Sjelelaust frå Madrugada

Madrugada rocka Samfundet i går kveld. Men verken publikum eller bandet var heilt med.

Publisert Sist oppdatert

Storsalen var nesten full på Madrugada sin ekstrakonsert i går. Både studentar og godt voksne trønderar hadde betalt den stive billettprisen for å få med seg ein av konsertane i avskjedsturneen til bandet.

Etter ein lang intro starta Madrugada konserten med Whatever Happened To You, ei melankolsk låt som gjorde at dei ikkje heilt fekk med seg fansa på første rad. Berre to-tre blodfans i venstre hjørnet heldt koken (nesten) heile låta ut.

Sivert Høyem er heilt klart ein av Noregs beste mannlege vokalistar, med ei stemme som spenner frå ein djup bass til ein rein og klar falsett. På låten Strange color blue var alt av intro ei rein pinsle før Høyem song det første ordet med denne særeigne stemma som gav publikum frysningar på ryggen. Scena var sjølvsagt bada i blått lys for å setje stemninga. I snakkedelen av songen låg gitaren og pirkar i overflata med eit heilt fantastisk riff. Ein kan og trekkje fram Honey bee som hadde ei fin oppbygging og var særs godt gjennomført med Høyem og gitaristen i samspel på halvakustiske gitarar.

I midten av konserten kom nokre av hitane, først ut var Hands up, I love you, der det mest imponerande var den eine gitaristen som plutseleg skifta instrument til Hammondorgel og el-piano. På slutten av låta gjekk han over til gitar igjen. Etter ein intro som skulle lure publikum til å tru at det var ei anna låt, snudde Høyem seg plutseleg og byrja å synge den obligatoriske Majesty. Alle kjærastepara vart plutseleg ekstra kjærlege, medan gitaristen var borte og spelte piano igjen. Men tempoet i låten var ekstra seint, slik at den vanlegvis nydelige balladen vart veldig seig.

Tendensen med eit lite engasjert publikum såg ut til å vare gjennom heile konserten. Til tross for at Sivert Høyem dansa rundt på scena som ein sprellemann, og begge gitaristane imponerte stort, fekk dei ikkje med seg publikum. Kanskje hadde dette noko å gjere med at bandet såg ut til å ha ein veldig dårleg kommunikasjon. Rett nok var dei samspelte, men nokre gongar såg det ut som fem soloartistar, og ikkje eit band. Til dømes byrja ei av dei siste låtane The Doors-inspirert med orgel- og gitarsolo, men munna ut i ein einaste stor jam, som fekk publikum til å kjede seg.

Madrugada avslutta konserten med det Høyem kalla ei av verdas beste rockelåtar - You can't put your arms around a memory av Johnny Thunders. Denne tileigna dei Robert Burås. Sjølv om låten ikkje akkurat var i kjent Madrugada-stil, var den perfekt til Høyås si stemme. På den andre sida skal ein vel leite lenge for å finne ei låt han ikkje kan synge.

Etter dette var tydelegvis publikum lei, for mange gjekk før ekstranummera. Madrugada kom tilbake på scena heile to gonger, og spelte til saman i over to timar, dei leverte med andre ord tidsmessig. Likevel bar konserten sterkt preg av rutine, ein kan nærmast kalle det plankekøyring, og store delar var på grensa til kjedelig. Berre Høyem si stemme og til tider gitarsoloane gjorde konserten verd å få med seg. Så får ein berre håpe at Madrugada legg meir sjel i konserten i kveld.

Powered by Labrador CMS