bortne prøver litt for hardt å vere like rocka som bandet han skriv om.
Boka varer dessverre ikkje noko særleg utover det som står mellom permane. Den er lettlest og ganske underholdane, men ikkje spesielt spanande. Retten til å lage film av boka er allereie seld, så kanskje norsk film får noko meir ut av plottet.
Lettlest frå forfattar-debut, men dessverre ikkje engasjerande nok. Kanskje eit bra band, men ei midt på treet bok