Nesten, men ikkje heilt

God dialog og dyktige skodespelarar lyftar norske Upperdog, i følgje vår utsendte.

Publisert Sist oppdatert

Film

Upperdog - Sara Johnsen

Upperdog er ein film om tilfeldige personar som ikkje har så mykje til felles, anna enn at alle har sine eigne personlege historier å fortelje. Per har vore i Afghanistan og opplevd krigen på nært hald, medan Maria frå Polen er i Noreg og tenar pengar for å kunne forsørgje sonen som er igjen i heimlandet. Og så har vi Yanna og Axel, to halvsøsken som vart skilt frå kvarandre då dei kom til Noreg som adoptivbarn. No er dei vaksne, og har levd utan kvarandre sidan dei kom til landet. Alle fire slit på sine måtar med det livet har å by på, og sakte men sikkert, medan vi blir betre kjent med karakterane, blir dei òg betre kjent med kvarandre. Det er ein film der dei små trådane vert vevd i hop, eit grep vi har sett i så mange filmar tidlegare, men som, når ein gjer det rett, stort sett fungerar.

At handlinga i filmen ikkje er revolusjonerande, betyr ikkje at filmen er dårleg. Det set berre større krav til andre element i filmen, og i Upperdog er det dialogen og skodespelarane som verkeleg leverer varene. Manuset er velskrive, og det let ikkje karakterane prate i veg utan mål og meining. Setningane er direkte og ærlege, og det er herleg å sjå ein film som gir deg tid og moglegheit til å sanse stemninga og det som skjer på lerretet gjennom andre ting enn stemmebruk. Dette opnar meir for små blikk og handlingar, som i mange samanhengar viser kjenslene tydelegare enn ord.

LES OGSÅ: Intervju med Herman Sabado fra Upperdog.

Den som er dritlei av å sjå norske filmar med Ane, Aksel, Pia eller Nicolai i hovudrollene, kan òg puste letta ut og finne seg godt til rette i kinostolen. Det næraste ein kjem eit kjent TV-tryne i denne filmen er Kjersti Holmen i ei lita birolle, og dei som har sett «Fritt Vilt 2» og «Nord» vil nok òg dra kjensel på ekssoldaten Per. Når det er sagt må det seiast at skodespelarane som er medverkande i denne filmen leverer solide prestasjonar. Dei skildrar karakterane på ein ekte, personleg og utilgjort måte, noko som gjer det lett for publikum å få eit personleg forhold til, og kome ordentleg inn på, personane i filmen. Brødreforholdet mellom Per og Karsten er glitrande, og eg kan ikkje hugse sist eg såg ei slik ekte og god framstilling av søskenforhold på film.

Likevel er det noko som for meg ikkje stemmer heilt. Plutselig finn vi Yonna, som elles i filmen er framstilt som avbalansert og fornuftig, i ei bakgate der ho supar på ei vodkaflaske medan ho brenn bål i ei tønne. Å plutseleg sjå henne i den settinga var rart, og det stemte ikkje med den karakterskildringa filmen hadde gitt av henne fram til dette tidspunktet. Det er merkeleg å sjå eit slikt karakteravvik i ein film der resten av karakterskildringane er så gjennomførte.

Undervegs i filmen tok eg meg sjølv i å leite etter spaningselement, og det var som om det som skjedde på lerretet ikkje var nok til å få meg med på den store heisaturen. Det er ikkje det at handlinga er dårleg, den er berre ikkje av eit slikt kaliber at eg let smågodtposen stå i fred for å få med meg den minste detalj. Og når alt anna i filmen fungerar så godt, merkar ein ekstra godt det som er fråverande; originalitet og spaning. Dette kunne gjort denne filmen til årets norske storfilm. Likevel må filmen totalt sett seiast å vere ein av dei betre den siste tida, og fin karakterskildring, glitrande dialog og gode skodespelarar fører til at Upperdog er verdt kinobilletten.

Powered by Labrador CMS